Dagbladet gjer det altså igjen. Nok ei billeg, lite sjølvkritisk overskrift tonar i mot meg, og det er ikkje ein gong gått ei veke sidan sist. Herrane Lofstad og Norum Monsen ser ut til å ha fått fritt spelerom med tanke på overskrifter. Denne gongen har dei teke tak i eit aspekt av Fritzl-saka i Austerrike.
Biletet til høgre viser ei faksimile frå Dagbladet si framside på nett i dag 16.03.2009. Med krigsoverskrifter vert det tydeleg sett med kritiske blikk på det at ein slektning kjører ei kynisk linje og tener seg nokre ekstra pengar på sin svogers forferdelege handlingar.
Eg spør meg sjølv; kven er Dagbladet som kritiserer ein privatperson for å krevje pengar av media for å uttale seg? Kan det vere at Dagbladet ikkje har fått tilgang til rettssalen der saka går, og difor må gripa etter dei halmstråa dei kan finna for at nettopp Dagbladet kan skvisa nokre kroner til på avissal på denne grufulle saka?
I sjølve artikkelen er i alle fall overskrifta flytta ned til ingressplass, og slik eg ser det er jo heile poenget med overskrifta på framsida nettopp å gjere den artikkelen meir interessant enn det han er. For strengt tatt så kunne vel mellom anna Dagbladet ha vorte anklaga for nett det same!
Akkurat det samme tenkte jeg ,da jeg så overskriften .Rettferdig harme kler ikke Dagbladet..
Holder med henne, jeg. Familien på den siden ser ut til å ha dårlig økonomi, og med tanke på hva Fritzl har gjort mot dem, så hvorfor ikke tjene noen kroner? Dagbladet virker småfornærmet fordi de ikke fikk noen ord med henne 🙂
For Dagbladet handler dette om penger. Hvis de må betale gode penger til sine kilder blir deres egen fortjeneste mindre.
Artikkelen er derfor ren pengegriskhet fra Dagbladets side.
Ingen som lurer på hvorfor akkurat Dagblad- saken ikke er utstyrt med kommentarfelt, nei…