Tagged in: personleg

Samling i bånn

Me skriv september 2023, og eg har vel etterkvart teke til å innsjå at eit generasjonsskifte har funne stad. Sjølvsagt ikkje heilt umerkeleg, ein merkar jo at folk går bort, men likevel så snikande og umerkeleg at livet på merkeleg vis fortset som om ingenting har hendt.

Eg har gått i frå å vera ein av dei som traskar mellom dei vaksne, observerer rutinar, usagde reglar og lukter, til å gå i front, og vera ein av dei som, etter beste evne, forsøker å vidareformidla det eg obseverte i min barndom, for det som kjennest som kun kort tid sidan.

Det er fint å vera ein del av tida. At oldebarn kan leika på same grasflekken i haustsola som oldeforeldra. At folk og fe kan traska langs dei same rutene som ein har gjort i generasjonar. Forbi dei same steinane. Over dei same myrene. Opp, eller ned “Vonde veien”.

Sjølv om folka ikkje er dei same lengre, så er det godt å kunne kjenne på at ein vidareformidlar dette gamle. “Slekt skal følge slekters gang”, heiter det når me går rundt juletreet. Den klangen gjev gjenlyd heile året når ein er så heldig å leva livet sitt i randsona mellom menneske og andre dyr. I natur. I årstidene. I tida.

Eg er glad i dette livet. Eg er glad eg kan trekke den raude tråden attende….i tida. Sjå kor han snirklar seg framover, med nokre snurrar ut i periferien, for deretter å koma attende til det trygge. For uansett korleis ein vrir og vender på det…snipp, snapp, snute….med eitt er tida ute. Men tråden fortset. Voneleg.

Morsgarden
Gravatn