Tagged in: blogg

Bård Vegard skiftar fokus…

Tidlegare denne månaden kommenterte eg utdanningsminister Solhjell sitt fokus når det kom til dei skulebloggane han presenterte i sin eigen blogg.

I kveld viste det seg at kommentaren har hatt noko for seg. Kjempeflott. Seks månadar ute i mi lærargjerning, og eg har makta å få sjefen sjølv i tale skrift. Heretter kan det berre gå ein veg…nemleg omtrent som børsindeksen dei same siste månadane.

Men huttetu så kjekt det føltes å få tilbakemelding på det ein skriv! Når det er sagt, treng du sjølvsagt ikkje vere utdanningsminister for å kommentere ting som dukkar opp her. Det er fritt fram for alle!

Statistikken er har laga meg er no oppdatert med dei siste bloggane. Godt å sjå ei auke hjå dei blå og!

Bård Vegards skulefokus?

Utdanningsdepartementet med Bård Vegard Solhjell i spissen satsar på skule. I alle fall er det det rykta seier. Med sjukelister lange som ein skuletrøyt tiandeklassings siste skuledag før sumarferien, underskot som relativt sett dankar ut det verste Island har sett og generell mangel på tilsette til å fylla opp dei manglande postane som burde vore på plass i ein ufatteleg hektisk skulekvardag kan denne satsinga synast som eit spel for galleriet.

Men ein ting skal Solhjell ha. Han er flink til å nyttegjera seg av moderande uttrykksformer. Han bloggar. Og det er han flink til. Det siste prosjektet i rekkja hans om dagen er å presentera nokre av dei bloggane han kjenner til som finst ute i bloggosfæren. Slikt er prisverdig. Lærarar som vert presentert på bloggen til utdanningsministeren tykkjer utan tvil at det er stas.

Og kan hende det var nettopp difor eg tok på meg dei kritiske brillene og gjekk over dei bloggane han har presentert så langt. Beint fram rein avundsjuke? Men for all del…mange av dei bloggane han trekk fram er jo eg sjølv fast lesar av, og dei er innhaldsrike. Det eg kanskje saknar er noko frå barneskulen. Ein rask gjennomgang gav meg følgjande statistikk:

[Oppdatert statistikk: 16.02.09 i høve til Bård Vegard Solhjell sine bloggpostar.]

Oppmodinga ligg altså framføre deg Bård Vegard…hansken er kasta! Finst det verkeleg ingen barneskulebloggarar der ute? Eller kan hende er dei for opptekne med å driva undervisning?