Category Archives: Sirdal

Lokale tema.

Vinterlikning

Vinter er gjerne ikkje det dei ein gong var. Medan me i fjor på denne tida koste oss i haugevis av kvit, mjuk snø, er kontrasten grell no eit år seinare.

Vår lokale Tobias i Tårnet har etter det rykta seier ikkje sett ein mindre snørik mars sidan 1936.

I 1936 var det lite skitrekk her. Ikkje særleg med hytter heller. Dei ville vel i dag knapt ha vorte kalla ein vedskut.

Det er rart å tenkje attende på. Far min var då like gamal som dotter mi er i dag.

This image has an empty alt attribute; its file name is dji17430104989921910375500601386403-1024x576.jpg
03. april 2024
26. mars 2025

Til Sirdal kommunestyre

I dag engasjerte eg meg litt politisk. Denne e-posten forfatta eg til mine lokalt tillitsvalgde. Så får ein sjå om ein får noko ut av det….

Hei

Eg ynskjer å spele inn eit emne eg har vore i kontakt med kommunens administrasjon om tidlegare. For meg som innbyggjar i Sirdal, vert det verre og verre å sjå på at Sirdal stilletiande stør opp om det som meir og meir liknar på eit statskupp i USA…og potensielt også andre land.

Facebook og X fungerer tilsynelatande som eit ekkokammer for fascistar og MAGA-tilhengjarar.

I Tyrkia har Elon Musk sitt X no blokkert opposisjonens kontoar på nemnde fora.

I Noreg gjeng tidlegare utenriks- og statsminister Torbjørn Jagland ut, og frontar ein, etter mitt vit, veldig sunn skepsis mot Facebook, X og andre amerikanske tech-gigantar;

Jeg vil ikke lenger være del av de amerikanske tech-gigantenes algoritme-manipulerte plattformer. De er en stor fare for verden.”

Alt i september 2024, same månad som Sirdal kommune (…omsider. Veldig seint til festen!) oppretta konto på X, var eg i kontakt med administrasjonen angåande dette temaet. Eg problematiserte tilstadeveret der. For det ER problematisk. Av moralske og etiske årsaker, å vera til stades på desse kanalane slik me ser utviklinga gå føre seg i “verda utanfor“.

Eg bed samtlege folkevalde parti i Sirdal kommunestyre fremja ei felles sak, der ein følgjer etter Jagland. Der ein gjer eit aktivt moralsk og etisk val omkring tilstadeveret vårt på internett.

Ver med Europa, og resten av den frie demokratiske verda me kvar dag kjemper for at alle skal få oppleva, og set eit lite, men tydeleg standpunkt:

Avslutt alle kontoane på Facebook og X. I dag!

Fokuser i staden på eigen nettstad, og gjer den så god han kan bli, i staden for å spreia energien i alle retningar. Følg opne standardar med eiga heimside, som kommunen sjølv har kontroll på. Gjer den tilgjengelg for alle med. Nytt RSS, ActivityPub m.m og gjer informasjon om Sirdal tilgjengeleg for “Sirdølen”. Ikkje for Musk, Bezos og Zuckerberg.

På førehand takk.

– Torger Åge Sinnes

Kommunen som mediehus?

I det siste har min heimkommune vore særs aktiv på “medie”fronten. Ikkje berre har dei skaffa seg konto på X. Den har og oppretta ein eigen blogg der gladnytt frå kommunen vert publisert. (Det er påfallande kor lite informasjon som dukkar opp der om kritikkverdige tilhøve, men det gjeld jo og generelt…)

Siste stuntet er å flytte ei lenke som tok deg til videoppotak frå politiske møte, vekk i frå kommunens offisielle side (https://www.sirdal.kommune.no), og over til denne bloggsida.

Er så det noko å bry seg med?

Ja. I alle fall når det vert lagd fram som om at dei “flytter” sendingane for å verte meir tilgjengelege, utan at det er det som er resultatet, meiner eg at det er det. Det vert framstilt som noko det ikkje er.

Politiske møte vert sendt ut på https://sirdal.kommunetv.no. På lik linje med politiske møte i Oslo, eller Sola.

Når min kommune går ut og seier dei vil konsentrera informasjonsflyten “til ei flate”, men aldri har hatt fleire flater å opphalda seg på (heimesida, Instagram, X, fleire Facebook-kontoar, denne nye “informasjonssida” OG eit magasin i papirform), så er det for meg noko som ikkje heng på greip.

Så på bakgrunn av dette, tok eg kontakt med relativt nytilsett kommunikasjonssperson i kommunen, Wikøren, for å formidla det eg meiner om det. (I tillegg til litt skikkelege medie også, sjølvsagt);

Hei.

Eg må seie at det som innbyggjar opplevest ugreit at lenka til sendingane i frå politiske møte vert “flytta” til XYZ.

xyz.kommune.no er gjennomarbeida URL i heile landet når det kjem til kommunal sektor.

At ein i Sirdal vel å “fjerne” dette til ei ekstern (men likevel intern?) bloggside, er lite klokt.

Sendingane føregår uansett ikkje på korkje sirdal.kommune.no eller sirdal.info, og det veit de! Å antyde noko anna er, i mangel av betre ord, “fake news”.

Så lenge det fortsatt er lenke til sendingane på sirdal.kommune.no, er det forvirrande å senda brukaren over til ei propagandaside for kommuenen. Politiske møte skal, og bør kunne oppdrivast på det som er kommunens offisielle nettside.

At dette trikset også direkte vil påvirka trafikken til XYZ er jo og noko ein kan stilla store spørsmålsteikn ved, utan at eg tek meg bryet med å gå inn på det akkurat i denne omgang.

Ein kunne like gjerne sendt brukaren til sirdalmedia.no, der dei så hadde lenka vidare til https://sirdal.kommunetv.no/. Akkurat det hadde paradoksalt nok vore meir logisk, då Sirdal Media faktisk er ei mediebedrift som har som oppdrag å formidla slikt, i skarp kontrast til kommunens konkurrent XYZ.

Det aller beste, mest logiske og etisk rette er jo likevel å formidle videostraumane direkte frå kommunens offisielle URL (sirdal.kommune.no) og til: https://sirdal.kommunetv.no/ Slik det har vore gjort før.

I staden velgjer Sirdal kommune å driva propagandajournalistikk på skattebetalaranes mynt?! Ein kunne i staden gjeve ei stønad til ei (eller fleire) uavhengige medie som kunne hatt som føremål å kritisk dekkja det som rør seg i Sirdal kommune…uavhengig av kva politisk parti som har handa på roret.

Akkurat det har jo og har vore oppe politisk tidlegare. Paradoksalt nok ville ikkje ordførar Liland vera med på det. Så ser ein jo i desse dagar at det har vorte svært populært med sin eigen “truth channel”…

Eg tenkjer vel at det er ein grunn til at over 5000 sjåarar følgde med på ei politisk sak. Og det handla ikkje om kvar videomøtene vert lenka i frå.

Mitt forslag: legg varslingssaka (som ingen snakkar om høgt) på sakskartet. Diskuter denne saka opent. Spør kvifor så mange tilsette i kommunen har slutta/flytta dei siste åra. Spør kvifor så mange har “pensjonert” seg, eller vorte forsøkt pensjonert av kommunedirektøren. Då tenkjer eg at det vert trafikk.

Så er det jo også eit spørsmål om det er det som er målet med å ha videomøte på nett. Å få sjåarar? Me er ~1800 innbyggjarar her…ikkje alle er myndige. Kvifor treng ein 5000 sjåarar?

I mitt hovud så er dette tiltaket eit demokratisk verkty i Agders største kommune i areal. Det er eit tiltakt for at fleire skal få med seg kva som skjer politisk. Eit verkty for at dei tillitsvalgde skal kunne haldast ansvarleg for det dei vedtek.

Problemet er, som me såg i siste TLM, at det er få saker som kjem opp politisk. Mykje vert “ordna” på bakrommet, utan at andre enn visse innvigde får innsyn i det. Då er ting særs vanskeleg å etterprøva. Det er ein uting!

Men i 2024 handlar jo det meste om “klikk” og “likes”.

Ah. Så var me visst komne til 2025…?

17. mai i september

Ho eg deler rekningar med, frå storbyen Stavanger, har over ei tid antyda at ho er lite imponert over vår 17. mai-feiring her i dalstroka innafor.

I går fekk ho ei openbaring.

17. mai for bønder, er jo når dei kjem heim med sauene på hausten!

Det er då dei går i tog. Det er då dei har bringa heva, smilet klistra i andletet og oser av nasjonalkjensle i det dei passerer alle automobilane som må stoppa. Og som også sit og gliser frå øyre til øyre, medan mobiltelefonen er klistra til frontruta for å få med seg det fårbipasserande følgjet.

Om alle (sauene) er med heim frå heia i år, er det ekstra stas.

Og det skal ho ha. Det er jo litt sånn. Men så har du noko med fellesskapen. Å dra i flokk. Det er dugnad. Dugnad er jo “norskt”. Og så er det noko med det tradisjonelle aspektet i det. Det at ein over generasjonar kan gå i same fotefara, snakka om dei same plassane, kjenne på dei same luktene (og dei er universelle, frå Noreg, til Thailand, New Zealand og Nepal…). DET er det noko fint og magisk over.

Det er ikkje skilnad i trender frå år til år. Det er same arbeidet som må gjerast, same kor mange droner eller no-fencer ein har. Og det er det noko magisk i.

Adventstida 2022 er i gang

Då er adventstida 2022 i gang på skikkeleg. Julegrantenning på skulen i går, og på Kvæven i kveld.

Korps med julesongar, flinke ungdomar som syng jula inn, og lett snødrev i lufta gjer at det er let å kome i julestemning. Dessutan er det greit med litt ekstra lys i dei lange mørke dagane…

Julegrana 2022
Glade jul, Keg er så glad hver julekveld og Et barn er født i Betlehem sette stemninga…

Fotoalbum 101 år – ei oppfølging

I juli la eg ut eit fotoalbum eg har digitalisert. Det mangla litt informasjon om personar og stader.

I samband med dette, sendte eg e-post til dei næraste musea i området. Eg fekk napp frå Vest-Agder-museet(?).

E-posten var vidareformidla til Torfinn Norman Hageland, forfattar av mellom anna “Hellerboka“.

Han var enig med meg at fyrste biletet var Sirdalsvatnet.

Sirdalsvatnet

Vidare er dette biletet frå Kvinen.

Kvinen

Så tek oldefarr oss, og følgjet sitt med vidare forbi (vil eg tru) Josephsbu. I alle fall all den tid Hageland meiner at dette bilete er frå Vardehei.

Vardeih

Til sist kan gode Hageland informera om at bileta med to etasjar og fjos må vera ved Pytten i Bygland kommune.

Pytten
Pytten

Hjarteleg tusen takk til fagekspertisen ved Vestagdermuseet, og ikkje minst Tormod Hageland som kunne hjelpa med dette.

Så då gjenstår det berre å finna ut kven denne ekspedisjonsleiaren kan vera. Kva skulle dei til Pytten for mon tru?

Det skulle vel då aldri vera keisar Wilhelm 2 på snartur i Sirdalsheine? Han ville i alle fall ikkje ha vore siste tyskar på tur…

Ei reiseskildring frå Sirdal kan også lesast på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Fotoalbum – 101 år

Dette fotoalbumet er etter min oldefar, Ingebrigt Tjørhom. Han var oppassar på Håhedlar i mange år, og eg kan ikkje sjå anna grunn enn at det er nettopp difor han har vore med på denne turen.

Det store spørsmålet er jo kven han har fått albumet av. Kven er den staselege karen med skjegg, som kan kosta på seg ein heietur med famelien i 1921? Kven er karen som tek med fotoapparat, i 1921(!), og dokumenterer turen?

Eg har ein teori om at følgjet har kome til Sirdal via Sirdalsvatnet, fare oppover via Dorgefoss, og så via Håhedlar til heia over mot Setesdal. Men om dei har vore heilt til Setesdal, eller om ein har returnert til Sirdal er ikkje godt å veta.

Legg gjerne att ein kommentar om du har kjennskap til nokre av personane eller stadane på bileta.

Helsing frå initiativtakar til turen.
Albumet er til min oldefar, men kven mannen på biletet er, det er ukjend.
Sirdalsvatnet?
Kan dette vera nordover i Sirdalsvatnet? Markant fjellmasiv til høgre på biletet….
Dorgebrue.
Dette motivet er nærbilete frå Dorgefoss.
Dogefoss.
Her ser ein Dorgefoss i full mundur.
Kan dette vera eit motiv i frå Håhedlar?
Er det mogleg at dette biletet er i frå Håhedlar?
Ingebrigt nr. 3 frå venstre.
Ingebrigt er nr. 4 frå venstre.
Stor glede å spora i dette biletet. Kan ein ha kome til toppen?
Ingebrigt leiar hest og held ein gut i handa.
Så spørs det om ein har bikka over til Setesdal og er i Brokke her, eller om ein har vandra attende til Sirdal…
Følgjet ser ut til å gjera seg klar til avgang frå garden dei stoppa ved.
Følgjet ser ut til å gjera seg klar til avgang frå garden dei stoppa ved.
Følgjet går på ein veg.
Er dette ein veg i Setesdal, eller er det frå dalføret ned mot Tonstad?
Følgjet tek seg ein rast i bakken.
Rast i bakken.
1 2 3 7