Category Archives: Friluftsliv

Månemann

På eit tidspunkt fekk eg eit spesielt forhold til månen. Det var då eg nytta nettstaden Wolframalpha.com til å finne ut kor langt unna månen var jorda då alle elevane i ei klasse eg hadde vart født.

I den samanheng vart eg obs på at ein kan nytta nemnde nettstad til å finna ut kor mykje opplyst månen er/har vore. Då var ikkje vegen lang til å plotta inn eigne data.

NRK melder om supermåne 28.09.2015, og det er klart at spaninga då stig hjå ein månemann. Natta då eg kom til var nemleg også månen rekordstor. Faktisk så stor at eg endå ikkje har funne nokon dato der han har vore større.

I går natt var kunne ein sjå ein måne som var 99,94% opplyst. Men eg berre spør. Kan ein verkeleg kalla det ein supermåne når ein samanliknar med den gigamånen som var 19.02.1981? Heile 99,98% opplyst!

1981

2015

Den tapte mursteinen i veggen

Vårt samfunn i Noreg har kome til eit punkt der det meste skal sikrast. HMS har ei høg stjerne her til lands. Kor mange arbeidsplassar som er innanfor dette feltet er ikkje godt å seie. Også innanfor skulen er dette viktig. Sjølvsagt. Me vil ikkje at ungane skal skada seg. Dei kunne brekke noko. Dei kunne omkomme.

Det siste er sjølvsagt noko ein absolutt ikkje ynskjer at skal skje.

Men det er eit godt gap i frå å skrape seg på ein kvist, og til at ein skal forulukke. Ein treng å bryna seg på noko for å vekse. Ein må dette før ein kan gå! Ein må gjere feil for å gjere noko rette. Rundt om i skulegardar og på offentlege leikeplassar er alt EU-godkjent, og skulle det ikkje vera det, vert treet sagd ned, steinen sprengd vekk eller heile leikeplassen terminert.

I Wales er ei rørsle ved navn “Free play” lansert. Bakgrunnen for dette ligg gjerne i det som nettstaden Lifehacker.com skriv;

Recent studies have shown that playing out of doors is crucial for children who are developing motor, problem-solving and observation skills, in addition to developing an understanding and relationship with nature (a.k.a. “eco-literacy“). Kids need more time to play — but not necessarily in today’s trend for organized, scheduled activities, as kids need to have moments of unstructured time to explore that helps develop their creativity and self-confidence.” – Lifehacker.com, 2014

Kontrasten til designarleikeplassen som Stavanger kommune anla i Ajaxparken i 2012 er, for å sei det mildt, gedigen!

Straks me lagar rammar for borns leik, lagar me også avtrensingar for kor langt og i kva retning dei strekk seg i si læring. Det igjen fer følgjer seinare i livet.

Juletremafiaen på tokt

Snart jul. Tusenvis av juletre vert importert frå Danmark, Estland og andre stader der ein tener til livets opphald med å supplere toppen av pyramiden med ting og tang som kan gjere livet enklare eller meir glamorøst.

Det passa difor perfekt for juletremafiaen på Tjensvoll at Bodil/Sven tok turen innom vår langstrakte kyst for ein førhjulsvisitt. Fotefara kan ein følgje frå rotvelt til rotvelt, via trampolinar klistra i husveggar til tak som ligg tippa på hovudet i ein heller unaturleg positur.

Tilfeldighetane ville ha det til at underteikna juletremafiast tok bussen til arbeid i dag, og i skogbrynet nedanom NRK Rogaland sine lokale på Ullandhaug låg eit fåretre og sleikte sine sår etter ein litt for heftig runddans med Bodil/Sven i går kveld. Men toppen såg fin ut…

Nokre timar seinare hadde eg og min kløktige medsammensvorne samla saman utstyret for eit nattleg tokt i jakta på juletre anno 2013, for her låg moglegheitane godt til rette for heilt naturleg gjenbruk!

Planen gjekk glattare enn Rogalendingar ned Gravassryggen på sumardekk! Fluktbilen vart parket på ein mørk, avsidesliggjande skogsveg, hovudlykt dobbelsjekka og kappeverktøyet plassert lett tilgjengeleg i lomma. Planen vart iverksett.

Kun kort tid etterpå var toppen på nedfallsfåra, årets potensielle juletre, avsagd i passande lengd. No gjenstod berre ein siste kvalitetssjekk før byttet var klart for heimtransport.

Det var då ting byrja å skurre i planen.

Juletremafiast X var ved nærare ettersyn langt i frå nøgd med bytets estetiske utforming. Her hadde Bodil/Sven vore litt for hardhendt, og etterlete seg vårt utpekte mål i ein letare forfallen tilstand. Bytet vart kassert og juletremafiastane trekte seg attende i dei same fotefara dei nett hadde lage i nysnøen. Ikkje eingong ein ninja kunne forsvunne meir umerka!

Juletremafiaen tapte slaget i kveld, men jakta er endå ikkje over. Det er fortsatt tre lys att å tenne på lysestaken. Enno er det tid…

Klare til tokt


Samfunnsbyråkratiet slår til att

Sirdølen kunne 16.04.2013 melde om at det no vert lagd strenge restriksjonar på det som i mange år har vore ein tradisjon for skuleelevar i Sirdal, ja faktisk også landet rundt.

Skuleelevar har ikkje lenger anledning til å vandre langs vegane i normal arbeidstid og gjere ein viktig og haldningsskapande jobb slik det fram til no har vorte gjort. Nye tryggleikskrav frå makter større enn kommunen set ein effektiv stoppar for denne (v)årlege tradisjonen.

Så slik har det altså blitt? Generelle krav som har vorte formulert i hakket meir tettbygde strøk, hundrevis av kilometer unna vert sette i verk med dei følgjene det får.

La meg kort fortelje om mi eiga tid som Blekkulfs ven på 80/90-talet.

“Miljødetektiver må passe på, for fremtiden begynner nå.”

Dette var slagordet ein heil generasjon unge kunne på rams. (I tillegg til: “Gå ikkje over vegen før bussen har køyrd!”) Me sa i frå til ignorante vaksne som sat i bilar som stod på tomgang. Me fauk rundt i heia kvar ende fyrste nyttårsdag og samle rakettar som me nytta som sverd, med den heldige ringverknaden at dei ikkje vart liggjande ute i naturen. Og me trålte vegane frå Dorgefoss til i alle fall Fidjeland kvar vår på jakt etter vinterens latskapsresultat.

Sjølvsagt var det konkuranse oss blekkulfar i mellom om kven som fekk fyllt flest sekkar! Kor gulljevt var det ikkje då, når ein kom over ein gamal “lagringsstad” der ein framtidstenkjande bonde hadde kassert alt av gamalt hesteutstyr! Her skulle det tenast pæng!

Me tok det sjølvsagt personleg. Me var krye som ein gjeng for seint tilkomne påskekyllingar resten av året, over dei slikka kantane me hadde vore med på å frambringa.

Med eit mål i det fjerne om klassetur i niande klasse, stod me på år etter år for å gjera Sirdal til meir enn ein god stad å bu, men også ein fin stad å sjå på for bilturistane sumarstid….om dei skulle finne på å stoppa.

Det har gjenge nokre år sidan dette. Det som møter valfartarane langs fylkesveg 45 no, er 5-6 søppelkontainarar midt i åsynet i det dei entrar hovudfartsåra vår. Vakkert, om ein likar slikt. Dette ser dog ut til å ta slutt no. Tankane om ei genial ny rundkjøring ved Svartevatn der ein superenkelt, og utan å tenkje seg om, kan kvitte seg med forbruksoverskuddet sitt, er lansert.

Dette kan ordføraren i Sirdal like. Han ynskjer å framstå som ein ryddig kommune i så måte. Ryddig ja. Men å la kommunens eigne innbyggjarar kjenne på ansvar for naturen rundt seg, allereie i frå tidleg alder av, det vert i overkant?

Eg har lyst å nemne litt i frå skrivet som Sirdølen refererte til som sitt utgangspunkt for saka. For alt var ikkje teke med.

Plan- og miljøkonsulent Sven Sandvik, ein representant for nettopp Sirdal kommune skriv i tillegg til forbodet mot ferdsel i vegkanten også dette;

“Eg har ikkje heilt klart for meg kvar Sinnes skule plar plukke.”

Eg les det, og veit ikkje om eg skal le, eller grine.

Er det faktisk slik at ein sit på Tonstad og dikterer andre endene av dalen utan å settje seg inn i saka? Vinden nedover dalen frå Hilleknuten har til tider hatt med seg slik ein tale, men eg har alltid trudd at dette var ei klassisk Sirdalsskrøne! Det er jammen ikkje rart at det vart samla til gjestebod på Kvæven her tidlegare i vår, som følgje av misnøye med utviklinga i Øvre Sirdal.

Her tok ein mellom anna opp spørsmål rundt reiseliv, vegvedlikehald og oppveksttilhøve. Rett meg gjerne om eg tek feil, men er det ikkje akkurat dette som er essensen i denne vesle søppelplukkehistoria?

Turismen til Sirdal vinterstid har auka ut av alle dimensjonar. Difor har ein vel strengt tatt større grunn til å rydda kantane, og ikkje mindre. Det er i alle fall tilfelle langs hovudvegen på Sørlandet etter ein vinter. Eg har ikkje nokon grunn til å tru at Rogalendingen er spesielt meir miljømedvitne enn andre utlendingar.

Vegvedlikehaldet det er snakk om gjeldt nok i stor grad dekket, men all den tid Vegvesenet disponerer nokre meter utover den kvite stripa på kvar side, så gjeng såvidt eg kan forstå også dette inn under omgrepet “vegvedlikehald”.

Oppveksttilhøva for ungane er og eit moment til diskusjon. Stoltheiten over sin eigen heimstad er eit viktig moment i den mentale delen av oppveksten. Du skal ikkje reise langt for å sjå korleis det gjeng om ein ikkje held avfallet i sjakk. Let ein avfallet liggja rundt seg, er det ikkje lange halten før det infiserer sinnet med! Ansvarstaking for sine omgjevnadar frå tidleg alder skapar difor ein stødig plattform til eit samvitsfullt liv seinare.

Ok. No tryggleik. Det er vel den jokeren som igjen trumfar alle andre argument. Og vi snakkar her om tryggleiken for elevane i det dei utfører arbeidet. Ikkje miljøtryggleiken ein stadig aukande andel søppel langs Sirdals vegar vil få.

I alle dei åra plukkinga har pågjenge, har det vek ikkje vore tilfelle av trafikkuhell av noko slag. Før sykkelvegen mellom Haugen og Fjellstua kom tidleg på 90-talet, hadde alle Øvre Sirdals innbyggjarar klart seg rimeleg godt langs vegen. Dette trass i at dei gjekk og sykla ein heil del meir tidlegare enn det ein ungdom gjer no til dags. Det faktum i seg sjølv gjev jo grunn til ein viss optimisme.

I og med at dette er ei årleg hending på Sinnes skule, så reknar eg med at skulen plar sende ut informasjon til heimen om dette. Sist eg sjekka, så var ikkje folketalet i Øvre Sirdal uhåndterbart slik det er i ferd med å verte i Stavanger. Ryktet går dermed fort, og folk veit i stor grad at det er småfolk ute langs vegane akkurat denne dagen.

Når det så er sagt, så finst det vel knapt ei tid på året der det er mindre trafikk på vegane enn akkurat no. Ikkje er vegen over til Setesdal open. Ei heller vegen til Lysebotnen. Ikkje er det Sirdalsdagar/samling.  Ikkje skal sauar fraktast til fjells. Ikkje er det jakttid. Anleggsarbeid er vel heller ikkje i full gang endå.

Kort sagt: perioden post-påske-pre-vegåpning er den tida på året då asfalten på vegen fer desidert mest kviletid.

Så til byråkratiet: gratulerer!

1 2 3 6