Tagged in: mat

Festdag i heijen

Det kvapp i meg i dag etter min daglege røyndomssjekk i “heijen”. Etter først å ha fundert litt på kva det enorme talet med skrukketroll der ute ville ha å seie for grøda, og vurdert kva slag som har skrukketroll på menyen, kikka eg i toppen av epletreet mitt. Og der, der sat årets fyrste marihøne og klukka lågt for seg sjølv. Midt inne i mellom blomar, blad og maur i vakker sameksistens gleda ho eit permakulturhjarta utan sjølv å ha den fjernaste aning om kva ho gjorde for meg, hagen og epletreet mitt.

image

På toppen av dette, meiner eg på at eg såg dei fyrste spirene av årets eigne sjølvplanta jordeple. Og så jordbera då….jordbera!

Matproduksjon

I indre dalar på austlandet fløymer det over. Område langs Donau fløymer over verre enn nokon sinne. California brenn opp på grunn av tørke. Storbritannia importerer i år meir kveite enn dei eksporterer. På det Afrikanske kontinent durer pengesterke, utanlandske investorar inn og skal gjera kjappe pengar på storstilt industriell produksjon av varer vesten treng har gjort seg avhengig av…eller for å produsera mat til dei som ikkje har. Her om dagen kunne ein høyre på radioen at ein jærbonde hadde gått til innkjøp av for frå austlandet til sine kyr. Prislapp: 300.000,-

Det er flott det! Bønder som soknar til oljefatet i nordsjøen slit som resultat av klimaendring og mangeårig industrielt jorbruk. Å henta inn for frå andre sida av landet, har altså vorte løysinga. Der er vel produksjonsmåten mykje den same som på jæren. Dieseldrevne traktorar endevender jorda og jordlivet, sår frø, gjødslar med kjemisk framstilt gjødsel, kutter graset og pakkar det inn i plast som er eit direkte oljeprodukt. Dette skal så fraktast 5-600 kilometer, og det er vel ikkje uaktuelt at transporten gjeng føre seg på vegen…

I ei frisk verd ville ein rista på hovudet og kalla slik praksis for galskap. Men med “vekst” og”olje” stempla i panna, er det nok ikkje let å vera sjølvkritisk til dette.

Michael Pollan snakkar litt om matproduksjon i verda, og kvar mesteparten av han kjem frå: