For nokre dagar sidan skreiv eg ein bloggpost der mitt hovudpoeng var ei oppmoding til norsk media om at det for tida også hender andre saker i Noreg, og verda, enn ei viss rettssak i Oslo. Tilfeldigvis nytta eg redaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, som gallionsfigur for den norske medieskuta i mine skriveri.
I dag fekk eg til mi store overrasking eit svar frå Helle. Eller, meir presist, eit ikkje-svar. Med tanke på offentlighetsprinsippet, som både eg og Lars er opptekne av, gjenngjev eg svaret, eller ikkje-svaret om du vil, her;
Takk for link.
Jeg var faktisk gjort oppmerksom på bloggen din noen dager før, og lurte litt på om jeg skulle svare deg.
Jeg så vel egentlig ikke noe poeng i det. Det virker som vi har helt grunnleggende forskjellig syn på hvordan for eksempel en rettsstat skal fungere, der jeg jo ser at offentlighet er en del av dette.
Du mener noe annet og det er helt i orden. Jeg tror ikke vi blir enige.
Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?
Uansett var det underholdende lesning, selv om jeg ser at det ikke er noe jeg kan navigere etter i stillingen min.
Takk for engasjementet.
Vennlig hilsen
Lars Helle
Fyrst av alt må eg berre få sei at det er ganske så flatterande at mitt vesle innlegg nådde heilt fram til Lars Helle på eiga hand. Sjølv sende eg ei lenkje til han, etter nok eit innlegg i avisa hans om Amid Bubab Barlan.
Men når ein fer respons, og eit augneblenk tenkjer “wow!”, så er det godt at Helle evnar å drage ein ned på jorda att. For hans svar er altså ikkje å sjå på som eit svar. Det seier han sjølv, og det ser ein og i svaret. Helle har ikkje teke fatt i eit einaste av poenga mine, med eit lite heiderleg unntak av redaktørars ansvar for å ha ei viss inntening på produktet sitt, noko eg kjem attende til seinare. Men la nå det vere Helles val.
For min eigen del tykkjer eg nok at det hadde vore meir i tråd med hans eigne prinsipp om “offentlighet”, om han hadde publisert sitt ikkje-svar i kommentarfeltet på bloggen min. Men igjen…Helles val.
Når du no har kome så langt ned i teksten her, ville det vore for gale om eg ikkje skulle kommentert Lars Helle sitt ikkje-svar, så her kjem den biten.
Eg finn det beint fram fascinerande at Lars Helle tillegg meg meiningar der han framstiller meg som om eg var motstandar av offentligheit. Hadde Helle teke seg bryet med å leita litt attende i bloggarkivet mitt, ville han nok lagt merke til at openheit er noko av det eg set høgst. Han hadde gjerne og lagd merke til at eg har vidarformidla ein video med Pat Condell i etterdønningane etter åtaket. Her vert det meste som er verd å seie om saka sagt på under to minutt.
Eg trur Lars har hatt nokre skeive briller på då han las mitt innlegg om media si einsidige dekning den siste tida. At ein journalist, på toppen av det heile, ein redaktør, ikkje skal kunne inneha evne til refleksjon over eige arbeid er trist og skremande. Så for å hjelpa på den biten kjem her nokre tal. (Samtlege tal er henta frå Atekst.)
- 11.09.2001 flaug to jetfly inn i World Trade Center i New York. Heile verda stod på hovudet i etterdønningane av dette. I veka som kom etter det, skreiv norske avisar 818 artiklar som inneheldt orda “World Trade Center”.
- Veka før Stortingsvalet 14. september 2009 kunne dei same avisane vise til 570 artiklar med ord “Jens Stoltenberg” i seg.
- Frå 01.09.2011 til 15.04.2012 har avisane, i snitt pr. veke, hatt 209 artiklar med namnet på personen bak hendinga.
Ingen av desse tre hendingane har vel gjenge direkte upåakta hen i det norske samfunnet.
Det er difor til å undrast over at Helle saknar “offentlighet” rundt saka, når ein ser at frå 16.04.2011 til 24.04.2011, 8 små dagar, har Antje Brura Bursdag vorte nemnd i 1774 artiklar. 1774! Då har eg ikkje ein gong vurdert å sjå på talet på nyhendesendingar med same tema som hovudoppslag.
At media kosar seg i dette stoffet som ein unge i fri dressur på Kvadrat, er nok ikkje ein påstand som ville gjeve meg spesielt gode odds.
Vidare til neste poeng.
Lars Helle er mildt sagt skeptisk til min “medieanalyse”. Men at eigarane set krav til ei viss inntening er unekteleg eit poeng det er vanskeleg å kome bort i frå. Kall det “klisjéfylt” og rakk ned på det. Like fullt er det fakta at Schibsted, Noregs største mediekonsern, ikkje vil akseptere raude tal. At Stavanger Aftenblad i 2006 gjekk over til tabloidformat på avisa si, gjorde vel heller ikkje den biten betre?
Som den jæravisa Stavanger Aftenblad er, skal eg no forsøke å gje Lars Helle ei innføring i greipstruktur omkring mi såkalla “medieanalyse”.
Stavanger Aftenblad er ei avis med eit stort tal abonnentar. Ut i frå dette, har avisa ei temmeleg stabil inntekt. Oppå dette, eller gjerne også i fyrste rekke, kjem sal av annonsar. Avisa er i tillegg å få kjøpt i laussal.
Laussalsavisar har og sine faste kjøparar. Desse kjøparane er som røykarar. Dei er vanedyr. Dei kjøper avis av gamal vane. Kvar og ein har sin favoritt. Lik røykarar som skal ha Rød 3 kvar evige gong, kjem også den faste avisskjøpar og spør etter VG, Dagbladet eller tilsvarande. I mine år har eg endå til gode å høyra einkvan spør etter “gje meg ei avis med nytt om travhestar”. Ein kjøper aviser ut i frå at ein veit kva ein får. For ein person på min alder, er det då gjerne interessant med stoff om ei kvit og svart lærkule. And that’s it!
Mitt poeng her, fibrane som legg seg på tvers av greip-tinda og bind det heile i hop; folk er vanedyr! Dei gjer ting av gamal vane. Difor er det ikkje så nøye kva som er på framsida av avisa. Refleksen i armen gjer at samstundes som kaffekoppen kjem rykande varm over skranka, vert avisa slengd oppå ved sida av med det same, gamle mantraet “Og gje meg Dagbladet/VG/Aftenbladet/XX og…”
Eg vil gjerne gje landets redaktørar ei utfordring. På same måte som me rett som det er fer featurebilag om interiør, ville det vore eit interessant eksperiment å gjort det same med saka. Kutt ut alt stoff om det i hovudutgåva, og sel bilag på si. Om salstala hadde tapt seg som følgje av dette, ville jo det i seg sjølv ha vore ei sak.
Igjen er det interessant å dra fram tala frå Nordiske mediedager, der 68% var lei fokus omkring drapa på austlandet sumaren 2011. For Lars Helle er journalist. Han er redaktør. Til dagleg har han likesinna rundt seg. Andre journalistar. Redaktørar. Ja jamnvel på heimebane er har han journalistar rundt seg.
No er ikkje eg så sylskarp i personanalysar som Lars Helle tilsynelatande meiner at han er, når han definerer meg som ein med grunnleggjande ulikt syn frå han. Difor vert dette i stor grad hypotetisk. Antakingar. Snåsamannutsegn. Men ein kan gjerne seie at Lars Helle kan ha utfordringar med å vera sjølvkritiskt med tanke på alle dei likesinna han omgjer seg med.