Søndag før ferien er slutt. Angst! Då må ein gjera det ein kan for å få tankane over på andre ting…
Juleånd i Sirdal
I dag starta eg dagen med å lesa om korleis folk kastar fullt brukbare saker, for å få plass til julas nyerhverva duppedittar. At folk kan kvitta seg med så mykje brukbare sakar og ting berre fordi dei ikkje er siste skrik, det er for meg ufatteleg.
Ironien er difor til å ta og føle på når det, medan eg skufflar bort siste snøfall, kjem ein BMW Suv opp i tunet. Døra går opp, og hyttemannen slenger ut om eg har behov for eit gamal fjernsyn til ei utleigehytte. Tanken hans er jo i utgangspunktet god, for all del. Men likevel tykkjer eg det syner litt av haldninga til «byfolk».
Det må også seiast at då eg takka nei, kvitterte han ut med at «Då kast’eg an der ude.» «Der ude» vil i dette tilfellet seie Sirdals flott velkomst til alle tilreisande; 5 flotte, grøne kontainarar som er plassert midt i åsynet på ein når ein kjem fram til Sirdal.
Eg føreslo Fretex, men i tråd med generell norsk giddalause og forbruksmentalitet, er det nok for mykje stress bak eit slikt initiativ. Då er det betre å slenga «den gamle driten» i containaren som står så lageleg til, slik ein gjer med alt anna ein ikkje vil ha.
Det er altså to tankegangar eg slit med å ta til meg;
- Kvifor kaste fullt brukbare saker på dynga?
- Kvifor har ikkje Sirdal kommune sortering av hytterenovasjonen?
Pr. i dag vert avfall som er for tungvindt å kvitte seg med i meir urbane strøk, dumpa i utkantsstroka fordi det er lettvint. Slikt ser ein i Afrika, og slikt ser ein i Sirdal. Heilt glittrande. Ha ei fortsatt god jul.
Dei fleste ulukker skjer på nedstigninga
Songa «Driving home for Christmas» kunne fått eit solid hakk i plata i dag. Eg var oppe før gatene var i ferde med å bli fyllt av biler i trøbbel i dag tidlig. Eg tok toget til mi søster for å fylgje henne heim til jul.
Eit lite apropos når det gjeld tog…å ha to stasjonar som heiter «Sandnes» er forvirrande halv sju på morgonen. NSB kan gjerne ta det som eit julegåveynskje. «Sandnes sentrum» og «Sandnes» er farleg likt…og når stasjonane ligg etter kvarandre vert det berre tullete.
Nåvel. Eg kom meg av på korrekt stasjon og fekk pakka meg inn i bilen. Diskusjonen starta med ein gong; skal ein kjøra om Ålgård eller via Sviland? Eg fekk med mine alderspoeng vilja, trass i sterk usemje frå mi seks år yngre syster. Ho var skeptisk til snøtilhøva i bakkane opp Seldalsvegen. Då me kom dit, var det sjølvsagt ikkje eit snøfnugg å sjå….ikkje før me runda toppen og tok til på nedfarten mot Oltedal. Der låg det med eit 10-15 cm puddersnø i vegen. Trass i relativt låg fart, stod med plutseleg på stive hjul med retning næraste grøfte. Sjølve seansen kunne ha vore gjort meir elegant. I staden for å runde portane (brøytestikkene), tok me dei beint på.
Vis Utforkjøring i julestria i et større kart
Heile hendinga gjekk tåleg seint føre seg, og den einaste uroa var om det skulle liggje ein stein i grøftekanten. Det gjorde det ikkje. Den var i staden full av snø, og me var ståande parkert med begge framhjula i grøfta og botnen på vindauget mitt i plan med snøen utanfor.
Redninga denne gongen vart ikkje Falk eller Viking, men Janne Britt’s betre, og meir kjøyrevandte halvdel, som kom til som ein riddar i kvit rustning. Mi noko skeptiske haldning til at me skulle kunne verte dregne opp av grøfta av ein bil av nokonlunde same storleik, skulle fort vise seg å verte gjort til skamme. Det er eg glad for. Ein snakk med bilberginga i året held for min del.
Me kom oss opp att etter mindre enn ein halvtime med perfekt utsikt til fjernsysnsmasta over Oltedal, og deretter overtok ein med større kompetanse innan bilulykker rattet. Og med det kom ein heim til jul også i år.
Ps. Ja, eg angrar på at eg ikkje stakk ut å filma førjulsparkeringa, men det skal ikkje hindra meg frå å ha mykje moro med hendinga i eit par år framover!
Arva etter Bøkko?
I store delar av min barndom har isen vorte dekka av djup snø så snart han har kome. I nokre tilfelle har ein hatt sjans til å spenna på seg skeisene for å ta nokre piruettar ute på det harde vatnet. Men det høyrer til unntaka.
I helga var eg på ein førjulsturné på sørlandet til min gamle sambuar frå tida i Volda, Trine. Over nyttår reiser ho på backpackartur verda rundt, så nostalginivået var i utgangspunktet rimelig høgt. Det ville seg sånn at tilhøva var perfekte for om ikkje Disney on ice, så i alle fall Sinnes on ice. Ein fantastisk laurdag i Lindesnes» høgfjell vart ein ubetinga suksess. Her er nokre glimt:
Luftetur i vestlandets skjergard
To much of a good thing?
Klokka har vorte 17.32. Det er ikkje før no eg har tid til å sjå kva som gjeng føre seg i Noreg i dag. Dvs…i det media vel å fortelje om. Eg måtte ta ei oppteljing. Dagbladet har 50 nyhende på framsida si. Av desse 50, er 28 Obamanews. Over halvparten altså. 8 er sportsnyhende og 4 er IT-nytt. Berre ti plassar er tilegna nyhende som har med «dagleglivet» å gjere.
Greit nok at det ikkje er kvar dag ein deler ut fredsprisar, men stoppar verda opp av den grunn?
Kan nokon hugse kven som fekk fredsprisen i fjor? (Det er ikkje lov å jukse…..)
Antistraumlinjeform
Desse svineinfluensadagar har gjort Noreg til eit land med nåkonlunde køkultur. Eit tema som i seg skjølv kanskje kunne vere verdt ein bloggpost, men det er ikkje det denne skal handle om.
I mitt daglege arbeid som lærar skal det meste målast, vurderast og, ikkje minst, dokumenterast! Nettopp dette er det skrive og sagt mykje om. Har du ikkje fått det med deg, kan du lesa om det her; 1, 2 og 3.
Som følgje av den ekstreme epedemien som rammar landet om dagen, har lærarar fått nok ei oppgåve i fanget. Me skal no fungera som legesekretærar. Det er her eg kjenner at eg endeleg kan nyttegjere meg av mi erfaring som nettopp legesekretær. Eg sender nokre tankar til Tante som ordna meg sumarvikariat på det lokale legekontoret ei gong tidleg på 2000-talet. Det var rett nok epedemifrie tider, men erfaringa gjev utslag no kjenner eg.
Helsevesenet har bede skulane (Les: lærarane) om å lage lister over kven som skal ha vaksina, kven som ikkje skal fordi dei ikkje vil, og kven som ikkje skal fordi dei alt har fått ho, eller andre grunnar. Lappane kom frå administrasjonen, og eg sendte dei vidare ned dei 23 ryggsekkane som heng på stolane i klasserommet. Dagen etter kom halvparten av lappane attende. Dagen deretter kom halvparten av den resterande halvparten attende. Dagen deretter igjen kom det endå eit par. Og no, kvelden før helga og vaksinasjon på tirsdag i neste veke, då manglar eg berre ein. Eit tåleg greit resultat vil eg påstå.
Men i dag dukka det sjølvsagt opp andre lappar. Nye lappar. Lappar a’la custom, med påskrifter som;
– «Mitt born har fått vaksine i går ettermiddag».
– «Mitt born skal ta vaksine saman med lillesystera i ettermiddag.»
Javel, tenkjer eg. Men kvifor kommuniserer de (foreldre) dette til meg? Eg sat i resepsjonen og trykka på ei datamaskin i min sumarjobb. Eg trur aldri eg såg ei nål. I mitt læraryrke er ei nål ein endå fjernare tanke. (Bortsett i frå dei tilfellene då ein elev har funne ei hestenål på veg til skulen, og tek ho med for å visa kompisane/forsvara seg. Stryk det som ikkje passar.)
Lappar er forøvrig skumle dyr. Dei har, som Frodo, ei eiga evne til å forsvinne. Trass i at mange ser ned på lærarars digitale kompetanse, så har eg faktisk ein e-post eg kan ta i mot meldingar på!
Uansett. Det er vel ikkje eg som skal ha beskjed om at bornet, trass i at lappen med at det skal ha vaksine er levert til skulen, likevel ikkje skal ha vaksine fordi det medan korrespondansen har gjenge har fått vaksina? Er det? Skal eg vidareformidle til leiaren min at nokre born likevel ikkje skal ha nåla fordi dei har fått påfyll medan dei venta?
Har ikkje helsevesenet lister over kven som har fått det gyldne serumet, og kven som ikkje har fått? Er dette eit typisk tilfelle der alle sider i samfunnet må trø til for å sikre den jamne manns liv og helse? For hvis det ikkje er det, så vil eg ha 50 kr for kvar vaksine eg prakkar på desse små. Såpass har legemiddelindustrien tent på dette hysteriet, og såpass tykkjer eg at eg fortener i reint administrasjonsgebyr.
Dei siste 30 åra har 25 millionar døyd av AIDS. Det er litt over 80.000 pr. år. 30 år har industrien hatt på seg til å lage ei vaksine for dette, men likevel ikkje klart det. På nokre månadar klarar dei å trylle fram eit serum som skal kverke grisepesten frå å breie seg.
Ynskjelister
Eg gjer det enkelt i år. I staden for at eg skal vri hovudet mitt i vinkel og attende oppmodar eg deg til å fylle ut skjemaet under om du vil ha gåve frå meg i år. På den måten kan ein effektivisera heile julestria. Eg kan på ein enkel måte finna ut kva du ynskjer/treng, og du kan få noko du faktisk har lyst på. Mykje kleiene høfligheitsfraser spart, og mindre stress i byttebuene på nyåret. Kort sagt ein vinn/vinn-situasjon for alle partar.
NB! Ynskje må sjølvsagt vera innanfor rimelegheitens grenser. Flasker med dråpar av morgondogg til gullfisken din, samla saman av berføtte jomfruer i indre Magnolia, utgår altså på samtlige ynskjelister.
Pepperkaketsunami
Natt til i dag har ein eller fleire hatt moro med å øydeleggje oppimot 2000 pepperkakehus som var laga av små håpefulle i og rundt Bergen by. (NRK | Bergensavisen | Dagbladet)
Eg har nett lese gjennom kommentarane til artikkelen på BA sine nettsider. Det er mange ulike kjensler ute å går. Nokre er forbanna, andre er berre oppgitt. Politiførstebetjent Carsten Raa legg lite i mellom;
Dette er tapere,som ikke er flinke verken i skole, idrett eller sosialt. De må nærmest være tilbakestående
Dette slår meg som ein naturleg reaksjon. Sinne er let å ty til, men ein må spørje seg om kva det hjelp i denne situasjonen?
June T. M har kommentert på BA, og der skriv ho at ho ikkje er frå Bergen by, men no vil bidra til å byggje opp att byen. Det trur eg er rett innstilling. Bergen veit jo eit og anna om restitusjon etter byøydelegging. Eg vonar at foreldre no vil mobilisera og skapa ein endå større pepperkakeby enn den som var opprinneleg. Det ligg også mykje god lærdom i dette for borna. Vaksne som gjer dumme ting skal ikkje få lov til å øydeleggja borns draumar og harde arbeid.
I dagar der Internett vert skulda for å vere årsaka til mykje mobbing (Raa sin kommentar ville vel strengt tatt verte merka som mobbing i skuleverket), har ein no ein gylden moglegheit til å nytte dette mediet til å få fram eit bodskap frå borna. Thomas Moen har nett gjennomført eit slikt prosjekt.
Mi oppmoding er difor todelt;
- Bygg opp att pepperkakebyen…større og betre!
- Spel inn ein Youtubevideo med barnet ditt der du spør det kva det tykkjer om at vaksne øydelegg pepperkakehus
Det er sjølvsagt nokon som veit kven som står bak dette ropet om merksemd, og Julenissen T. kjem med eit godt forslag i BA sitt kommentarfelt. Den/dei ansvarlege burde sei unnskyld til kvart eit born som har fått øyedelagt sitt pepperkakehus i Bergen.
