Tagged in: ressursbruk

Datasenter – eit verdival

I Sirdal har me sett store utbyggingar før. Me har, som Espen Elg frå barnelitteraturen ville sagt det: erfaring.

Case in point: Sira Kvina.

Dei er på ballen igjen. Sjølv om dei endå ikkje (i alle fall om ein skal tru på Brattland sjølv) har bestemt seg for å satsa: sirdalmedia.no/2026/06/sira-kvina-vil-ruste-opp-for-framtida-tjorhom-pumpekraftverk-presentert-pa-apent-mote/

Det Greenscale, i samband med ordførar, varaordførar (bukken til havresekken…) og kommunedirektør presterer å gjera, er noko ganske anna!

Dette valet er ikkje eit val for eller mot 30 milliardar investert på Josdal og Tonstad.

Det er eit verdival, metaforisk og heilt konkret, for heile regionen. For heile straumråde 02. For framtidige generasjonar. For det norske samfunnet.

Når noko synest å vera for godt til å vera sant, som i dette tilfellet, kan det vera lurt å stikka fingeren godt i jorda og ta seg eit kvileskjer. Heile det norske skuleverket å utdannar heile det norske folk til å vera kjeldekritiske. Takk og lov for det. Så gjeld det å ta denne lærdomen i bruk utanfor skuleverket…

Industriminister Rostoft opnar Tonstad kraftverk.

Å planta eit «Kristiansand» på Josdal, i form av ein straumhungrig koloss, som skal få sugerøyr inn i straumkjelda som i utgangspunktet vart oppretta for, for å sitera industriminister Rostoft i Tonstad kraftstasjon i 1963 (sjå vedlagd bilete), «[…] at 1,8 mrd kw/t elektrisk kraft, er klar til innsats for land og folk». Det rimer liksom ikkje heilt med utgangspunktet. Land og folk.

Så ser ein jo også, sidan me kan det i 2026, at over dammen er det ikkje mindre skepsis til datasenter.

Seinast 11.6.2026 sat Trump på sitt ovale kontor, omsmykka av ryggslikkarar med norskamerikanaren Sig Hansen (fiskeprogram på Discovery Channel) i spissen, og kunne fortelja at vindkraft (som norske Equinor har ein kjærleik for) på sjøen ikkje berre var ein nasjonal tryggleiksrisiko, men og ei marin krise for fisket. Tenk det. Trump har bortimot meldt seg inn i Bellona!

Kva Trump ynskjer i staden for Equinors grønvaskande vindmøller er velkjend med hans «drill baby, drill».

Ein kan med andre ord stå ganske trygt i det at dette er eit verdival. Ikkje berre for Josdal, Tonstad og Sirdal…men faktisk for heile verda!

Tryggleiksmessig er vel Ertsmyra allereie eit av Nordeuropas mest opplagde bombemål om ein skulle havne i den situasjonen. Slikt skal ein jo tenkje på. Beredskapen heime. Me er jo i totalberedskapsåret 2026.

Ein skal ikkje lenger attende enn til oktober 2022 før dette var ei greie på Tonstad. Og då var det ikkje datasenter der.

Ynskjer ei framand makt å skaka Tyskland eller England er det strengt tatt berre å sende ei drone til Josdal. Vips så har ein redusert «marknaden» sin tilgang på kilowattimar frå S02. Datasenteret vis a vis, vil i sin tur vera redusert til noko tilsvarande ein bilproduksjonshall i Detroit….eit tomt skal utan verdi.

Når no Musk sit på papirpengeverdiar tilsvarande 46 % av alle verdas fattigaste, er det neppe meir av det som har sett han, Bezos og Zuckerberg i sine situasjonar,  me treng. (www.billionaires.africa/2026/06/11/oxfam-details-the-danger-of-elon-musk-becoming-worlds-first-trillionaire/)

Me veit jo faktisk ikkje kven som er kundane til Greenscale. Det er sjølvsagt, i ein «marknad», hemmeligheitsstempla. I eit ope (me likar i alle fall å tru at det er det me har) sosialdemokrati som Noreg, er DET eit problem i seg sjølv. Det var det med verdival….