Tagged in: RSS

He du haure det jede?

Det ovantsåande er eit velkjend utsagn blandt eldre folk frå øvre Sirdal. Ein kan jamvel også høyra bortimot same utsegnet på flatlandet på jæren.

RSS har i mange år vore ei av mine hjartesaker. Heilt sidan Google fortsatt var heltar, og stod bak kanonprogram som Picasa og Google Reader, har eg vore ein fast brukar av denne opne nettstandaren.

I starten vart det til at eg nytta RSS til å fylgje med på veners bloggskriving. No til dags er det helst to behov som vert dekka.

Newsboat er ein terminalbasert RSS-lesar som eg nyttar (eg er linux-brukar. Debian.) Denne lesaren har eg kopla til programmet mpv. I Newsboat har eg putta inn alt eg er interessert i å sjå av Youtube-filmer. Newsboat sjekker så rundt på alle kanalane eg følgjer med på, og listar opp dei siste oppdateringane.

Newsboat – terminalbasert RSS-lesar. Her nytta for å sjå på Youtube. Reklamefritt.

FreshRSS er min go-to-lesar for å halda meg oppdatert på alt av tekst. Bloggar, avisar, kommunalt nytt, oppdateringar frå Regjering, Storting og departement, Reddit, teikneseriar….alt mogleg som har RSS-straum og som har litt interesse or meg, det puttar eg inn der.

Youtube har gøymd sine RSS-kjelder godt. Men andre, NRK, Stortinget og Regjeringa, har gjort dei ganske godt tilgjengelege.

Mange stader finn du RSS-ikon du kan klikke på, for å finne RSS-addressa.

I min nettlesar, den norske Vivaldi, finn nettlesaren ofte ut om det er RSS-kjelde på nettsida. Då poppar det opp eit lite ikon i adressefeltet. Det heilt til venstre under. Prikken med dei gråe regnbogane.

Nettlesaren har jamvel også ein innebygd RSS-lesar.

Men det som var utgangspunktet for akkurat denne vesle bloggposten, var helst at eg i dag gjorde noko eg har fundert på lenge. Eg vil gjere det letare for vener og kjende å nytta nettopp RSS.

Så eg registrerte domenet jede.no. Med utgangspunkt i det gamle uttrykket “he du hare det jede?” “Har du høyrt det?”.

Med lagring hjå den gamle Sirdølen Sturla Josdal, i hans Subsys.no, fekk eg ganske raskt ei lita nettside opp og gå, der ein kan registrera konto. Då har ein med eitt ei nettside å sjekke RSS på. På Android-telefonar, kan ein installera denne nettsida, slik at ho ser ut som ein “vanleg” applikasjon på telefonen.

Så har du ikkje testa RSS-før…..vel….du kjem til å få eit mykje betre liv. Slutt på å bli eksponert for all slags reklame. Ikkje meir vidareklikking på andre ting. Kjapp oppdatering på siste nytt.

For dei med over snittet stort interesse for Sirdal og nærområda, har eg samla saman ei fil du kan importera inn i nettløysinga på jede.no med eit godt utval av RSS-kjelder som omtalar Sirdal.

Spørsmålet er berre: do you choose the blue pill, or the red pill?

RSS i 2025

Store Norske Leksikon har ein artikkel om RSS som eg tykkjer treng litt oppdatering. Så eg sende artikkelforfattaren ein liten notis. Så får ein sjå om det har noko å seie…

Hei.

Las akkurat gjennom teksten din om RSS på SNL.no (https://snl.no/RSS)

Den norske nettlesaren Vivaldi (basert på Chromium) har RSS-lesar integrert.

I tillegg får du opp RSS-kjelder på ein veldig oversikteleg måte.

Verdt å nemna om RSS, som eg saknar, er at Youtubekanalar er RSS-kjelder.

Handelshøgskulen, BI, sin RSS-straum på Youtube, er til dømes: https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCkD68_FrlQ7BvZi3VcpjOPw

Musikkinteressert? Kva med Jacob Collier i RSS-lesaren? https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCtmY49Zn4l0RMJnTWfV7Wsg

I dagens medierte verd, der kjeldekritikk er vorte meir og meir aktuelt, synest eg og det er verdt å nemne både Regjeringa (https://www.regjeringen.no/no/sok/id86008/?term=rss) og Stortinget (https://www.stortinget.no/no/Stottemeny/RSS/) sine RSS-løysingar. Her kan eg få forsvar, landbruks eller utdanningsnytt rett i frå hovudkjelda.

Eg les nyhende utelukkande via min RSS-lesar, vha. FreshRSS. Då får eg kjapt overblikk, og treng ikkje utsetta meg unødig for reklame og “neste, neste, neste”.

Youtube ser eg og vha. RSS. Eg har putta RSS-straumane til kanalane eg følgjer, inn i programmet newsboat (linux). Dette hentar ned nye videoar, og eg kan sjå dei utan å verte freista av andre clickbaits…..OG eg slepp reklamen!

Det er godt for sjela….

RSS – eit nettliv utan reklame

RSS er måten eg held meg oppdatert på store og små ting via nettet på. Det har det vore i mange år.

Alle fyrst var det Google Reader som gjaldt. Det var før Google vart…onde? Så la dei ned Google Reader. (Picasa, verdas beste bilethandsamingsprogram og, men det er ein anna bloggpost). Ut av det fekk me Feedly. Feedly finst som både nettside, og applikasjon til telefonen. Og det fungerer fint.

Men, og i 2025 er dette eit stort men. Feedly er ei sentralisert teneste som andre har kontroll på. Dei kan altså gjera som dei vil med tenesta. På godt og vondt. Det likar eg ikkje.

Så dermed byttar eg ut Feedly også. Med Newsboat. Newsboat er fantastisk! Newsboat er tekstbasert. Og med Newsboat kan eg og putta inn dei kanalane eg er interessert i på Youtube, og sjå dei der (men igjen, ein anna bloggpost). Bakdelen med Newsboat er at eg ikkje (så lett) kan nytta det på smarttelefonen. Resultatet her, er at Youtube får leva vidare i Newsboat, medan eg tek med meg alt av tekst vidare, på leit etter nok ein RSS-lesar.

Mine RSS-kjelder innanfor kategorien "Nyhende"

Og då er me komne fram til løysinga i 2025. FreshRSS.

FreshRSS er som Google Reader, Feedly og Newsboat eit program som sankar inn alt eg har av RSS-kjelder, og presenterer dei for meg på ei side, slik at eg slepp å klikka meg rundt på alle bokmerka for å sjå etter oppdateringar.

Berre i kategorien “nyhende” har eg eit relativt stort utval som leiter etter siste nytt. I tillegg kjem hobby-kjeldene, kjeldene som har med borna mine å gjere (skule, fritid etc), bloggar (ja…nokon driv med det også i 2025) og ei rekke ukategoriserte kjelder som…ja…det kan jo vera nokon (1, 2) skriv på bloggen sin att ein gong?

Etter at Politiet tok til vitet og droppa TwitterX til fordel for eigen….PLOG(?), har også dei moglegheiten for RSS att. Noko som gjev innbyggjarane betre tilgang til informasjon. Det må vel vera målet i eit demokrati?

NRK har ei oversikt over sine RSS-kjelder som du kan følgje. Her er det mykje å velgje i. Ikkje alt er like interessant. Sports-RSS’en kan du til dømes ha for meg…

Stortinget har og ei fantastisk løysing der du kan plukke ut kva du enn måtte ha av interesse politisk. Med desse går du altså rett til kjelda, i staden for å få sakene presentert av NRK/TV2/Aftenposten/Aftenbladet/VG/Dagbladet.

FreshRSS er noko eg kontrollerer sjølv. Eg har ei lita datamaskin som står på heile tida. Det er min vesle datapark. Til å starta med installerte eg FreshRSS på ei datamaskin åleine. Men eg “treng” fleire program. Difor har eg installert linux debian-versjonen Yunohost, og deretter installert FreshRSS. Andre RSS-lesarar er og tilgjengelege her, men eg har endt opp med den.

Sidan FreshRSS lev i nettlesaren, kan eg jukse til det, slik at det på telefonen ser ut som eit eige program, medan eg nyt heile web-grensesnittet på PC’en.

FreshRSS er publisert under GNU Affero GPL v. 3-lisens. Dette tyder at dei som har laga programmet fortsatt har rettane til det, men samstundes kan dei som nyttar programmet (eller andre interesserte) delta i vidareutviklinga av det.

Å ha FreshRSS som ein liten jegar i den digitale ville vesten, som kan jakte på informasjon for meg, sparar meg for tid, klikk, reklame. Det fordrar dog at overskrifter er gode, og ikkje er “clickbait”.

Til slutt i denne bloggposten, har eg putta inn RSS-kjelda frå https://www.sirdal.kommune.no. Alt etter når du les denne bloggposten, vil dei fem linjene med siste nytt frå Sirdal kommune, syna ulike ting.

PS. Mikrobloggingstenesta Mastodon, og andre løysingar inne i Fediverset, har og RSS-kjelder…. I Mastodon sitt tilfelle, kan du berre legg til .rss bakerst i adressefeltet.

https://snabelen.no/@dalstroka.rss

Fridom

Etter at eg har gjeve slepp på Facebook sitt klamme grep, har eg fått tid til å sortera i alle RSS-kjeldene mine. Det var lenge etterlengt.

Etter årevis med prokrastinering av all slags kjelder til kunnskap og opplysning på nettet, har det nok vorte mange daude lenker etterkvart.

Med ein Raspberry Pi 4 som det sentrale bindeleddet i den digitale heimen her, har eg no ein digital aviskiosk som eg kan stikka innom med jamne mellomrom. Då har han oppdatert seg med siste nytt i eit meir leseleg format enn den reklamebombanderte webben ellers kan tilby. Noko som kanskje mest av alt minner om gode, gamle tekst-tv.

Men eg kjenner at ei digital verd der EG i større grad kontrollerer kva som skal flimre forbi meg av bits og bytes er rett veg og gå. Ikkje minst fordi eg har kontroll på “contentet” mitt, antan det er tekst eller bilete.

Mitt stalltips er altså å ta til å nytta den moglegheiten som ligg i RSS. Då slepp ein å utsette seg for fullt så mykje reklame som elles…og ein får ein meir effektiv digital kvardag.

RSS

RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.

Likevel er det eit men.

Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha “Google Leser (130)” framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.

Eg har no redusert talet frå 174 til “berre” 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.

Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.

Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.