Mmm mmm mmm så djupt!

Ein av dei vokalistane eg er absolutt mest imponert av blandt det eg kjenner til av musikk er Crash Test Dummies« Brad Roberts. Gruppas utvilsomt mest kjende song, «Mmm mmm mmm», frå filmen «Dum og dummare» var utvilsomt med på å gjere gruppa kjend ut over Canada’s grenser. I heimlandet deira var det derimot «Superman song» som gjorde dei kjende;

I leitinga etter litt mimremusikk frå det herlige 90-talet, kom eg og over ein melodi eg ikkje hadde høyrt tidlegare som og fall i smak. «I’ll never leave you alone». Ironisk nok (om ein legg merke til teksten) er konserten frå ei kyrkje…

Slagordskommuna Sirdal

For ei god stund sidan fekk Sirdal kommune den store æra av å verte kåra til den kommunen i landet med det beste slagordet.

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/07/slagord.mp3]
Norgeslasset 04.06.09

I hard kamp med klasseslagord som Sande kommunes «Utanfor allfarveg – heldigvis» og Frolands «2+2=5» er eg glad for at Sirdal klarte å trekkja det lengste strået…eller skal ein seie fjøra?

Yngve Carlsson er forsker ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Han sier til foreningens nettsted at det ikke hjelper med gode slagord om ikke kommunen følger opp med handling:

– Du kan ikke reklamere deg ut av et dårlig rykte. Du må gjøre noe med forholdene, sier Carlsson.

Kanskje var nettopp dette grunnen til at det gode gamle «Sirdal – ein god stad å bu» forsvann? Med ny rundkjøring 550 m.o.h, midt i snøen, som einaste rundkjøring i kommunen, ville jo dette slagordets folkemunneversjon vore litt for treffande: «Sirdal – ein god stad å snu.«

Kampen om vegen

Under mi vitjing til Danmark i fjor sumar fekk eg sjansen til å prøva meg i ein ekte sykkelby. Kjensla av å sette seg på setet og trakke i veg på ein stad der det var eit system for korleis ein skulle oppføra seg på sykkel var…sensasjonell!

Det var som å vera attende på kjøreopplæringa med unntak av at dette kjendest moro! Sjølvsagt kan dei paddflate gatene i København ha gjort sitt til det voldsomme gledesrushet, men det å sykle avgarde på ein måte der sjansen for å krasje med andre kjendest minimal gjorde at dette står igjen som ei av dei flottaste opplevingane eg hadde i Danmark.

Mange norske byar kan med fordel gjere som New York åsjå til byar i verda som verkeleg har teke poenget.

Sumarspam

Det er ikkje så langt unna at «sumartid» er i ferd med å verte synonymt med «spamtid». Ein kvar med litt anna enn sagespon inni topplokket vil forstå at når det dukkar opp oppfølgingar av spørjeundersøkingar du ikkje kan hugse å ha registrert deg for, ja då er kansje ikkje ting heilt som dei ser ut til å vera. Dette har media teke fatt i før. Det er ikkje agurktid for ingenting.

I dag dukkka det opp ein e-post frå NRK i innboksen min. E-posten var sendt til ein gmail-konto eg har. Denne nyttar eg svært sjeldan til å delta på brukarundersøkingar…eller noko anna for den del.  Når e-posten i tillegg er sendt frå eit dansk firma, på vegne av NRK.no, då burde det seie seg sjølv at det du les på er lite anna enn godt gammaldags tull og fanteri.

NRK-spam

1995

’74-’75, Shy guy, You suck, Hold me, Thrill me, kiss me, kill me, Scatman’s world, Have you ever really loved a woman, Wish you were here, 1979, Cotton Eye Joe, Disco 2000, Common People, Wonderwall, Roll with it, I’d lie for you, Love is all around, Gangsta’s paradise, It’s oh so quiet, You learn…

1995 var kort og godt eit heidundrande musikkår. Året eg var 14. Kan hende var det den perfekte sumar? Eg hugsar i alle fall sterkt at The Connells bortimot hadde einerett på den knapt to år gamle P3-bølgja, og dei sarte tonane vart akkompagnert av solstråler.

Sumarferie 2009

Årets ferie vart eit faktum etter at Askild hadde vore frampå året i førevegen med å padla Lysefjorden. 8.7 la difor fem eventyrsjuke personar ut i frå Lauvik i kvar sin kajakk. Askild, Jan Olav, Kristin, Sandra og eg la avgarde innover fjorden i opphaldsver og roleg sjø…som bestillt.

To dagar seinare landa me i Lysebotnen etter to flotte dagar på fjorden med alt det Noreg kan by på av ver. Men nokre ord dekkjer det heile ganske fortreffeleg: «tima og tilrettelagt»! For det var jo nokre dråpar som møtte oss på vegen innover, men lukkelegvis for dei fem staute padlarane kom dei antan når me sat godt planta i båten, då me hadde fått opp telt, eller sat i ly under tak i Flørli. I Flørli forlot også Jan Olav oss, og padla heim att til fordel for litt familiemingling.

Returen vart gjort på dekk frå turistferga ut fjorden igjen, noko som sjølvsagt var ei litt anna erfaring enn padlinga. Deretter lempa me båtane på biltaka og sette nasen mot Stavanger. For austlendingar er det jo klart at det er spanande å ta ein tur til Oljehovudstaden i Noreg. Her vart det litt sightseeing i gatene, samt is i Vågen i ganske så perfekt ver.

Neste stopp på ekskursjonen vart Dalsnuten i Sandnes. Her var me ein tanke uheldige og hadde mykje skyer liggjande over Jæren i det me nådde toppen, men det såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga…jf. hoppebiletet under. Kvelden var tilbragt i telt på Selestranda. Sjeldan har eg opplevd så perfekte tilhøve som me hadde her. Ikkje eit vindupust. Ikkje eit insekt. Og morgonen etter vart det årets fyrste bad i sjøen…i nokre ganske kalde nordsjøgrader.

For å varma opp kroppane litt var siste stopp på austelndingane sitt firedagarseventyr på sør-vestlandet avslutta med tur til Kjerag-bolten. Her fekk me oppleve basehopp frå få meters avstand, noko som strengt tatt var eit rush som var meir enn nok, stupbratte fjellsider 1000 meter ned i fjorden, og sjølvsagt den obligatoriske poseringa på sjølve Kjerag-bolten.

1 (1)

Leiketøy i sumarvarmen

Då har eg kome så langt som til min fjerde iPhone. Denne fekk eg gratis av Steve Jobs. Heldigvis. Eg har funne ut at eg har betalt ca 12.000 til NetCom med alt eg har ringt sidan august. Det er dyrt. Difor var eg god nøgd då eg klarte å «snylte» til meg eit gratis deksel til å klistre på glassflata. Feittete fingrar lagar sjølvsagt merke på ei lekker glasflate.

Men eg har også gått til innkjøp av fleire leiketøy.

Det er no ganske nøyaktig seks år sidan eg kjøpte mitt fyrste digitalkamera, eit Olympus C-730 Ultra Zoom. Norsk pris: 4300,-. Pris i Petrona Towers, Kuala Lumpur; 3200,-. Eit kupp med andre ord. Det har vore med meg verda rundt. No var altså tida inne for å oppdatere den optiske maskinparken. I takt med stadig utviklande fritidsaktivitetar, trengst meir robust verkty. Resultatet vart nok eit Olympus-kamera. Denne gongen ein Mju 6000. Vasstett til 3 meter, og støtsikkert frå halvannan meter. Perfekt for padling!

Og sist men ikkje minst har eg nok ein gong forsiktig våga meg ut i videoverda att. Også her har eg hatt nokre uhell. Det fyrste kameraet eg fekk meg gjekk dukken…boksteveleg talt. Eg gjekk rundt i kajakk, fyrste og foreløpig siste gong. Videokameraet, som eg hadde lekkert dandert på dekk for å kunne gjere opptak om nokon andre gjekk rundt, likte ikkje saltvatn særleg mykje betre enn meg. Erstatniga vart eit DVD-kamera. Tenkte det skulle vera genialt. Redigering skulle gå som ein lek. Video fram og attende til kameraet skulle gjerast på null komme null. Så feil kan ein ta! Større makkverk er det lenge sidan eg har vore borti. Eg fekk nok då eg på min andre verda rundt fekk to diskkrasj på fulle dvd’ar. Det var så fantastisk mange fine minne der og ufatteleg surt å ha dei liggjenade utan å kunne sjå kva som er på dei.

Men eg vågar vone nok ein gong. Denne gongen med eit genialt apparatus med det velklingande namnet Creative Vado HD. Litt mindre enn iPhonen og er klar til bruk på berre nokre sekund. Eg kan filma heile fire timar på ok oppløysing…to timar på ekstra høg. Så framt eg klarar å halda Vado’en borte frå vatn så gler eg meg vodsomt til alt eg skal nytta det til!

DSC_7177