Tagged in: kommunikasjon

Kommunen som mediehus?

I det siste har min heimkommune vore særs aktiv på “medie”fronten. Ikkje berre har dei skaffa seg konto på X. Den har og oppretta ein eigen blogg der gladnytt frå kommunen vert publisert. (Det er påfallande kor lite informasjon som dukkar opp der om kritikkverdige tilhøve, men det gjeld jo og generelt…)

Siste stuntet er å flytte ei lenke som tok deg til videoppotak frå politiske møte, vekk i frå kommunens offisielle side (https://www.sirdal.kommune.no), og over til denne bloggsida.

Er så det noko å bry seg med?

Ja. I alle fall når det vert lagd fram som om at dei “flytter” sendingane for å verte meir tilgjengelege, utan at det er det som er resultatet, meiner eg at det er det. Det vert framstilt som noko det ikkje er.

Politiske møte vert sendt ut på https://sirdal.kommunetv.no. På lik linje med politiske møte i Oslo, eller Sola.

Når min kommune går ut og seier dei vil konsentrera informasjonsflyten “til ei flate”, men aldri har hatt fleire flater å opphalda seg på (heimesida, Instagram, X, fleire Facebook-kontoar, denne nye “informasjonssida” OG eit magasin i papirform), så er det for meg noko som ikkje heng på greip.

Så på bakgrunn av dette, tok eg kontakt med relativt nytilsett kommunikasjonssperson i kommunen, Wikøren, for å formidla det eg meiner om det. (I tillegg til litt skikkelege medie også, sjølvsagt);

Hei.

Eg må seie at det som innbyggjar opplevest ugreit at lenka til sendingane i frå politiske møte vert “flytta” til XYZ.

xyz.kommune.no er gjennomarbeida URL i heile landet når det kjem til kommunal sektor.

At ein i Sirdal vel å “fjerne” dette til ei ekstern (men likevel intern?) bloggside, er lite klokt.

Sendingane føregår uansett ikkje på korkje sirdal.kommune.no eller sirdal.info, og det veit de! Å antyde noko anna er, i mangel av betre ord, “fake news”.

Så lenge det fortsatt er lenke til sendingane på sirdal.kommune.no, er det forvirrande å senda brukaren over til ei propagandaside for kommuenen. Politiske møte skal, og bør kunne oppdrivast på det som er kommunens offisielle nettside.

At dette trikset også direkte vil påvirka trafikken til XYZ er jo og noko ein kan stilla store spørsmålsteikn ved, utan at eg tek meg bryet med å gå inn på det akkurat i denne omgang.

Ein kunne like gjerne sendt brukaren til sirdalmedia.no, der dei så hadde lenka vidare til https://sirdal.kommunetv.no/. Akkurat det hadde paradoksalt nok vore meir logisk, då Sirdal Media faktisk er ei mediebedrift som har som oppdrag å formidla slikt, i skarp kontrast til kommunens konkurrent XYZ.

Det aller beste, mest logiske og etisk rette er jo likevel å formidle videostraumane direkte frå kommunens offisielle URL (sirdal.kommune.no) og til: https://sirdal.kommunetv.no/ Slik det har vore gjort før.

I staden velgjer Sirdal kommune å driva propagandajournalistikk på skattebetalaranes mynt?! Ein kunne i staden gjeve ei stønad til ei (eller fleire) uavhengige medie som kunne hatt som føremål å kritisk dekkja det som rør seg i Sirdal kommune…uavhengig av kva politisk parti som har handa på roret.

Akkurat det har jo og har vore oppe politisk tidlegare. Paradoksalt nok ville ikkje ordførar Liland vera med på det. Så ser ein jo i desse dagar at det har vorte svært populært med sin eigen “truth channel”…

Eg tenkjer vel at det er ein grunn til at over 5000 sjåarar følgde med på ei politisk sak. Og det handla ikkje om kvar videomøtene vert lenka i frå.

Mitt forslag: legg varslingssaka (som ingen snakkar om høgt) på sakskartet. Diskuter denne saka opent. Spør kvifor så mange tilsette i kommunen har slutta/flytta dei siste åra. Spør kvifor så mange har “pensjonert” seg, eller vorte forsøkt pensjonert av kommunedirektøren. Då tenkjer eg at det vert trafikk.

Så er det jo også eit spørsmål om det er det som er målet med å ha videomøte på nett. Å få sjåarar? Me er ~1800 innbyggjarar her…ikkje alle er myndige. Kvifor treng ein 5000 sjåarar?

I mitt hovud så er dette tiltaket eit demokratisk verkty i Agders største kommune i areal. Det er eit tiltakt for at fleire skal få med seg kva som skjer politisk. Eit verkty for at dei tillitsvalgde skal kunne haldast ansvarleg for det dei vedtek.

Problemet er, som me såg i siste TLM, at det er få saker som kjem opp politisk. Mykje vert “ordna” på bakrommet, utan at andre enn visse innvigde får innsyn i det. Då er ting særs vanskeleg å etterprøva. Det er ein uting!

Men i 2024 handlar jo det meste om “klikk” og “likes”.

Ah. Så var me visst komne til 2025…?

Kommunikasjon i skulen

Det er ei stund sidan eg leste om system i California som nytta seg av SMS/telefoni i kommunikasjon med skuleborn og heimen deira. [Eksempelvis Teleparent & Intouch Autodialer] For meg er dette eit heilt naturleg steg. Kvifor skulle ikkje skulen ta i bruk (mobil)telefoni og meldingar når det faktisk er den måten mykje av kommunikasjonen føregår elles i samfunnet?

Difor var det gledelig no i dag å kunne lesa på Herøynytt at det ser ut til å vere noko på trappene som kanskje kan vera med på å tilfredsstilla dei mange foreldre som skulle ønskje at det var kommunisert meir frå skulen si side. Mobilskole heiter bornet og er ei løysning for nettopp å letta dialogen mellom dei ulike partane i skulen. På sine eigne sider skriv dei følgjande;

Lærere, elever og foresatte i norske skoler etterspør økt kommunikasjon. Mobilskole.no tilbyr raskt, effektiv og enkel kommunikasjon mellom skole og hjem. Selskapet, som blir utviklet ved Universitetet i Oslo, ble startet i 2007.

Formålet med selskapet er å ta i bruk nye kommunikasjonsmetoder for å lette hverdagen til lærere, gjøre informasjon fra skolen lettere tilgjengelig for foresatte og hverdagen tryggere for elevene ved norske skoler. Mobilskole.no er støttet av Innovasjon Norge og holder til i lokaler ved Forskningsparken i Oslo.

Og det er nettopp det eg sjølv har gått og fundert på etter at eg leste om desse Amerikanske systema. Skepsisen min til å ta etter USA er vel ikkje akkurat fråverande, men akkurat her trur eg dei har skote gullfuglen. Difor har eg lenge sysle med tanken på at det då måtte vere mogleg å få til eit system her i Noreg og som gjorde akkurat det same. Tilbaud graits SMS/telefonkontakt mellom skule, elev og heim. Difor gleder eg meg altså storvegs over dette initiativet og eg kjem til å følgja med på korleis det utartar seg framover. På same tid oppmodar eg alle min lærarkjenningar til å ta eit initiativ på nettopp sin skule mot rektor med tanke på utvikling av skulen.

Eg applauderar i alle fall!