Tagged in: historie

Samling i bånn

Me skriv september 2023, og eg har vel etterkvart teke til å innsjå at eit generasjonsskifte har funne stad. Sjølvsagt ikkje heilt umerkeleg, ein merkar jo at folk går bort, men likevel så snikande og umerkeleg at livet på merkeleg vis fortset som om ingenting har hendt.

Eg har gått i frå å vera ein av dei som traskar mellom dei vaksne, observerer rutinar, usagde reglar og lukter, til å gå i front, og vera ein av dei som, etter beste evne, forsøker å vidareformidla det eg obseverte i min barndom, for det som kjennest som kun kort tid sidan.

Det er fint å vera ein del av tida. At oldebarn kan leika på same grasflekken i haustsola som oldeforeldra. At folk og fe kan traska langs dei same rutene som ein har gjort i generasjonar. Forbi dei same steinane. Over dei same myrene. Opp, eller ned “Vonde veien”.

Sjølv om folka ikkje er dei same lengre, så er det godt å kunne kjenne på at ein vidareformidlar dette gamle. “Slekt skal følge slekters gang”, heiter det når me går rundt juletreet. Den klangen gjev gjenlyd heile året når ein er så heldig å leva livet sitt i randsona mellom menneske og andre dyr. I natur. I årstidene. I tida.

Eg er glad i dette livet. Eg er glad eg kan trekke den raude tråden attende….i tida. Sjå kor han snirklar seg framover, med nokre snurrar ut i periferien, for deretter å koma attende til det trygge. For uansett korleis ein vrir og vender på det…snipp, snapp, snute….med eitt er tida ute. Men tråden fortset. Voneleg.

Morsgarden
Gravatn

Teknologi og lærar(t)rolla

Skulemennesket meg har vore med på ein heisatur av ei reise dei siste 30 åra. Då eg trakka rundt og skulle læra meg skule, var det TIKI med Snake som var det store. Med store diskettar på fem tomar og monokrom skjerm.

Seinare kom PC’en til Sinnes skule. Pentium med 8 megabyte RAM (seinare oppgradert til 16!), CD-rom og 28.8 modem er ord som gjer at eg vert varm innvendig. Den sterkt gjenkjennelege oppkoplinga til nettet…det store ukjende. Internettet der all kunnskap i heile verda fanns! Kor dette kom til å revolusjonera all læring.

Og slik har me higa etter det siste nye i skule i årevis. Alltid med auge for å betra læringa. Heilt sidan Edison i 1922 sa “the motion picture is destined to revolutionize our educational system….”. Deretter var det same leksa med radio. Så fjernsyn. Kven hugser vel ikkje “Roteloftet”?

Etter det tura datamaskinane inn i skulen. Deretter vart dei kopla saman via internett. Og så har snøballen byrja å rulla.

Dei siste åra har smarte tavler (i praksis ein projektor med diiiiiiger, vertikal museplate, og slett ikkje så smarte) vore siste skrik. Små, handhaldte datamaskinar vert no testa ut i mangt eit klasserom for alle pengane….bokstaveleg talt.

Ironisk nok hadde me ei opprydding på skulen min i dag. I den samanheng kom me over ein 14 år gamal projektor, type 3M, som kom i koffert av militær klasse, med trillehjul, og sikkert også obligatorisk krav om HMS-kurs i løfteteknikk for å ta han i bruk. 14 år! Og allereie ein dinosaur.

Medan mang ein lærar forbannar ein daud ting som har vorte plassert i klasserommet som om det hadde sjelelege evner, tek Bill Gates seg ein tur til Noreg for å skapa litt blest omkring eit prosjekt i Afrika han har funnet det for godt til å støtta etter å ha tent graps på å pusha eit digitalt univers inn i skuleverket.

Misforstå meg rett. Eg har hatt stor glede av det for min eigen del. Men greia er jo at det er fint lite av det eg har plukka opp av “dataskillz” som eg har lært av pedagogisk utdanna personale. Mesteparten har eg lært på fritida. Mesteparten har eg lært som følgje av ein av to ting:

1. Timesvis med slit og repetisjon.

2. Gått på ei solid blemme som eg har måtta betala for.

At Derek Muller (Veritasium) la ut videon nedanfor, gav difor ein heil del meining for min del. Han trekk ut nokre essensar som den til einkvar tid sittjande Utdanningsminister burde streba etter å etterleva så godt han eller ho berre kan. For ein maskin, skjerm, dings…eller kva det no måtte vera kan ikkje gjera same jobben som ein lærar. Ein lærar som evner å skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø, der elevane vert utfordra, må bryna seg og ikkje ikkje fer servert ferdig tygt mat. Kreativitet, utforsking og feiling er alle tre ord som eg meiner må til for at ein skal kunne lære noko vetugt. Diverre synest det som om minst to at mine stikkord er på god veg vekk frå skulekvardagen, om dei ikkje allereie er long gone.