Ting du ikkje visste…

I dag, 16.05.2009, er eg 28 år, 2 månadar og 25 dagar gamal. Eller i veker; 1473 og 2 dagar. Ein kan til og med ta det i dagar; 10313 dagar gamal. I tillegg er eg født på ein torsdag, og den torsdagen var det 99.98% opplyst fullmåne over Stavanger med 4 kalde vintergrader .

Kanskje ikkje verdas mest nyttige informasjon å veta, men det er nettopp slike ting ein kan nytta søkemotoren WolframAlpha til.

Teknisk sett er det likevel ikkje ein søkemotor WolframAlpha først og fremst er;

Is Wolfram|Alpha a search engine?

No. It’s a computational knowledge engine: it generates output by doing computations from its own internal knowledge base, instead of searching the web and returning links.

For folk flest vil han nok likevel framstå som ein søkemotor. Eksempel på kva ein kan nytta tenesta til, er å finna reiseinformasjon frå Stavanger til Tokyo eller ein kan finna ut korleis ein tek ein Cmaj7-akkord på tangentar. Flotte, praktiske kunnskapar som ein, i motsetnad til å vete kor mange veker gamal ein er, kan få bruk for.

For å leggje WolframAlpha til i nettlesaren din slik at du let kan søkja der, kan du klikka deg vidare hit.

Skulen attende til «opne» landskap?

Digi.no har i dag ein artikkel som syner at nokre kommunar tør ta steget fullt ut og satse på åpen programvare. Dette tykkjer i alle fall eg at er flott. Kommunane vel OpenOffice framfor Microsoft Office. Såvidt eg kan forstå, vil operativsystema endå vera Microsoft XYZ. Men det er då eit steg i rett retning.

Ut i frå det som står, kan det synast som om motivasjonen for å velgje OpenOffice er grunna i det økonomiske. Eg vonar at dette ikkje er den einaste grunnen til at kommunane vel å gå over til dette, men ser sjølvsagt at dette er det fokuset som er letast å «selje» utad. At ein vil kome til å nytte seg av opne format, vert, er eg redd, litt for teknisk grunngjeving for at det skal vera ein god nok grunn. Men i mange tilhøve kan det nok vera det likevel.

Min fyrste kontorprogrampakke var Microsoft Works. Det kom på 7 gråe diskettar, og var himmelriket i samanlikning med Microsoft Wordpad. Eg lagra alle mine skuleoppgåver i Works (Microsoft) sitt eige format, wps. Dette var på ungdomsskulen. År seinare fann et att nokre diskettar eg hadde frå den tida, og eg skulle åpne opp dei filane som var på dei. Eg hadde då ein tjuvkopiert Microsoft Office 2000-versjon. Fint og flott var det, men støtte for wps-filer var det ikkje. Det kryptiske eg fekk opp sa meg ikkje mykje. Men her er vi med poenget. Når ikkje eingong same firma klarar å la seinare utgåvar av liknande programvare lese tidlegare tiders versjonar og filformat av di dei er proprietære (lukka), korleis skal ein då forvente at det skal kunne gå?

Såvidt eg har fått med meg, tillet i det minste siste versjon av Works å lagre i doc-format. Om ein kan lagre i docx-format, det siste formatvalet til Microsoft, ja det skal eg ikkje uttale meg om.

Og sidan me er inne på åpne format og fri programvare…her er eit forslag til ein betre PDF-lesar enn Adobe Acrobat; Foxit Reader!

Topp 3 PC-spel

Eg er ingen stor gamer, men eg har då lete auga få unngjelde nokre seine nattestimar framfor dataskjermen likevel. Dette er dei tre spela eg har brukt desidert mest tid på framfor PC’en, og som også har gjeve meg mykje å bryne dei små grå på samstundes som eg har hatt det artig.

#3 – Normality

#2 – LBA 2

#1 – Colonization

Ein mogleg definisjon av ordet «visdomsjeksel»?

Eg har ikkje vore hjå tannlegen sidan førre årtusen.

Den setninga der høyrest nok litt verre ut enn det eigentleg er, men likevel er det gale nok. Det er snakk om ein tiårsperiode sidan sist eg senka meg sjelvande ned på tannlegestolen. Mykje er med det same. Lydane, luktane, syna….det einaste som er endra er strengt tatt kjenslene.

Men som sagt, så er det altså ei stund sidan sist eg var innom ein medicus dentarius for ein sjekk. Hovudgrunnen er vel eigentleg det at eg ikkje har hatt særs vondt i dei, men eg fekk ein gong eit kompliment for den «flott» tanngarden min…av ei gammal dame i Nepal. Det siste der burde kanskje fortalt meg eit og anna.

Sist veke var det likevel på tide med eit raid. Det vart ikkje berre ein svipptur innom. Heile tre vitjingar måtte avleggjast før Lalita var nøgd. Japp…tannlækjaren heitte Lalita. La-la-la-laliita. Namnet rullar lett på tunga, og dei tidlegare fryktinngytande instrumenta på bordet over bringa di dansa like lett rundt i kjeften. Dalsmo sine arr i tannlegeminnet mitt var i ferd med å forsvinna som morgondogg i graset ein tidleg sommarmorgon.

Ein time med åpen kjeft tek på...Men luktane er dei same, lydane like så. Det einaste som er endra, er kjenslene. Status etter Tannlækjarveka ’09 vart slik:

  • Måndag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
  • Onsdag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
  • Fredag; 4 stk hólreperasjonar (4280,-)

Snaue 8000 kroner med andre ord. Men ein kan mest seia at det var verdt det, for heile seansen kjendest mest ikkje. Sprøyta, som eg skal innrøma at eg hadde frykta før eg steig inn i Karius og Baktur-helvetet, baud på mindre smerter enn det gjorde å skjera seg på peikefingaren med ostehøvelen tidlegare i veka. Slik sett var det vel meir smertefullt å få levert kvitteringa på gildet. Men det er her det er viktig å halda korrekt perspektiv på saker og ting.

Med tanke på at det er såpass lenge sidan sist eg var innom tanngardsreperatøren må ein jo gjera visse justeringar i reknestykket. Summen kan i det minste dividerast på 10, om ikkje endå meir. Ein endar då opp med ein tålig edrueleg årleg sum på 794 kroner, noko som slett ikkje kan seiast å vera så hakkande gale.

Men etterpåklokskap er jo som kjend den beste klokskapa, og kan hende er det også nettopp difor ein har fått plassert det velklingjande namnet «visdomstenner» på dei bakerste jekslene?

Funderingar i høgda

Nokre tusen fot oppe i lufta, på veg til Dokfilm ’09, vart eg sittjande å glo ut på skyene og fundera på ei sak. Eg har ein tendens til slikt. Vurderer mest eit høgdeopphald for å sjå om hjerna fungerer best i høgda, eller om det berre er feberfabuleringar som dukkar opp på grunn av at ei 40 cm tjukk vengje skiljer deg frå den visse død i eit fleire tusen meter fritt fall mot marka.

På veg til VoldaI alle fall. Her er noko som nokon kanskje kan svara meg på;

Me går varmare tider i møte. Meir og meir is smeltar og renn ut i verdshava. Auka varme og meir vatn skulle ein tru også ville medføre meir fordamping. Fordamping i hav endar som kjent opp som skyer. Skyer skygger for sola. Kan ein då risikera at skyene på eit visst tidspunkt dekkjer så mykje for sola at ho ikkje slepp inn sine varmande solstråler til jorda slik at ein på ny går mot ei istid? Kor mykje skyer kan ein eigentleg ha der oppe?

Slike finurlege ting dukkar altså opp i ei ståltube 24000 fot over bakken på veg til Volda. Er det eigentleg normalt?

Attende til kvardagen

Etter nokre etterlengta feriedagar er det for mange attende til det normale att frå i morgon av. Kanskje like greit, for i år fekk eg aldri heilt den store påskestemninga likevel.

Trøysta er vel som alltid at neste ferie ikkje er så alt for langt unna…eigentleg. Det kan berre synast slik.

Men nye utfordringar ventar, og det vert spanande å ta fatt på dei. Uprøvde saker og ting skal prøvast, og så får ein sjå korleis ein kjem ut av det til slutt.

For å seie som Charlie Crews;

It’s not where they were, it’s not what they were. What if it’s what they were about to be? They were about to be happy!

Når seriøse nyhende vert artige

I dag tikka det inn to nyhende i RSS-lesaren min som fekk meg til å dra litt på smilebandet;

Motstridande nyhende

Når det er sagt, så er sjølvsagt sakene i seg sjølv ganske alvorlege. At Himalaya opplever dramatiske skiftingar i årevisse naturhendingar som dei har basert liva sine på gjev sjølvsagt dramatiske utfordringar. At det industrialiserte og til samanlikning godt førebudde Noreg slit med flom vert med eit ikkje så alvorleg…i alle fall ikkje i det store perspektivet.