Tagged in: media

Kommunen som mediehus?

I det siste har min heimkommune vore særs aktiv på “medie”fronten. Ikkje berre har dei skaffa seg konto på X. Den har og oppretta ein eigen blogg der gladnytt frå kommunen vert publisert. (Det er påfallande kor lite informasjon som dukkar opp der om kritikkverdige tilhøve, men det gjeld jo og generelt…)

Siste stuntet er å flytte ei lenke som tok deg til videoppotak frå politiske møte, vekk i frå kommunens offisielle side (https://www.sirdal.kommune.no), og over til denne bloggsida.

Er så det noko å bry seg med?

Ja. I alle fall når det vert lagd fram som om at dei “flytter” sendingane for å verte meir tilgjengelege, utan at det er det som er resultatet, meiner eg at det er det. Det vert framstilt som noko det ikkje er.

Politiske møte vert sendt ut på https://sirdal.kommunetv.no. På lik linje med politiske møte i Oslo, eller Sola.

Når min kommune går ut og seier dei vil konsentrera informasjonsflyten “til ei flate”, men aldri har hatt fleire flater å opphalda seg på (heimesida, Instagram, X, fleire Facebook-kontoar, denne nye “informasjonssida” OG eit magasin i papirform), så er det for meg noko som ikkje heng på greip.

Så på bakgrunn av dette, tok eg kontakt med relativt nytilsett kommunikasjonssperson i kommunen, Wikøren, for å formidla det eg meiner om det. (I tillegg til litt skikkelege medie også, sjølvsagt);

Hei.

Eg må seie at det som innbyggjar opplevest ugreit at lenka til sendingane i frå politiske møte vert “flytta” til XYZ.

xyz.kommune.no er gjennomarbeida URL i heile landet når det kjem til kommunal sektor.

At ein i Sirdal vel å “fjerne” dette til ei ekstern (men likevel intern?) bloggside, er lite klokt.

Sendingane føregår uansett ikkje på korkje sirdal.kommune.no eller sirdal.info, og det veit de! Å antyde noko anna er, i mangel av betre ord, “fake news”.

Så lenge det fortsatt er lenke til sendingane på sirdal.kommune.no, er det forvirrande å senda brukaren over til ei propagandaside for kommuenen. Politiske møte skal, og bør kunne oppdrivast på det som er kommunens offisielle nettside.

At dette trikset også direkte vil påvirka trafikken til XYZ er jo og noko ein kan stilla store spørsmålsteikn ved, utan at eg tek meg bryet med å gå inn på det akkurat i denne omgang.

Ein kunne like gjerne sendt brukaren til sirdalmedia.no, der dei så hadde lenka vidare til https://sirdal.kommunetv.no/. Akkurat det hadde paradoksalt nok vore meir logisk, då Sirdal Media faktisk er ei mediebedrift som har som oppdrag å formidla slikt, i skarp kontrast til kommunens konkurrent XYZ.

Det aller beste, mest logiske og etisk rette er jo likevel å formidle videostraumane direkte frå kommunens offisielle URL (sirdal.kommune.no) og til: https://sirdal.kommunetv.no/ Slik det har vore gjort før.

I staden velgjer Sirdal kommune å driva propagandajournalistikk på skattebetalaranes mynt?! Ein kunne i staden gjeve ei stønad til ei (eller fleire) uavhengige medie som kunne hatt som føremål å kritisk dekkja det som rør seg i Sirdal kommune…uavhengig av kva politisk parti som har handa på roret.

Akkurat det har jo og har vore oppe politisk tidlegare. Paradoksalt nok ville ikkje ordførar Liland vera med på det. Så ser ein jo i desse dagar at det har vorte svært populært med sin eigen “truth channel”…

Eg tenkjer vel at det er ein grunn til at over 5000 sjåarar følgde med på ei politisk sak. Og det handla ikkje om kvar videomøtene vert lenka i frå.

Mitt forslag: legg varslingssaka (som ingen snakkar om høgt) på sakskartet. Diskuter denne saka opent. Spør kvifor så mange tilsette i kommunen har slutta/flytta dei siste åra. Spør kvifor så mange har “pensjonert” seg, eller vorte forsøkt pensjonert av kommunedirektøren. Då tenkjer eg at det vert trafikk.

Så er det jo også eit spørsmål om det er det som er målet med å ha videomøte på nett. Å få sjåarar? Me er ~1800 innbyggjarar her…ikkje alle er myndige. Kvifor treng ein 5000 sjåarar?

I mitt hovud så er dette tiltaket eit demokratisk verkty i Agders største kommune i areal. Det er eit tiltakt for at fleire skal få med seg kva som skjer politisk. Eit verkty for at dei tillitsvalgde skal kunne haldast ansvarleg for det dei vedtek.

Problemet er, som me såg i siste TLM, at det er få saker som kjem opp politisk. Mykje vert “ordna” på bakrommet, utan at andre enn visse innvigde får innsyn i det. Då er ting særs vanskeleg å etterprøva. Det er ein uting!

Men i 2024 handlar jo det meste om “klikk” og “likes”.

Ah. Så var me visst komne til 2025…?

#Likmeg – ?

#Likmeg er det nye skigardsteiknet frå NRK rett før sumaren etter alle spådomar skal ta til. Om dette nøkkelordet seier NRK sjølv:#likmeg

  • NRK setter søkelyset på utseendepresset mange unge føler, konsekvensene av det og årsakene til det.
  • Gjennom #likmeg har alle som vil mulighet til å dele meninger, kommentarer, opplevelser og bilder.
  • På vegne av NRK har Norstat gjennomført en spørreundersøkelse. Et representativt utvalg på 500 unge mellom 15 og 29 år er blant annet spurt om hvordan de ser på sitt eget utseende og hva som påvirker dem.
  • Ifølge undersøkelsen ønsker 13 prosent av jentene og kvinnene å forandre på utseendet ved hjelp av kosmetisk kirurgi og injeksjoner. Fire prosent av guttene og mennene svarer det samme.
  • Tilsammen 5 prosent av de spurte oppgir at de har fått utført kosmetisk kirurgi eller injeksjon, der jentene utgjør 6 prosent og guttene 4 prosent.

Nrk.no – 11.06.2015

Fyrst av alt. Datagrunnlaget for denne undersøkinga som Norstat har gjort er uråd å finna. Når det er sagt, så er det litt av ei vinkling journalistane gjer her. 13% av jentene ynskjer å endre på utsjånaden. Det tyder at 87% er NØGD med utsjånaden sin. Skulle berre mangle. Spør ein utanlandske menn, er norske damer noko av det flottaste ein ser.

Siste punktet over er også merkeleg. 5% har altså utført kosmetisk inngrep. 6% av desse er jenter. Samstundes er 4% gutar…kven/kva er då dei resterande 90% som har utført slike inngrep?

Men nok om det. For i same tidsperioden, men på ei ganske anna side av landet enn det Eirin Aardal, Oda Marie Midbøe, Maria Knoph Vigsnæs og Marit Gjelland held til om dagen, melder NRK Rogaland at ungdom gjer sunnare val i kvardagen enn nokon gong.

I tillegg hadde den dynamiske duoen på Ullandhaug Skjæveland og Kvindesland eit edrueleg intervju med stortingspolitikar Sveinung Stensland (rett nok ikkje ein ungdom lenger) der han fortel om det VG har skrive om han i samband med at han har redusert på fotavtrykket sitt i det siste.

Audio Player

Det som er litt finurleg å merka seg, er journalistane bak desse sakene.

#Likmeg synest å vera eit oppkok frå fire unge damer, mange (eller alle?) med bakgrunn frå journalistutdanninga i Volda. VG si sak, som på ein måte er motvekta til #Likmeg, er herrane Skarvøy, Mosveen og Bringsdal. Gjer eg med å poengtera dette til ei sak om kjønn? Om land og by? Om navlebeskuande journalistikk i den hippe og kule Oslogryta? Ikkje veit eg! Men når 87% av ungdom som nemnt er nøgde med kroppen sin, ja då er vel eigentleg dette eit ikkje-sak. Agurknytt kunne ein gjerne ha kalla det. Om det var sumar. Det er det ikkje endå.

Og så til sist. Handlar #Likmeg om å lika nokon for den ein er? Eller handlar det om at ein vil vera lik andre?

Men noko om det. I motsetnad til Audun Lysbakken, som før ungen sin med å skriva bok i farsperisjonen, har eg eit surdeigsbrød å ta meg av no. #ikkjeungdomlengerogetsomegvil


 

2015.06.09 – http://www.nrk.no/rogaland/ungdomen-har-sunne-lunsjvanar-1.12399364

2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/en-av-ti-unge-vil-endre-pa-utseendet-1.12399764
2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/ungdommer-er-lei_-_-utseendepresset-er-umulig-1.12399890
2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/derfor-er-vi-misfornoyd-med-utseendet-1.12399811

2015.06.11 – http://www.nrk.no/norge/mener-kroppshysteri-blant-unge-er-et-folkehelseproblem-1.12403112
2015.06.11 – http://www.vg.no/forbruker/helse/hoeyre/hoeyres-helsepolitiker-gikk-ned-22-kilo-paa-tre-maaneder-folk-maa-bare-skjerpe-seg/a/23468447/

Sjå her! Klikk på meg då…

I dag publiserte Fredrik Drevon eit fantastisk stykke journalistikk på Aftenposten sine nettsider. Artikkelen tek eit oppgjer med den populærmediale kulturen me i stadig større grad vert offer for.

I ein mediemarknad med stadig større fokus på å få klikk, noko eg konfronterte Lars Helle med i april i 2012, er det godt å sjå at det også i eigne rekker er ei viss misnøye med korleis journalistikken har utvikla seg til eit jag etter merksemd. Kva rett har forøvrig media til å sette søkelys på mobbing i skulen, når dei sjølve vel å servera slikt som dette til den, enn så lenge, meir eller mindre lesekompetente generasjonen. Og så skuldast det på dataspel?

Dagbladet fekk og eit sleivspark av meg om sin reduserte kvalitet i juli 2012. Diverre ser Dagbladet ut til å fortsette i same gata i februar 2013 etter ein liten snartur innom www.dagbladet.no i dag.

Det er underleg dette her. Eit akta yrke med høge inntaktskrav og minimum treårig bachelorgrad ender opp med å lage journalistikk på eit nivå lik ein ungdomsskuleelev som skriblar ned vegger og bord for å få merksemd. Er det dette me har igjen for at store store selskap som Schibsted, Amedia og Egmont skal kjøpe opp avis etter avis, for så å “spare penger”, det vil sei “tene meir”, ved å kutte i stillingar?

Er det ikkje intetsigande overskrifter, og artiklar utan innhald som dukker opp, så er det gjerne ei sak med ei vinkling ein dag, som eit par dagar etter har fått ei heilt ny vinkling. Alt for å få klikk. Alt for å selje!

I 1854 fanst ikkje internett. Klikk var noko ein fekk på pistolen under ein duell på liv og død i det ville vesten. Telefon, telegraf, gramofon og fotografi hadde si spede oppblomstring. På denne tida skreiv også Henry. D. Thoreau dette i si bok Walden:

“…jeg er sikker på at jeg aldri har lest en nyhet i noen avis, som fortjente å bli husket. Hvis vi én gang har lest om at et menneske er blitt røvet eller myrdet, eller drept i en ulykke, eller at et hus er brent ned, et skip forlist, eller en dampbåt eksplodert, en ku kjørt over på Western Railroad, en gal hund slått i hjel, eller at en gresshoppesverm er blitt sett midt på vinteren – så behøver vi ikke å lese om slik en gang til. Det kan greis seg med den ene gangen.”

Fornuftige ord allereie altså, men han fortset med å stille eit spørsmål som bør få ein kvar av disse klikk-jorunalistane til å skamma seg:

“Når du kjenner prinsippet, hva skal du så med det mylderet av eksempler som belyser det i praksis?”

Vidare avslutter den gode Thoreau med ei god oppsummering nyhetsbiletet slik eg ser det i dag.

“…alle nyheter, som de kalles, [er] bare sladder, og de som utgir eller leser slikt, er ikke annet enn gamle skravlebøtter som sitter og slarver over tekoppen. Og likevel er det ikke få som er grådige etter denne sladderen.”

Stavanger Aftenblads redaktør, Lars Helle, uttala dette på vårparten i 2012;

Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?”bloggpost

Snart 200 år etter at Thoreau skriv sine bevinga ord som eg har gjeve att over, er det jo på eit vis skremande å sjå at store deler av journalistikken, trass i betre verkty og tid til å modnast, fortsatt er på det infantile stadiet på jakt etter merksemd, klikk, og dermed også pengar.

Eller “banalt” som han sa, Drevon

Meir brød og sirkus til folket

For nokre dagar sidan skreiv eg ein bloggpost der mitt hovudpoeng var ei oppmoding til norsk media om at det for tida også hender andre saker i Noreg, og verda, enn ei viss rettssak i Oslo. Tilfeldigvis nytta eg redaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, som gallionsfigur for den norske medieskuta i mine skriveri.

I dag fekk eg til mi store overrasking eit svar frå Helle. Eller, meir presist, eit ikkje-svar. Med tanke på offentlighetsprinsippet, som både eg og Lars er opptekne av, gjenngjev eg svaret, eller ikkje-svaret om du vil, her;

Takk for link.

Jeg var faktisk gjort oppmerksom på bloggen din noen dager før, og lurte litt på om jeg skulle svare deg.

Jeg så vel egentlig ikke noe poeng i det. Det virker som vi har helt grunnleggende forskjellig syn på hvordan for eksempel en rettsstat skal fungere, der jeg jo ser at offentlighet er en del av dette.

Du mener noe annet og det er helt i orden. Jeg tror ikke vi blir enige.

Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?

Uansett var det underholdende lesning, selv om jeg ser at det ikke er noe jeg kan navigere etter i stillingen min.

Takk for engasjementet.

Vennlig hilsen

Lars Helle

Fyrst av alt må eg berre få sei at det er ganske så flatterande at mitt vesle innlegg nådde heilt fram til Lars Helle på eiga hand. Sjølv sende eg ei lenkje til han, etter nok eit innlegg i avisa hans om Amid Bubab Barlan.

Men når ein fer respons, og eit augneblenk tenkjer “wow!”, så er det godt at Helle evnar å drage ein ned på jorda att. For hans svar er altså ikkje å sjå på som eit svar. Det seier han sjølv, og det ser ein og i svaret. Helle har ikkje teke fatt i eit einaste av poenga mine, med eit lite heiderleg unntak av redaktørars ansvar for å ha ei viss inntening på produktet sitt, noko eg kjem attende til seinare. Men la nå det vere Helles val.

For min eigen del tykkjer eg nok at det hadde vore meir i tråd med hans eigne prinsipp om “offentlighet”, om han hadde publisert sitt ikkje-svar i kommentarfeltet på bloggen min. Men igjen…Helles val.

Når du no har kome så langt ned i teksten her, ville det vore for gale om eg ikkje skulle kommentert Lars Helle sitt ikkje-svar, så her kjem den biten.

Eg finn det beint fram fascinerande at Lars Helle tillegg meg meiningar der han framstiller meg som om eg var motstandar av offentligheit. Hadde Helle teke seg bryet med å leita litt attende i bloggarkivet mitt, ville han nok lagt merke til at openheit er noko av det eg set høgst. Han hadde gjerne og lagd merke til at eg har vidarformidla ein video med Pat Condell i etterdønningane etter åtaket. Her vert det meste som er verd å seie om saka sagt på under to minutt.

Eg trur Lars har hatt nokre skeive briller på då han las mitt innlegg om media si einsidige dekning den siste tida. At ein journalist, på toppen av det heile, ein redaktør, ikkje skal kunne inneha evne til refleksjon over eige arbeid er trist og skremande. Så for å hjelpa på den biten kjem her nokre tal. (Samtlege tal er henta frå Atekst.)

  • 11.09.2001 flaug to jetfly inn i World Trade Center i New York. Heile verda stod på hovudet i etterdønningane av dette. I veka som kom etter det, skreiv norske avisar 818 artiklar som inneheldt orda “World Trade Center”.
  • Veka før Stortingsvalet 14. september 2009 kunne dei same avisane vise til 570 artiklar med ord “Jens Stoltenberg” i seg.
  • Frå 01.09.2011 til 15.04.2012 har avisane, i snitt pr. veke, hatt 209 artiklar med namnet på personen bak hendinga.

Ingen av desse tre hendingane har vel gjenge direkte upåakta hen i det norske samfunnet.

Det er difor til å undrast over at Helle saknar “offentlighet” rundt saka, når ein ser at frå 16.04.2011 til 24.04.2011, 8 små dagar, har Antje Brura Bursdag vorte nemnd i 1774 artiklar. 1774! Då har eg ikkje ein gong vurdert å sjå på talet på nyhendesendingar med same tema som hovudoppslag.

At media kosar seg i dette stoffet som ein unge i fri dressur på Kvadrat, er nok ikkje ein påstand som ville gjeve meg spesielt gode odds.

Vidare til neste poeng.

Lars Helle er mildt sagt skeptisk til min “medieanalyse”. Men at eigarane set krav til ei viss inntening er unekteleg eit poeng det er vanskeleg å kome bort i frå. Kall det “klisjéfyltog rakk ned på det. Like fullt er det fakta at Schibsted, Noregs største mediekonsern, ikkje vil akseptere raude tal. At Stavanger Aftenblad i 2006 gjekk over til tabloidformat på avisa si, gjorde vel heller ikkje den biten betre?

Som den jæravisa Stavanger Aftenblad er, skal eg no forsøke å gje Lars Helle ei innføring i greipstruktur omkring mi såkalla “medieanalyse”.

Stavanger Aftenblad er ei avis med eit stort tal abonnentar. Ut i frå dette, har avisa ei temmeleg stabil inntekt. Oppå dette, eller gjerne også i fyrste rekke, kjem sal av annonsar. Avisa er i tillegg å få kjøpt i laussal.

Laussalsavisar har og sine faste kjøparar. Desse kjøparane er som røykarar. Dei er vanedyr. Dei kjøper avis av gamal vane. Kvar og ein har sin favoritt. Lik røykarar som skal ha Rød 3 kvar evige gong, kjem også den faste avisskjøpar og spør etter VG, Dagbladet eller tilsvarande. I mine år har eg endå til gode å høyra einkvan spør etter “gje meg ei avis med nytt om travhestar”. Ein kjøper aviser ut i frå at ein veit kva ein får. For ein person på min alder, er det då gjerne interessant med stoff om ei kvit og svart lærkule. And that’s it!

Mitt poeng her, fibrane som legg seg på tvers av greip-tinda og bind det heile i hop; folk er vanedyr! Dei gjer ting av gamal vane. Difor er det ikkje så nøye kva som er på framsida av avisa. Refleksen i armen gjer at samstundes som kaffekoppen kjem rykande varm over skranka, vert avisa slengd oppå ved sida av med det same, gamle  mantraet “Og gje meg Dagbladet/VG/Aftenbladet/XX og…”

Eg vil gjerne gje landets redaktørar ei utfordring. På same måte som me rett som det er fer featurebilag om interiør, ville det vore eit interessant eksperiment å gjort det same med saka. Kutt ut alt stoff om det i hovudutgåva, og sel bilag på si. Om salstala hadde tapt seg som følgje av dette, ville jo det i seg sjølv ha vore ei sak.

Igjen er det interessant å dra fram tala frå Nordiske mediedager, der 68% var lei fokus omkring drapa på austlandet sumaren 2011. For Lars Helle er journalist. Han er redaktør. Til dagleg har han likesinna rundt seg. Andre journalistar. Redaktørar. Ja jamnvel på heimebane er har han journalistar rundt seg.

No er ikkje eg så sylskarp i personanalysar som Lars Helle tilsynelatande meiner at han er, når han definerer meg som ein med grunnleggjande ulikt syn frå han. Difor vert dette i stor grad hypotetisk. Antakingar. Snåsamannutsegn. Men ein kan gjerne seie at Lars Helle kan ha utfordringar med å vera sjølvkritiskt med tanke på alle dei likesinna han omgjer seg med.

Brød og sirkus til folket

I 9 måneder har media gjenge svanger og venta på den forløysande rettssaka etter massemorda 22. juli 2011.

Det var difor på høg tid at ein no omsider kunne ta fatt på den festen det må vera for media å fråtse rundt i dei alle minste detaljar som desse 9 månadane har resultert i av faktakunnskap.

Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, har ein kommentar i avisa si 16. april. Her uttrykkjer han at trass i at ein stor prosentandel (68%) tykkjer det har vore meir enn nok dekning av massemorda, så vil det ikkje vere mogleg å droppe dekninga.

Helle ser det som media si øvste rolle å brette ut spaltemeter på spaltemeter med relevant og urelevant stoff om rettssaka. Han meiner rett og slett at det er media si plikt å gjere dette, same kva brukarane av lesarar, lyttarar og sjåarars ynskje måtte vere. Det må Helle få lov å meine, men hadde salstala vore raude som følgje av dette, hadde nok pipa fått ein annan lyd.

Lars Helle vart tilsett som ny sjefredaktør i Stavanger Aftenblad 20. oktober 2011. På spørsmål frå si eiga avis om Stavanger Aftenblad no skal verte meir lik Dagbladet, svarer Helle:

Nei, jeg har enorm respekt for at det er to forskjellige produkter og markeder. Jeg skal holde på Aftenbladets formålsparagraf. De som tror Aftenbladet nå blir en boulevardavis som Dagbladet, tar feil, sier han.

Eg gjev deg framsida av Stavanger Aftenblad 17. april 2012:

Vidare i den tidlegare nemnde artikkelen, vel Helle å nyttegjere seg av Frank Aarebrot for å forklare kvifor så stor prosentandel meiner at media har gjort jobben sin meir enn godt nok no.

At publikum er lei av krigen og ønsker å lese om noe annet, betyr ikke at mediene kan slutte å skrive om krigen.

Frank Aarebrot, landets suverent mest kjende valforskar står på ønskeliste, nei unnskyld, vitnelista til Andrus Babben Brownie. Dette fall ikkje i god jord hjå Aarebrot.

Jeg er valgforsker, og har aldri forsket på verken terror eller høyreekstremisme. Jeg kan ikke se noe jeg har forsket på som kan ha relevans for saken.

Trass i dette temmeleg bastante utsagnet frå Aarebrot, vel altså Lars Helle å bruke nettopp Aarebrot som kjelde i sitt forsvar for at media skal ha dekning av rettssaka etter 22. juli 24+ timar i døgnet.

Eg trur beint fram at Helle her har gjort seg fortent til julekort frå Andrej Brutus Bastus for å ha drege fram ein gyldig grunn for at han no har heile landets media dansande rundt som sin personlege fanskare etter at han mobba “noregs framtid og demokrati” sønder og saman i løpet av ein einaste julidag.

Me dunkar oss stadig på brystet over å ha verdas beste land å bu i. Her har me flotte levetilhøve, og ein godt utvikla rettsstat. I årevis har ny straffelov lege til handsaming i det norske byråkratiet. Ein manns handling, fekk på usedvanleg vis fortgang på noko som trøblete IKT-problem lenge hadde trua med å utsette.

No kan ein jo sjølvsagt ikkje sjå bort i frå at det gjerne var Grete Faremo som fekk sving i kostebinderiet på ein måte som Knut Storberget berre kunne drøyme om, men det kan i så fall Faremo sjølv ta æren for på eit seinare tidspunkt på ei av landets mange forsider.

Uansett straffelov og IKT-trøbbel. Mitt, og dei 68% som takka høfleg nei til klappjakt på størst mogleg salstal på Nordiske mediedager har fylgjande ynskje til Lars Helle og resten av landets marionettar:

La dette rettssystemet som me er så stolte av få gjera jobben sin i fred!

Høyr på dei 68%. Kva seier vel media om rettssystemet vårt, om dei ikkje har tiltru til at dei kan utføra det dei er sett til på ein god måte?

Aftenbladets sjefredaktør pakkar seg inn under sitt magiske framtidsteppe. Her gjentek han mantraet han lærte på sjefredaktørskulen om “media sin rolle som dokumentarist” stille for seg sjølv…for eventuell framtidig forskning på hendinga 22. juli. Kan hende ynskjer Lars Helle å gjere for Andolf Busta Brynstad, det media ikkje klarte å gjere for Fritz Moen?

Sjølvsagt er det prisverdig at Norsk media ynskjer å passe på at alle dei involverte fer den handsaminga dei har krav på i ein rettsstat, men trass i ei usedvanlig god tru på eigne, opphøgde mål, så har norske mediesjefar ein kalv som dei set høgare enn all verdas rettar: forteneste.

Nettopp kravet til forteneste innrømmer jo Lars Helle, i det han skildrar eit endra mediebilete, ein haug akkrediterte journalistar og sjåartal på vevfjernsyn i dei seinare åra.

Men på Stortinget er dei nok glade no. Endeleg fekk mediekorpset anna å plukke i frå kvarandre enn ugilde politikarar med for mange år borte frå det verkelege samfunnet dei er tillitsvalde for.