Øystein Johannessen talar med store ord om integrering av IKT i styringsdokument og læreplanar som gjeld for skulen på ein skulekonferanse i Sverige. Det høyrest flott ut, og eg applauderer det alt eg kan! Men det er ekstremt langt i frå plan til praksis. Seinast i dag fekk eg (nok ein gong) erfara det.
Tidlegare har eg nemnd at eg har fått litt andre arbeidsoppgåver i skulekvardagen min, og no ser det ut som om eg kanskje er i ferd med å få eit oversyn av tilhøva.
Som einaste skule i Sandnes kommune, er arbeidsplassen min den einaste som har nettilgang via det trådlause nettet som hovudregel. Datarom finst ikkje på skulen. Kvardagen, det vil altså seie annankvar onsdag, med datatimar vert i stor grad nytta til å prøve å logge seg på nettet. Det går fort ein 15-20 minutt til nettopp slikt. Og det er berre med ei maskin.
Nå kan ein seie mykje om at kabla nettverk er betre enn trådlaust. Og ja…det er nok det. Men det betyr ikkje at trådlaust skal vere så til dei grader umogleg å ha med å gjera som det eg opplever. Men eg er ein tålmodig kar, og har bestemt meg for å gjere nett slik eg vert fortalt frå av dei høge herrar og fruer på kommunehuset.
Med 25 berbare datamaskinar som skal logga seg på nettverket samstundes, har det vore eit styr utan like å få gjort noko fornufteg i timane. I dag gjorde med det litt annleis. Medan størsteparten av elevane arbeidde med «vanleg» skule, tok eg ut ei gruppe på fem elevar slik at dei skulle kunne gjere produktivt digitalt.
Men kor lenge var Adam i Paradis? Av dei fem maskinane eg fann fram, var det to som fungerte. Det var rett og slett på «prøv-til-du-finn-ein-som-er-i-orden»-kjøret nok ein gong! Slik skal det ikkje vere. Det har også svenskane funne ut, og har snudd opp ned på heile hierearkiet.
Slik ting er no til dags, er det også heilt utenkjeleg for skular å ta i mot gamalt IKT-utstyr frå til dømes helseinstitusjonar slik som det vert gjort i Akershus. Ein ynskjer ein maskinpark som er så homogen som berre det. Helst skal alt ha eit flott HP-merke på seg.
Johannessen snakkar om innovatørar i skuleverket, men når arbeidstilhøva vert slik at det vert ein kamp å ta i bruk IKT i den daglege undervisninga, ja då trur eg sjølv den mest inspirerte innovatør vil sjå mørkt på det etter ei tid. Det kan nok vere nettopp slike frustrasjonar som gjer at fleire og fleire unge lærarar vel seg andre jaktmarker.
Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og størrelsar. Men dei av oss som hugsar då Brå brakk staven, kan også hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar på Massey Fergusson’s Gråtass: Elektrisk Bureau sin ’67-modell!
Difor er eg soleklar på det at når eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til å finne informasjon i skuledagen din, vert låst så til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja då kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja…) som støtte på golvet til den alt for lealause skrivepulten.
tilfeldig utsagn og bles dette opp med krigsoverskrifter for å selje avisar? Er det verkeleg slik at vi fortsatt er på eit 80-talsnivå når det kjem til å forklarar voldelege handlingar? Då eg vaks opp, vart ein voldsmann av å sjå voldelege filmar. At me ikkje hadde anna enn NRK på skjermen heime og mangla VHS-spelar, har nok gjort sitt til at eg ikkje har vorte ein kaldblodig drapsmaskin. Slik sett skulle nok norske styresmakter hatt pris for å ha forhindra mang ein skulemasaker!
Eit svensk selskap, 
