Tagged in: Politikk

Kommunen som mediehus?

I det siste har min heimkommune vore særs aktiv på “medie”fronten. Ikkje berre har dei skaffa seg konto på X. Den har og oppretta ein eigen blogg der gladnytt frå kommunen vert publisert. (Det er påfallande kor lite informasjon som dukkar opp der om kritikkverdige tilhøve, men det gjeld jo og generelt…)

Siste stuntet er å flytte ei lenke som tok deg til videoppotak frå politiske møte, vekk i frå kommunens offisielle side (https://www.sirdal.kommune.no), og over til denne bloggsida.

Er så det noko å bry seg med?

Ja. I alle fall når det vert lagd fram som om at dei “flytter” sendingane for å verte meir tilgjengelege, utan at det er det som er resultatet, meiner eg at det er det. Det vert framstilt som noko det ikkje er.

Politiske møte vert sendt ut på https://sirdal.kommunetv.no. På lik linje med politiske møte i Oslo, eller Sola.

Når min kommune går ut og seier dei vil konsentrera informasjonsflyten “til ei flate”, men aldri har hatt fleire flater å opphalda seg på (heimesida, Instagram, X, fleire Facebook-kontoar, denne nye “informasjonssida” OG eit magasin i papirform), så er det for meg noko som ikkje heng på greip.

Så på bakgrunn av dette, tok eg kontakt med relativt nytilsett kommunikasjonssperson i kommunen, Wikøren, for å formidla det eg meiner om det. (I tillegg til litt skikkelege medie også, sjølvsagt);

Hei.

Eg må seie at det som innbyggjar opplevest ugreit at lenka til sendingane i frå politiske møte vert “flytta” til XYZ.

xyz.kommune.no er gjennomarbeida URL i heile landet når det kjem til kommunal sektor.

At ein i Sirdal vel å “fjerne” dette til ei ekstern (men likevel intern?) bloggside, er lite klokt.

Sendingane føregår uansett ikkje på korkje sirdal.kommune.no eller sirdal.info, og det veit de! Å antyde noko anna er, i mangel av betre ord, “fake news”.

Så lenge det fortsatt er lenke til sendingane på sirdal.kommune.no, er det forvirrande å senda brukaren over til ei propagandaside for kommuenen. Politiske møte skal, og bør kunne oppdrivast på det som er kommunens offisielle nettside.

At dette trikset også direkte vil påvirka trafikken til XYZ er jo og noko ein kan stilla store spørsmålsteikn ved, utan at eg tek meg bryet med å gå inn på det akkurat i denne omgang.

Ein kunne like gjerne sendt brukaren til sirdalmedia.no, der dei så hadde lenka vidare til https://sirdal.kommunetv.no/. Akkurat det hadde paradoksalt nok vore meir logisk, då Sirdal Media faktisk er ei mediebedrift som har som oppdrag å formidla slikt, i skarp kontrast til kommunens konkurrent XYZ.

Det aller beste, mest logiske og etisk rette er jo likevel å formidle videostraumane direkte frå kommunens offisielle URL (sirdal.kommune.no) og til: https://sirdal.kommunetv.no/ Slik det har vore gjort før.

I staden velgjer Sirdal kommune å driva propagandajournalistikk på skattebetalaranes mynt?! Ein kunne i staden gjeve ei stønad til ei (eller fleire) uavhengige medie som kunne hatt som føremål å kritisk dekkja det som rør seg i Sirdal kommune…uavhengig av kva politisk parti som har handa på roret.

Akkurat det har jo og har vore oppe politisk tidlegare. Paradoksalt nok ville ikkje ordførar Liland vera med på det. Så ser ein jo i desse dagar at det har vorte svært populært med sin eigen “truth channel”…

Eg tenkjer vel at det er ein grunn til at over 5000 sjåarar følgde med på ei politisk sak. Og det handla ikkje om kvar videomøtene vert lenka i frå.

Mitt forslag: legg varslingssaka (som ingen snakkar om høgt) på sakskartet. Diskuter denne saka opent. Spør kvifor så mange tilsette i kommunen har slutta/flytta dei siste åra. Spør kvifor så mange har “pensjonert” seg, eller vorte forsøkt pensjonert av kommunedirektøren. Då tenkjer eg at det vert trafikk.

Så er det jo også eit spørsmål om det er det som er målet med å ha videomøte på nett. Å få sjåarar? Me er ~1800 innbyggjarar her…ikkje alle er myndige. Kvifor treng ein 5000 sjåarar?

I mitt hovud så er dette tiltaket eit demokratisk verkty i Agders største kommune i areal. Det er eit tiltakt for at fleire skal få med seg kva som skjer politisk. Eit verkty for at dei tillitsvalgde skal kunne haldast ansvarleg for det dei vedtek.

Problemet er, som me såg i siste TLM, at det er få saker som kjem opp politisk. Mykje vert “ordna” på bakrommet, utan at andre enn visse innvigde får innsyn i det. Då er ting særs vanskeleg å etterprøva. Det er ein uting!

Men i 2024 handlar jo det meste om “klikk” og “likes”.

Ah. Så var me visst komne til 2025…?

Ja de penga, ja de penga…

Knut Storberget vert i Dagens Næringsliv sitert med følgjande kommentar:

– Jeg har vanskelig for å forstå at man kan si nei til dette

Kommentaren kjem etter at Unio valde å ikkje godta tilbodet som kom frå Storberget & co i årets lønnsforhandlingar med politiet. Tilbudet ville gjeve fleire tusen polititenestemenn- og kvinner 40.000,- meir i året enn det dei har no.

Eg tykkjer at dette er eit sunt og fornuftig trekk i frå politiet. Ok…dei endar opp med det Storberget ser på som ein lusen avtale…foreløpig. Men ha dette i tankane; i finanskrisetider kan det jo vera greit med litt måtehald. Slik sett sparar politiet oss for 300.000.000,-. Eg trur og familiane til dei mange tusen handhevarane av loven er takksame for resultatet. Ein kan kjøpa mykje for dei 40.000, men ein kan ikkje på noko vis bøta på den tida ein misser med familiane sine. Tenkjer ein godt etter er det sikkert ein heil del skjulte utgifter i resultatet av at politiet må arbeida til alle døgnets tider.

Digitale lærarar som innovatørar?

Øystein Johannessen talar med store ord om integrering av IKT i styringsdokument og læreplanar som gjeld for skulen på ein skulekonferanse i Sverige. Det høyrest flott ut, og eg applauderer det alt eg kan! Men det er ekstremt langt i frå plan til praksis. Seinast i dag fekk eg (nok ein gong) erfara det.

Tidlegare har eg nemnd at eg har fått litt andre arbeidsoppgåver i skulekvardagen min, og no ser det ut som om eg kanskje er i ferd med å få eit oversyn av tilhøva.

Som einaste skule i Sandnes kommune, er arbeidsplassen min den einaste som har nettilgang via det trådlause nettet som hovudregel. Datarom finst ikkje på skulen. Kvardagen, det vil altså seie annankvar onsdag, med datatimar vert i stor grad nytta til å prøve å logge seg på nettet. Det går fort ein 15-20 minutt til nettopp slikt. Og det er berre med ei maskin.

Nå kan ein seie mykje om at kabla nettverk er betre enn trådlaust. Og ja…det er nok det. Men det betyr ikkje at trådlaust skal vere så til dei grader umogleg å ha med å gjera som det eg opplever. Men eg er ein tålmodig kar, og har bestemt meg for å gjere nett slik eg vert fortalt frå av dei høge herrar og fruer på kommunehuset.

Med 25 berbare datamaskinar som skal logga seg på nettverket samstundes, har det vore eit styr utan like å få gjort noko fornufteg i timane. I dag gjorde med det litt annleis. Medan størsteparten av elevane arbeidde med “vanleg” skule, tok eg ut ei gruppe på fem elevar slik at dei skulle kunne gjere produktivt digitalt.

Men kor lenge var Adam i Paradis? Av dei fem maskinane eg fann fram, var det to som fungerte. Det var rett og slett på “prøv-til-du-finn-ein-som-er-i-orden”-kjøret nok ein gong! Slik skal det ikkje vere. Det har også svenskane funne ut, og har snudd opp ned på heile hierearkiet.

Slik ting er no til dags, er det også heilt utenkjeleg for skular å ta i mot gamalt IKT-utstyr frå til dømes helseinstitusjonar slik som det vert gjort i Akershus. Ein ynskjer ein maskinpark som er så homogen som berre det. Helst skal alt ha eit flott HP-merke på seg.

Johannessen snakkar om innovatørar i skuleverket, men når arbeidstilhøva vert slik at det vert ein kamp å ta i bruk IKT i den daglege undervisninga, ja då trur eg sjølv den mest inspirerte innovatør vil sjå mørkt på det etter ei tid. Det kan nok vere nettopp slike frustrasjonar som gjer at fleire og fleire unge lærarar vel seg andre jaktmarker.

Porno i skulen?

Folk er livredde for pornografi. Særleg barnepornografi. Det er verste sort!

Eller vent…her må eg nok omformulera meg litt. Vaksne folk er livredde for pornografi. Det er i alle fall det inntrykket ein kan sittje att med om ein følgjer med i media for tida. Barnepornografibeslag, barnepornografiringar, pedofile…alle ord med ein viss relasjon til slik vert flittig brukt på framsidene av Norske avisar, tidsskrift og andre medium.

Av og til kan ein spørja seg om avisene har konkurranse om kven som kan settja saman overskrifter med flest mogleg av det ein kan kalla dødssynder i det Norske samfunnet pr. i dag slik Aftenbladet har klart her.

BarnepornografiFør du les vidare, vil eg for å unngå eventuelle feiltolkingar av denne bloggposten seie at eg ikkje har nokon som helst sympati med personar som utfører ei handling der mord, vold eller overgrep mot barn er resultatet. Eg har heller ikkje noko som helst til overs for pornoindustrien!

I utgåve 4/2008 av tidsskriftet Bedre skole kan ein på side 5 lese overskrifta Barn lite interessert i porno på nettet. Artikkelen viser til ei undersøking utført i Noreg, Irland og England der ein har spurt 2000 born omkring dette temaet. Og det er her eg tykkjer at resultatet er interessant.

Undersøkinga kom fram til at born flest klikker bort pornografisk materiale når det dukker opp på skjermen! Kven ville vel trudd det i ein nasjon der ein gjer det ein kan for å skåna born for uheldige møte med vaksenverda?

Medan eg har tanken i hovudet…er det meir skadeleg om ein 10-åring kjem over ei lettkledd dame med brystene blotta på nettet eller kan det tenkjast at om den same 10-åringen opplever far sin overstadig rusa vil det ha ein større effekt på ungens kjensleliv? Og her viser eg nok ein gong til avsnitt 4, samtidig som eg stiller spørsmålet.

Elles har eg sidan eg starta mi utdanning i Volda vore vitne til tilfelle som for meg berre støttar opp om denne undesøkinga EU Kids Online har gjort. Eg hengde ei gong opp bilete av born i berre undertøy på tavla i samband med at eg skulle ha eit opplegg om kjensler og mobbing. Reaksjonen frå nokre av elevane var at det var ekkelt å ha desse teikna illustrasjonane på tavla.

I same gate er vel hendinga då ein elev fekk lesa i ei bok, eit leksikon. Leksikonet var ikkje av den kjedelege typen, men meir spenstig og tenkt for nettopp born. Det var rikt illustrert. Ungen bladde om på neste side, og det fyrste som møtte auga hans var eit bilete ikkje så ulikt denne Yoga-reklamen til høgre. Reaksjonen hans var eit høgt og tydeleg “Æsj!”. Han la deretter handa over biletet for at han skulle kunne klara å lesa det andre som stod på sidene.

Slike hendingar fortel meg at born i stor grad kan fungera som eigne filter. Å aktivt gå inn og skjerma dei med til dømes å hindre dei i å søke på spesielle ord ser i alle fall eg på som eit solid bomskot. Born sit bak brannmurar på skulen. Kva skjer når dei kjem heim på datamaskina heime og skal inn på nett den same, kule sida som han fann i engelsktimen på skulen tidlegare på dagen? Og hugs på at i Noreg er mange foreldre ikkje foreldre i tradisjonell forstand. Det vil altså seie at dei ikkje står heime med middagen klar når poden kjem tuslande heim og slenger sekken i næraste krok. Kidden set seg kanskje difor ned med datamaskina i dei par-tre timane det tek før foreldra omsider dukkar opp i heimen.

Så eg veit ikkje om eg er heilt ute å kjøre her, men kven er det eigentleg eigentleg ein trur ein gjer ei teneste med å stengja for moglegheitene? Kanskje det kan vera ein idè å kasta seg på toget som Åskollen skole i Drammen alt er på? Nemleg å kjøra hardt på å laga gode haldningar til oppførsel på nett alt i frå 1. trinn av? [Bedre skole, 4/2008]

Diverre er eg litt halvredd at artikkelen om Åskollen nok er for eit glansbilete å rekna, utan at eg skal seie det heilt bombastisk. Det er berre det at når skulens sider om nettvett ser ut som dei gjer, då klarar eg ikkje heilt å tru på det eg les.

Har vi noko val?

Kristin Clemet har skrive ein artikkel i Aftenposten der ho set fokus på valprosessen i USA vs. Noreg. Dvs. korleis ein til slutt står att med ei liste kanditatar som er aktuelle til val.

Ho trekk fram den nyleg avslutta valprosessen i USA. For uinnvidde er prosessen i korte trekk slik (visualisert);

[youtube:v=Dmwyop8mKXw]

Altså ikkje heilt likt som her til lands. Amerikanske velgjarar har større påvirkningskraft på kandidatane enn det vi har her til lands.

No skal det seiast at eg ikkje meiner at USA har ein perfekt modell for korleis ein skal velgje sine tillitsvalde for å styra landet i dei neste fire åra. Milliardforbruk på kampanjar er ikkje heilt min smak. Men meir om det seinare.

Eg seier berre at Noreg sitt system kan, og bør gjerast betre for å unngå den verste politikarforakta som eg tidlegare har vore såvidt borti. Eg omtalte det då som ei distansering frå det verkelege livet, men ein kunne altså like gjerne ha kalla det politikarforakt.

Det er kun eit lite antall personar som velgjer ut dei listene me som velgjarar kan røysta på. Det er heller ikkje på plass nokon slags form for mekanisme for å unngå at politikarane me velgjer vert sementert i dei posisjonane dei får.

Om ein klikker litt inn på relevante sider på nettet, kan ein finna nokre ord om korleis listene me kan stemma på vert sett saman;

Man stemmer på lister med kandidater fra de enkelte partiene. Hvem som skal stå på listen til de forskjellige partiene, er det deltakerne på partiets nominasjonsmøte som avgjør. Selv om velgerne kan «rette på stemmesedlene» ved å endre rekkefølgen på kandidatenes navn og stryke kandidater, er det i praksis små muligheter for å påvirke personsammensetningen. Den rekkefølgen partiene har satt opp, blir helt avgjørende.
Stortinget.no

Her seiest det jo akkurat det eg er oppteken av. Det same er Kristin Clemet når ho omtalar det ho kallar politisk innavl.

Det er altså en stadig mindre klikk som bestemmer hvem som skal få være politikere. Da er det kanskje ikke så rart at det kan bli mye “innavl”, flere karrièrepolitikere og en sterk profesjonalisering av politikken. Generøs statlig finansiering av partiene bidrar antagelig heller ikke til at det luftes mye ut. I stedet eser det ut.
Kristin Clemet

Setje bukken til å passe havresekken altså? Om ikkje anna, så har ein i alle fall lasta havresekken godt fast til ryggen på bukken!

Det er skremande å ta inn nok eit eksempel frå USA her kjenner eg, men det får heller gå. Ein god idé kan jo like gjerne dukke opp frå den kanten. Fakta er at senatorane i USA vert rullert i periodar på seks år. Kvart andre år er det val på 1/3 av dei tillitsvalde i senatet. Dette medfører i teorien ei rullering av embeta, og burde medføra ei sunn utlufting.

Eg trur også slikt ikkje berre er bra for å unngå profesjonalisering av politikarrolla. I tillegg ser eg det som ein naturleg reaksjon at dette ville resultert i større interesse for politikk hjå folk flest.

Kristin Clemet skriv også nokre ord om det føreståande valet her til lands;

I 2009 er det stortingsvalg. I månedene som kommer, skal partiene nominere sine kandidater. Da bør partiene åpne seg mer opp. De behøver ikke å kopiere USA og innføre åpne primærvalg med flagg, konfetti og ballonger. Relativt enkle tiltak kan gjøre den norske nominasjonsprosessen mer inkluderende, demokratisk og interessant for folk flest.
Kristin Clemet

Innføring av konfetti og ballonger ville i alle fall for min del medført at eg hadde fått endå mindre sans for politikken. Barack Obama har sett ein voldsom rekord i innsamla kronasjar i år. Og eg trur han kan prisa seg lukkeleg for at han valde å ikkje gå for ein statsfinansiert, og dermed avgrensa kampanje. Mellom anna VG melder om at Obamas kampanje har passert ikkje mindre enn 7 milliardar kroner i innsamla private middel. Det skal jo seiast at han i hovudvalrunden likevel tok i mot offentleg finansiering. Men trass i dette har han likevel sett ny rekord for private donasjonar til sin valkamp.

Ironien i debatten om offentleg finansiering, er jo at John McCain takka ja til dette. Han som jo er for privatisering.

Til slutt ein liten video av Obama’s visepresidentkandidat Joe Biden. Ho vert intervjua av WFTV si Barbara West. Høgdepunktet er ca. 4 minutt og 24 sekund ut i videosnutten der Ms. West synes ein framifrå observasjonsevne av verda omkring seg!

[youtube:v=TW_wQgWviZ8]

Liv Signe – ein super leiar?

Dagbladet melder at Liv Signe Navarsete kanskje ikkje heilt var den spyspissen som Senterpartiet hadde håpa på. Med ei oppslutning på skrøpelege 3,7 % i Opinionen si siste måling, er det generelt lite å ropa hurra for i firkløvarkretsar no til dags. Kan det vere at det gode gamle Bondepartiet ikkje lenger “fangar opp viktige straumdrag i tida”?

Den 10.06 la Samferdselsdepartementet ut ein promo-video på Youtube. Navarsete gjer her eit spedt, og i stor grad lite truverdig forsøk på å framstå som ein ny, cool og up to date Samferdselsminister for sine kollegaer og andre frammøte på “The Future of the Internet Economy“-konferansen som gjekk av stabelen i Seoul i juni.

Videoen har pr. no vorte vist 578 gonger. Det har vorte med den eine videoen! Kan hende har Navarsete i staden hatt hendene fulle med å byggja opp att partiet etter Åslaug Hagas bråe avgang i juni, slik ho sa ho skulle då ho kom att frå konferansen? Det kan vel i så fall neppe seiast å vera ein god jobb ho har gjort med tanke på den tidlegare nemnde oppslutningsmålinga!

Alt i alt så framstår den gode Navarsete meir og meir som ein superleiar enn ein super leiar for partiet sitt. Medan partiet ynskjer å tiltrekkje seg oppslutning, togar Navarsete fram som eit skjold i front.