Ein har i fire år no hatt ei satsing på IKT i skulen, Digital kompetanse 2004-2008. Denne skal snart fasast ut, men eg må seie at eg ikkje er særleg imponert over det som har skjedd dei siste fire åra sidan eg tok til på mi lærarutdanning. Som eksempel på nokre av hovudutfordringane programmet har hatt, kan mellom anna desse nemnast;
- utvikle digital kompetanse gjennom daglig bruk i læringsarbeidet
- utvikle læreres og skolelederes digitale kompetanse
Flotte ord. Som vanleg når planar kjem frå statleg hald. Men det er mest alt det er!
Ok…så er eg i den heldige situasjon at eg har projektor i klasserommet. Eg har og høve til å gje kvar elev i gruppa mi ei datamaskin kvar…to timar i veka. Eg kan ikkje anna enn å gjenta at eg ikkje er særleg imponert. Me bur trass alt i eit av verdas rikaste land og burde ha råd til å sørge for at skuleborna får den digitale kompetansen dei treng i livet utanfor skulen. For det er noko som ikkje heilt gjev meining på dette området…
Youtube og Facebook er to døme på farsottar som har spreia seg voldsomt på Internett i den seinare tid. Det som diverre ser ut til å vera skulane sin reaksjon på dette, er å sperra sidene for borna når dei er på skulen og nyttar seg av skulen si nettilkopling. Men kva med tida dei er på når dei ikkje er på skulen?
Eg tek vel ikkje i om eg seier at eg ser på meg sjølv som ein tålig greit digitalt kompetent ung mann, og er såleis godt representert på begge av dei nemnde nettsamfunna. Heilt sidan min fyrste praksis i 2004 har eg vorte spurd av elevar om eg “har MSN?”. Dette skjer i 2008 og, men i tillegg er ei erfaring eg har gjort meg at elevar som er under Facebooks lågast godkjende alder for registrering på deira nettsamfunn, har forsøkt å leggje meg til som ven her.
Youtube har ein liknande avtale for bruk som du godkjenner når du oppretter konto her.
“In any case, you affirm that you are over the age of 13, as the YouTube Website is not intended for children under 13. If you are under 13 years of age, then please do not use the YouTube Website.”
Trass i dette har eg motteke kommentarar og invitasjonar til å verte ven med born som er under denne alderen på begge desse foruma. Eg har difor kome fram til at det er nokre spørsmål ein må tenkje på angåande dette:
- Kva skal ein som lærar gjera i slike situasjonar? Korleis vil eleven reagere om du som lærar ikkje vil vera ven med han/ho?
- Skal ein kanskje akseptera førespurnaden? Korleis vil då foreldra reagere om dei får greie på det? (Det er vel ikkje sjølvsagt at den mindreårige poden har nevnt for foreldra at Facebook er ein stad han/ho “heng”…)
- Kvifor har eg ikkje lært noko som helst angåande dette under mi fireårige utdanning til fleire hundre tusen norske oljekroner?
- Kvifor har eg ikkje kome over nokre råd frå Utdanningsdirektoratet angåande denne tematikken?
- Skal elevane finna ut av desse spørsmåla på eiga hand, medan skulane, med kommuneadministrasjonane i spissen, stengjer ned nettstader som “ikkje er passande i ein undervisningssituasjon”?
Ironisk nok er sjefen sjølv og mannen som er ansvarlig for ståa i skulen sjølv på Facebook, og jammen er ikkje også Jensemann å finna på Youtube og. Vil dette seia at Facebook ikkje er sperra på Stortinget? Sjølvsagt er dette hendig når han må inn å sjekka kva kaviar Kjetil og Kari valde seg på bryllupsreisa!
Eg tenkjer i mitt stille sinn at i desse raudknapp-tider…er det ikkje desto viktigare at me lærer elevane korleis dei kan ferdast trygt i Internettjungelen, framfor å stenga ned tenester som dei likevel kan nytte seg av på datamaskina heime?
Hm, godt poeng. Har aldri sett den problemstillingen før, men det er absolutt noe som man burde ta opp ja…
God artikkel Torgis! 🙂
Kjenne meg godt igjen der ja, nåke bør gjerast!
Elevane vil, uansett om dei får lov på skulen eller ikkje, surfe innom desse nettsamfunna så kvifor ikkje læ’re dei såkalla “nettvett” på skulen?
Meget godt poeng!
Det er viktige ting du tar opp, både mangelen på tekniske hjelpemidler i skolen, kompetanse (=meninger om rett og galt) om bruk av teknologi på styringsnivå, og mangel på veiledning til de som står midt oppi problemstillingene i hverdagen, lærerne. Det kalles for fint for “lærerautonomi”, eller også ansvarsvegring, alt ettersom. Hvordan forholder du deg da, når ungene vil ‘adde’ deg?
Jeg vil tro at jeg gjør som de fleste andre lærere ville gjort…takket nei til invitasjonen. Jeg tar også en liten samtale med eleven på tomanshånd om det han/hun er i ferd med å begi seg ut på!
I tillegg bruker jeg tid i den daglige undervisningen på å formidle gode holdninger om en tilværelse på nettet.
Har du havnet i lignende situasjon? Hva slags praksis bruker du?
[…] bakgrunn i denne posten fra “Dalstrøka innaførr”, og den samtidige debatten omkring nettvettregler innledet av en her før nevnt Brandtzæg, får […]
Veldig interessant lesing! Jeg har en slektning som gikk 4 år lærerskole, og ikke har hørt om hverken LMS, Web 2.0 og i hvertfall ikke pedagogisk bruk av slike. Jeg stiller et stort spørsmålstegn ved lærerutdanningene for tiden – hvem er pådriverne? Her handler det ikke å komme luffende etter om noen år, her handler det om å MÅTTE være i front. Jeg har inntrykk av at det skjer veldig lite, men forhåpentligvis tar jeg feil. Eller?
Løsningen er ikke bruk av IKT for enhver pris, men det er et faktum at IKT er enormt viktig fremover med et fantastisk potensial for læring, og løsningen blir da at alle som utdanner lærere blir flinke med teknologien og tar et enormt løft sammen. Ikke én entusiast på hvert sted, men alle kollegaene i fellesskap. Jeg tror et problem med IKT og pedagogikk er at det krever mye å forstå teknologien, og da blir det en stopper for mange. Det er kun noen få som synes det er morsomt, og disse blir pionerer. Dette blir helt feil. Det burde rett og slett komme krav om at alle må. De må handle nå, for snart er det for sent.
Har havnet i liknende situasjoner, både på fjesboka, og servert ‘hvite’ løgner om manglende msn-konto for å styre klar av situasjonen. Virket som en god idé på det tidspunktet, men ser nå, litt eldre (litt klokere) at jeg ville gått mer i din retning. Det er klart det er lov å ikke være venn med elevene sine, om en bare på en ordentlig måte snakker om nettopp det. ‘Jeg er lærer’n din,’ liksom. Samtidig er det ikke noen tvil om at det sosiale nettet nettopp har den muligheten at du kan komme ‘i posisjon’ ovenfor elevene, at det kan spille positivt tilbake på aktiviteten i klasserommet…
Inntil Brandtzæg startet nettvettdebatten i Aftenposten, var jeg f.eks. av den oppfatning at det beste ville være å ha to profiler overalt; en for lærer-thomas og en for privat-thomas. Den løsningen fremstår ikke som like perfekt nå, selv om den ikke er helt uaktuell… Det virker bare litt “to-hodet”.