Aftenbladet sine presser går varme om dagen med nyhenda om at bortimot heile det offentlege Rogaland har vorte tvungne i kne av dataviruset downadup.
Datavirus har angrepet sykehusene
Det som er litt ironisk i det heile, er at det er nettopp i denne sektoren det skjer.Altså ein stad der digital kompetanse strengt tatt burde vera godt utbreidd…i alle fall med tanke på at samtlege vidaregåande elevar no har eigen berbar.
Eg er diverre redd for at ein har teke alt for lett på nettopp den digitale kompetansen. Inntrykket mitt er at folk flest ikkje
tenkje spesielt mykje over korleis ein skal handtera ei datamaskin og innhaldet på han. Overflodsamfunnet, og bruk og kast-mentaliteten har og breidd seg til den digitale verda. Ein lastar ned det som er kult, utan å tenkje over ulempene med slik lite gjennomtenkt bruk av datamaskina si.
Sjølvsagt er ikkje dette noko som gjeld alle, men om eg hadde vorte beden om å gje eit anslag på kor stor del av til dømes dei vidaregåande elevane no til dags som strengt tatt ikkje burde ha fått hendene i ei datamaskin, trur eg nok at eg hadde havna på ca 80%. Bakgrunnen for nettopp dette er kor lite dei kan om, og til dagleg reflekterer over trygg bruk og det ein kallar nettikette.
Om tenergudane er med meg, så er videoen her tilgjengelag att når eg publiserer dette innlegget. Sjekk ut SAFT-online sin video om virus!



