Det er nokre år sidan eg rippa min fyrste song til mp3. Pionerartisten i så måte var svenske Robyn, med slagaren «Do you really want me». Det var ei herleg tid på mange vis. Ting var utfordrande, og ikkje heilt beint fram. Etter å ha teke opp lyden frå CD’en til harddisk i wav-format, var neste steg i prosessen å konvertera det heile til mp3. Dette innebar ein lang kommando i eit DOS-vindauge, og så opp mot ein halvtimes venting på resultatet. Etter dette var det berre eit steg att, nemleg å zippa mp3-fila ned slik at ein kunne dela ho opp og leggje mp3’en på dei tre floppydiskane det heile kom på. Så kan ein sjølvsagt spørje seg…kva var poenget med å laga så mykje styr for ingenting? Musikken var då alt på CD’en…
Det grunnar nok i eit ynskje om å «berre kunne det». Å ha moglegheita til det. Det var dengong. No kan alle.
I dag har eg leika meg med ein kombinasjon av det som til saman må vera det perfekte verktyget for einkvar musikklærar i skuleverket. JamStudio OG Audacity. Med å nytta fyrstnemde kan ein enkelt laga musikkbitar som ein så kan settje saman i Audacity. No hadde det seg slik at eg hadde Audacity inne her, men skulle ein ynskje å ta steget heilt ut i nettskya, så kan Aviary sitt verkty Myna gjere jobben. Det er difor berre å opne slusene for alt web 2.0-innhald fyrst som sist!
Mitt resultat i dag vart dette:
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/a.mp3]





Før valet i år var det mange politiske debattar. I og for seg så er eg ganske nøgd med at eg kun fekk med meg eit par av dei. Eg tykkjer det er godt gjort når heile medienoreg køyrer valkamp for fulle mugger, og politikarorda tyt opp av kvart eit kummelokk. I