Tagged in: youtube

2026 på det mørke nettet?

I går kveld synte eg eldstesonen Youtube ufiltrert. Berre med å gå til framsida der, vart me møtte av to videoar som var reklame, men utgav seg for å vera søkeresultat. «Enshittification» (Doctorow) heiter det på godt norsk.

Går me attende kun nokre få år (2023), var ståa ein annan.

Ikkje berre har søkeresultata vorte dårlegare, men dei har og vorte færre.

Så kva gjer ein stakkars småbarnsfar med 60 studiepoeng i IKT i læring og ein mangeårig interesse for EDB? Lagar eit lite shellscript. Eg har ikkje stålkontroll, men kan nok til å få til dette. Og det er gøy!

Sidan eg har Linux på alle mine datamaskinar (det er nokre…..), har eg som regel oppe eit svart terminalvindu likevel. Eg har og installert videoframsynaren mpv, og youtube-dl (ca…).

Og det er på den måten at eg heilt reklamefritt, og doomscrollefritt, utan eit einaste bilete å freista meg med, kan søka på youtube.com frå terminalvindauget mitt.

Eg får opp 25 resultat pr. side, og skriv så inn talet fremt, og trykker på enter.

Godt nytt år på den «mørke» webben. 😉

Ps. og for Kjetil sin del;

#!/usr/bin/env bash

# Get the user's query for the YouTube search
read -rp "Search YouTube: " QUERY
echo "Searching…"

# Get the search results from yt-dlp
RESULTS=$(yt-dlp --flat-playlist -J "ytsearch100:${QUERY}" 2>/dev/null)

# Check if results are returned
if [ -z "$RESULTS" ]; then
    echo "No results."
    exit 1
fi

# Build array manually (POSIX-safe)
ITEMS=()
while IFS= read -r line; do
    ITEMS+=("$line")
done <<EOF
$(echo "$RESULTS" |
    jq -r '.entries[] | select(.channel_id != null) |
    "\(.channel)\t\(.channel_id)\t\(.title)\t\(.url)"')
EOF

TOTAL=${#ITEMS[@]}
PAGE=0
PAGE_SIZE=25

# Start a loop to paginate the results
while true; do
    START=$((PAGE * PAGE_SIZE))
    END=$((START + PAGE_SIZE))

    # If we reach the end of the results, exit
    if [ "$START" -ge "$TOTAL" ]; then
        echo "No more results."
        break
    fi

    # Display the results for the current page
    echo
    echo "=== Results $((START+1)) to $((END < TOTAL ? END : TOTAL)) of $TOTAL ==="

    i=$START
    while [ "$i" -lt "$END" ] && [ "$i" -lt "$TOTAL" ]; do
        IFS=$'\t' read -r CHANNEL CHANNEL_ID TITLE URL <<< "${ITEMS[$i]}"
        printf "%3d) %-40s (%s)\n" $((i+1)) "$CHANNEL" "$TITLE"
        i=$((i+1))
    done

    echo
    read -rp "Enter number to play, n=next page, q=quit: " CHOICE

    case "$CHOICE" in
        q|Q)
            exit 0
            ;;
        n|N)
            PAGE=$((PAGE+1))
            ;;
        ''|*[!0-9]*)
            echo "Invalid input."
            ;;
        *)
            INDEX=$((CHOICE - 1))
            if [ "$INDEX" -lt 0 ] || [ "$INDEX" -ge "$TOTAL" ]; then
                echo "Invalid selection."
                continue
            fi

            # parse the chosen item
            IFS=$'\t' read -r CHANNEL CHANNEL_ID TITLE URL <<< "${ITEMS[$INDEX]}"

            # Open the selected URL in mpv
            echo "Opening: $TITLE"
            mpv --ytdl-format="bv*[height<=?720][fps<=?30][vcodec!=?vp9]+ba/best[height<=?720]" "$URL" &
            ;;
    esac
done

Innhaldsfilter på Youtube

Youtube har no lage ein funksjon der ein kan gjera videoar, med innhald og språk som Youtube definerer som upassande eller usømmeleg, utilgjengeleg i nettlesaren. Har ein registrert seg med ein Youtube-konto, kan ein også låsa dette filteret med eit passord.

Låsinga gjeld berre i den nettlesaren du er i når du aktiverer filteret. Det tyder altså at om til dømes foreldre nyttar Internet Explorer, så kan poden berre lasta ned og installera Google Chrome, Opera, Mozilla Firefox, Safari eller ein annan av dei mange nettlesarane som er der ute for å koma rundt sperra.

Utan at eg har testa det, så er det gjerne heller ikkje heilt utenkjeleg at dersom ein slettar nettlesarens coockies så vil og filteret opphøyra.

Barnevakten.no (kvifor ikkje nynorsk url og?) har ein artikkel med meir informasjon. Det beste tipset dei kjem med der, er dette:

Det viktigste er å ha et filter i hodet. – Laila Eidsheim

UlogIsK skulepoliTikk

Ein har i fire år no hatt ei satsing på IKT i skulen, Digital kompetanse 2004-2008. Denne skal snart fasast ut, men eg må seie at eg ikkje er særleg imponert over det som har skjedd dei siste fire åra sidan eg tok til på mi lærarutdanning. Som eksempel på nokre av hovudutfordringane programmet har hatt, kan mellom anna desse nemnast;

  • utvikle digital kompetanse gjennom daglig bruk i læringsarbeidet
  • utvikle læreres og skolelederes digitale kompetanse

Flotte ord. Som vanleg når planar kjem frå statleg hald. Men det er mest alt det er!

Ok…så er eg i den heldige situasjon at eg har projektor i klasserommet. Eg har og høve til å gje kvar elev i gruppa mi ei datamaskin kvar…to timar i veka. Eg kan ikkje anna enn å gjenta at eg ikkje er særleg imponert. Me bur trass alt i eit av verdas rikaste land og burde ha råd til å sørge for at skuleborna får den digitale kompetansen dei treng i livet utanfor skulen. For det er noko som ikkje heilt gjev meining på dette området…

Youtube og Facebook er to døme på farsottar som har spreia seg voldsomt på Internett i den seinare tid. Det som diverre ser ut til å vera skulane sin reaksjon på dette, er å sperra sidene for borna når dei er på skulen og nyttar seg av skulen si nettilkopling. Men kva med tida dei er på når dei ikkje er på skulen?

Eg tek vel ikkje i om eg seier at eg ser på meg sjølv som ein tålig greit digitalt kompetent ung mann, og er såleis godt representert på begge av dei nemnde nettsamfunna. Heilt sidan min fyrste praksis i 2004 har eg vorte spurd av elevar om eg «har MSN?». Dette skjer i 2008 og, men i tillegg er ei erfaring eg har gjort meg at elevar som er under Facebooks lågast godkjende alder for registrering på deira nettsamfunn, har forsøkt å leggje meg til som ven her.

Youtube har ein liknande avtale for bruk som du godkjenner når du oppretter konto her.

«In any case, you affirm that you are over the age of 13, as the YouTube Website is not intended for children under 13. If you are under 13 years of age, then please do not use the YouTube Website.»

Trass i dette har eg motteke kommentarar og invitasjonar til å verte ven med born som er under denne alderen på begge desse foruma. Eg har difor kome fram til at det er nokre spørsmål ein må tenkje på angåande dette:

  • Kva skal ein som lærar gjera i slike situasjonar? Korleis vil eleven reagere om du som lærar ikkje vil vera ven med han/ho?
  • Skal ein kanskje akseptera førespurnaden? Korleis vil då foreldra reagere om dei får greie på det? (Det er vel ikkje sjølvsagt at den mindreårige poden har nevnt for foreldra at Facebook er ein stad han/ho «heng»…)
  • Kvifor har eg ikkje lært noko som helst angåande dette under mi fireårige utdanning til fleire hundre tusen norske oljekroner?
  • Kvifor har eg ikkje kome over nokre råd frå Utdanningsdirektoratet angåande denne tematikken?
  • Skal elevane finna ut av desse spørsmåla på eiga hand, medan skulane, med kommuneadministrasjonane i spissen, stengjer ned nettstader som «ikkje er passande i ein undervisningssituasjon»?

Ironisk nok er sjefen sjølv og mannen som er ansvarlig for ståa i skulen sjølv på Facebook, og jammen er ikkje også Jensemann å finna på Youtube og. Vil dette seia at Facebook ikkje er sperra på Stortinget? Sjølvsagt er dette hendig når han må inn å sjekka kva kaviar Kjetil og Kari valde seg på bryllupsreisa!

Eg tenkjer i mitt stille sinn at i desse raudknapp-tider…er det ikkje desto viktigare at me lærer elevane korleis dei kan ferdast trygt i Internettjungelen, framfor å stenga ned tenester som dei likevel kan nytte seg av på datamaskina heime?