At eg har ei viss form for politikarforakt er vel gjerne ikkje heilt ukjend. Noko av bakgrunnen for dette er mellom anna at det har vorte normalt å gjera karriere som nettopp politikar. For samfunnet sin del trur eg ikkje det er eit klokt val. For som det vert sagt i Høgre sine nettsider;
Det skal lønne seg å jobbe.
No har det seg slik at eg skil mellom det å jobbe og det å arbeide. Akkurat det er nok i stor grad min gamle lærar Magnar Undheim si skuld, men jo meir eg tenkjer på det, jo meir meining gjev det. For om du ser på ordboksdefinisjonane av dei to orda, vil du leggje merke til at ordet arbeid er mykje meir konkret enn ordet jobbe.
Eg veit ikkje om Høgre har tenkt på det, men halve definisjonen av sjølve ordet jobbe er jo faktisk det å arbeide med aksjar. Med andre ord; flytte papir.
Å gjere ein jobb til eit arbeide er for meg ein uting. Å vere politikar er jo strengt tatt ikkje eingong ein jobb. Det er eit verv. Eit tillitsverv til og med. For å gå vidare på tilfellet Høgre…Per-Kristian Foss har pr. i dag 28 år og 120 dagars ansenitet på Stortinget. Han har altså vore lenger på Stortinget enn eg har levd. Og så spør eg meg sjølv: har Per-Kristian Foss noko arbeidserfaring i bagasjen? Vel, ja. I følgje Stortinget sine sider har han heile tre år bak seg i journalistpraksis, og eit år som konsulent. Eg vert ikkje overtydd.
La meg så koma attende til sporet eg eigentleg er på.
Før valet i år var det mange politiske debattar. I og for seg så er eg ganske nøgd med at eg kun fekk med meg eit par av dei. Eg tykkjer det er godt gjort når heile medienoreg køyrer valkamp for fulle mugger, og politikarorda tyt opp av kvart eit kummelokk. I Språkteigen den 13.09.09 vert politikarspråk teke opp som tema, og hadde Anders Johansen vore på val, veit eg i alle fall at han skulle fått mi stemme!
Set av 8 minutt, og høyr på kva denne professoren ved UiB har å seie om akkurat politikarspråk:
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/politikerspraak.mp3]