Tagged in: informasjon

Me har stellt oss fint

Cecilie Langum Becker har skrive om sitt daglege digitale angstanfall på NRK.no. Eg kjende på eit behov for å driva litt opplysingsarbeid, i von om å desentralisera verda. Så eg skreiv ein e-post til henne. I mangel av NRK-æppen.

Me har stellt oss fint, har me ikkje? Eg trur forøvrig du gløymde MyKid oppi det der.

Men kva hjelp det å lage liste med mobilapplikasjonar eigentleg? Er det eigentleg dei som er problemet?

Eller er det latskapen vår? Mangelen på mot til å seie «Nei, no er det nok?»

La meg nytta meg sjølv som døme.

Eg er over snittet interessert i desse tinga (lærar med IKT i læring), og har gått for open kjeldekode. Desentraliserte løysingar!

Eg nyttar hovudsaklig tre ting i min digitale kvardag.

  1. E-post
  2. RSS
  3. Mastodon

Frå e-post får eg informasjon frå skule og barnehage. Sjølv om eg arbeider som lærar, på den skulen eg får informasjon om mine born frå, har eg heilt medvite kutta ut Visma. Det same med MyKid i barnehagen. Kvifor skal den offentlege skulen/barnehagen nytta private aktørar til å gje meg som føresett informasjon? Begge hadde heimeside med RSS-moglegheit. Skulen har endå det (mykje på grunn av mi eiga rolle der….), men barnehagen droppa det. Eg fekk meg jo ein heftig disputt med leiar i barnehagen på bakgrunn av dette, men får no altså månadsbrev på e-post.

I støttemateriellet til rammeplanen hjå Udir, kan ein nemleg lesa at «Foreldresamarbeidet skal både skje på individnivå, med foreldrene til hvert enkelt barn…».

«Individnivå» altså. Då KAN ein ikkje utelukka, og krevje at føresette skal oppretta konto hjå ein privat aktør.

Og så; RSS.

Her får eg dekka informasjonsehovet mitt, og vel så det. Heilt reklamefritt. Utan å ende opp med doomscrolling. Fordi; det tek faktisk slutt! Når eg klikker «Lest alt», så er det ikkje meir å hente der…..før ein av leverandørane mine legg ut noko nytt.

Eg har pr. i dag rundt 150 ulike kjelder i kjeldelista mi. Fordelt på kategoriar eg vel. Som oppdaterer seg så ofte eg vil. Eg får lokalnytt frå mi lokale avis, kombinert med det NRK gjev meg frå sitt lokalkontor på Ullandhaug. Eg får skuleinfo for to born der. Eg får oppdatert musikknytt på dei artistane eg likar, også frå Youtube….fordi Youtube er nettopp det…..ei stor kjelde med RSS-kjelder:

Men dette er godt skjult sjølvsagt, fordi Youtube nok VIL at ein skal nytte æpp og nettside. (Så kan ein spørje kvifor NRK «måtte» lukke podcastane inn i ein «æpp»….!?)

Her er OsloMet si RSS-kjelde på Youtube.

NTNU sin.

UiS.

Ja….du skjønar poenget.

Skriv https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id= og legg kanal-ID’en til Youtube-kanalen inn bakerst, så treng du aldri meir besøka youtube.com.

Eg har hobbyar der, bloggar, beredskapsting (HRS, DSB, FHI, NSM, trafikkmeldingar, varsom.no…). Politikk, sjølvsagt. Stortinget.no og Regjeringen.no er dritgode på RSS, visste du?

Alt eg treng har eg i RSS-kjeldene mine. Bortsett frå barnehage då….

Hovudpoenget er at eg styrer alt dette sjølv. Eg kan seie kor ofte ei kjelde skal oppdaterast. Eg kan seie korleis eg vil at denne skal vise meg nye ting.

Og. Det. Er: REKLAMEFRITT. Og open kjeldekode.

Så er det det sosiale. På nett.

Eg er ikkje på Facebook. (…lengre….) Ikkje på Twi….X, ikkje instagram, tiktok, snapchat. Og eg har eit nydeleg indre sjeleliv!

Eg nektar rett og slett å vere ein del av det som bidreg til at desse aktørane styrar verda. Ikkje ein gong Windows eller iOS nyttar eg, men linux (det er MANGE slag)! På grunn av det proprietære. På grunn av at dei sentraliserer alt. Hjå seg. For så å utnytte det, og oss.

Men det er ein ting. Ein «guilty pleasure» om du vil….

Mastodon.

Igjen, som e-post og RSS; desentralisert, reklamefritt og (ikkje minst) algoritmefritt!

Sjå på det som nettopp e-post. Alle kan senda e-post til kvarandre. Eg MÅ ikkje ha e-post hjå nrk.no for å sende epost til deg no, til dømes. (Sjølv om de er blitt flinke på å gøyme vekk e-postane, til fordel for den F*ings æppen! Jepp.. NRK er ein del av problemet.) Om eg vil, KAN eg ha ei maskin i huset mitt, som snakkar med alle andre maskinar som køyrer same programvare.

Høyrest kjendt ut?

Ja.

Internett…..

Så slik går no dagan.. Mine.

Tro, håp og kjærleik.

Kaspar, Melkior og Baltasar.

Per, Pål og Espen.

Eller e-post, RSS og mastodon.

Det er alt eg treng.

Eg har ikkje behov for 11 disiplar, å metta 5000 med brød og fisk, eller 10.000 følgjarar på Instagram.

PS. Gary Turk har kome med ei oppdatering

RSS – eit nettliv utan reklame

RSS er måten eg held meg oppdatert på store og små ting via nettet på. Det har det vore i mange år.

Alle fyrst var det Google Reader som gjaldt. Det var før Google vart…onde? Så la dei ned Google Reader. (Picasa, verdas beste bilethandsamingsprogram og, men det er ein anna bloggpost). Ut av det fekk me Feedly. Feedly finst som både nettside, og applikasjon til telefonen. Og det fungerer fint.

Men, og i 2025 er dette eit stort men. Feedly er ei sentralisert teneste som andre har kontroll på. Dei kan altså gjera som dei vil med tenesta. På godt og vondt. Det likar eg ikkje.

Så dermed byttar eg ut Feedly også. Med Newsboat. Newsboat er fantastisk! Newsboat er tekstbasert. Og med Newsboat kan eg og putta inn dei kanalane eg er interessert i på Youtube, og sjå dei der (men igjen, ein anna bloggpost). Bakdelen med Newsboat er at eg ikkje (så lett) kan nytta det på smarttelefonen. Resultatet her, er at Youtube får leva vidare i Newsboat, medan eg tek med meg alt av tekst vidare, på leit etter nok ein RSS-lesar.

Mine RSS-kjelder innanfor kategorien "Nyhende"

Og då er me komne fram til løysinga i 2025. FreshRSS.

FreshRSS er som Google Reader, Feedly og Newsboat eit program som sankar inn alt eg har av RSS-kjelder, og presenterer dei for meg på ei side, slik at eg slepp å klikka meg rundt på alle bokmerka for å sjå etter oppdateringar.

Berre i kategorien «nyhende» har eg eit relativt stort utval som leiter etter siste nytt. I tillegg kjem hobby-kjeldene, kjeldene som har med borna mine å gjere (skule, fritid etc), bloggar (ja…nokon driv med det også i 2025) og ei rekke ukategoriserte kjelder som…ja…det kan jo vera nokon (1, 2) skriv på bloggen sin att ein gong?

Etter at Politiet tok til vitet og droppa TwitterX til fordel for eigen….PLOG(?), har også dei moglegheiten for RSS att. Noko som gjev innbyggjarane betre tilgang til informasjon. Det må vel vera målet i eit demokrati?

NRK har ei oversikt over sine RSS-kjelder som du kan følgje. Her er det mykje å velgje i. Ikkje alt er like interessant. Sports-RSS’en kan du til dømes ha for meg…

Stortinget har og ei fantastisk løysing der du kan plukke ut kva du enn måtte ha av interesse politisk. Med desse går du altså rett til kjelda, i staden for å få sakene presentert av NRK/TV2/Aftenposten/Aftenbladet/VG/Dagbladet.

FreshRSS er noko eg kontrollerer sjølv. Eg har ei lita datamaskin som står på heile tida. Det er min vesle datapark. Til å starta med installerte eg FreshRSS på ei datamaskin åleine. Men eg «treng» fleire program. Difor har eg installert linux debian-versjonen Yunohost, og deretter installert FreshRSS. Andre RSS-lesarar er og tilgjengelege her, men eg har endt opp med den.

Sidan FreshRSS lev i nettlesaren, kan eg jukse til det, slik at det på telefonen ser ut som eit eige program, medan eg nyt heile web-grensesnittet på PC’en.

FreshRSS er publisert under GNU Affero GPL v. 3-lisens. Dette tyder at dei som har laga programmet fortsatt har rettane til det, men samstundes kan dei som nyttar programmet (eller andre interesserte) delta i vidareutviklinga av det.

Å ha FreshRSS som ein liten jegar i den digitale ville vesten, som kan jakte på informasjon for meg, sparar meg for tid, klikk, reklame. Det fordrar dog at overskrifter er gode, og ikkje er «clickbait».

Til slutt i denne bloggposten, har eg putta inn RSS-kjelda frå https://www.sirdal.kommune.no. Alt etter når du les denne bloggposten, vil dei fem linjene med siste nytt frå Sirdal kommune, syna ulike ting.

RSS-feil: A feed could not be found at `https://www.sirdal.kommune.no/rss/wprss.php`; the status code is `404` and content-type is `text/html;charset=UTF-8`

PS. Mikrobloggingstenesta Mastodon, og andre løysingar inne i Fediverset, har og RSS-kjelder…. I Mastodon sitt tilfelle, kan du berre legg til .rss bakerst i adressefeltet.

https://snabelen.no/@dalstroka.rss