Rett verkty

I dag tok eg tida på kor lenge det gjekk frå eg slo på datamaskina mi på arbeid, og til ho var klar til bruk. Klokka stoppa på 6 minutt. Så restarta datamaskina att av seg sjølv utan at eg heilt veit kvifor. Difor tok det 6 nye minutt.

Eg kom difor til å tenkje på ein ting. Dersom eg er snill så tek det meg seks minutt å starte opp mitt nest viktigaste arbeidsverkty kvar dag. Det vert 30 minutt i veka, eller 120 minutt på ein månad. På eit år kjem ein altså opp i 1200 minutt. Det er 20 timar. Og før du kjem med akkura den innvendinga. Joda…eg kan gjere noko anna desse minutta. Men det er ikkje poenget akkurat her og no.

Ut i frå ei timeløn på 100 ,- i timen, kjem altså prislappen på mine dyrebare minutt på morgonkvisten på 2000 ,-. Det er berre 700 ,- mindre enn ein liten smekker Asus Eee. Legg ein til dei ekstra minutta eg med ujamne mellomrom må vente ekstra på grunn av uventa omstartar, så tenkjer eg at desse kronene er dekka inn og.

Poenget mitt er at eg er hakket frå å bestilla meg ein berbar datamaskin, for deretter å sende rekninga til min arbeidsgjevar! Dette har fleire fordelar:

  • Mindre frustrasjon for arbeidstakar
  • Meir fleksibilitet i og med at ein slik berbar omtrent kan puttast i baklomma
  • Mindre farting att og fram til kontoret
  • Betre tilhøve for effektivt samarbeid med andre enn dei ein deler kontor med
  • ++

Skal, skal ikkje. Skal, skal ikkje….

Ps. Etter dei to forsøka på å få arbeidsverktyget mitt i gang, starta han på ny ei tredje gong. Men etter det var han rimeleg stabil resten av dagen.

Ovaburdsstatistikk

Frå tid til annan kan ein verte versjuk. Antan har ein for mykje stabilt ver med solskin og 30 grader i skyggen, eller kan hende er det stikk motsett. Bergen har jo eit rykte på seg i så måte, og høyrde rykte om at hausten 2001 inneheldt regn kvar dag, i tre månadar. Om det er sant skal eg ikkje meine noko om. Eg var heldigvis vekke.

Men ein kan jo ta ei samanlikning av nedbørsdata det siste året no. Ta ein kikk på grafane under:

OvaburdsdataSom ein ser hadde oktober månad i år og i fjor ein tåleg stor skilnad når det kjem til ovaburd. Det er, om ikkje anna, eit interessant poeng. Ein kan stoppe opp, sette fingeren på haka og sei «fiffig». I tillegg til dette kan det og nemnast at det i juli månad 2009 var 247,5 mm ovaburd. Eg saksa bort akkurat det, men sjølv det er ei spesiell måling. Det regna altså mest 2,5 gong meir i juli enn i oktober i år. Det er vel dette gode gamle Leif Juster ville definert som «mot normalt«.

Musikkskule

Det er nokre år sidan eg rippa min fyrste song til mp3. Pionerartisten i så måte var svenske Robyn, med slagaren «Do you really want me». Det var ei herleg tid på mange vis. Ting var utfordrande, og ikkje heilt beint fram. Etter å ha teke opp lyden frå CD’en til harddisk i wav-format, var neste steg i prosessen å konvertera det heile til mp3. Dette innebar ein lang kommando i eit DOS-vindauge, og så opp mot ein halvtimes venting på resultatet. Etter dette var det berre eit steg att, nemleg å zippa mp3-fila ned slik at ein kunne dela ho opp og leggje mp3’en på dei tre floppydiskane det heile kom på. Så kan ein sjølvsagt spørje seg…kva var poenget med å laga så mykje styr for ingenting? Musikken var då alt på CD’en…

Det grunnar nok i eit ynskje om å «berre kunne det». Å ha moglegheita til det. Det var dengong. No kan alle.

I dag har eg leika meg med ein kombinasjon av det som til saman  må vera det perfekte verktyget for einkvar musikklærar i skuleverket. JamStudio OG Audacity. Med å nytta fyrstnemde kan ein enkelt laga musikkbitar som ein så kan settje saman i Audacity. No hadde det seg slik at eg hadde Audacity inne her, men skulle ein ynskje å ta steget heilt ut i nettskya, så kan Aviary sitt verkty Myna gjere jobben. Det er difor berre å opne slusene for alt web 2.0-innhald fyrst som sist!

Mitt resultat i dag vart dette:
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/a.mp3]

Vegutbygging

Beijing Set To Miss Environmental Protection Campaign Target

Laurdags morgong. Fri. Då kan ein ta seg tid til å slappe av og høyre på radioen på morgonkvisten.

I dag var det eit innslag på nyheitene om kva utbygging av vegnettet har for slags resultat. Sjølv har eg ei ganske klar oppfattning om at meir veg vil gje meir trafikk, som igjen vil gje meir kø og meir ulykker.

Det er difor gledeleg å få støtte frå forskarhald for mi magekjensle gjennom ein rapport frå TØI (Transportøkonomisk Institutt).

I den skriv Arvid Strand og hans samarabeidsskribentar mellom anna følgjande i sin konklusjon;

Det finnes etter hvert en betydelig empiri som dokumenterer at vegbygging som nedsetter reisetiden, ikke bare i teorien, men også i praksis bidrar til trafikkøkning.

[TØI (2009), s. 61]

Dette skulle vel gjerne ikkje kome som ei stor overrasking? Det er vel også slik at dei fleste nye vegar som vert laga i desse dagar, er vegar som har fartsgrenser over 80 km/t. Dette finn ein noko om i rapporten.

Vegbygging som oppgraderer 80 km/t-vegene til 90 og 100 km/t-veger vil øke klimagassutslippene betydelig siden det er på disse vegene den største delen av transportmengdene avvikles.

[TØI (2009), s. 65]

Når tempoet aukar til over 70 km/t er også utsleppet av CO2 størst. Jo fortare ein køyrer, jo meir CO2 vert sluppe ut.

Det ser altså ikkje ut til at oljeproduksjonen er nok for å hamna på 88 plass på lista over verdens beste land å bu i. Me ynskjer tydelegvis også å auka produksjonen av CO2 i form av fleire vegar med høgare fart for på den måten å få mindre køar. Ironien i det heile er jo berre det at det faktisk er det motsette som er tilfellet, og at sjølve opparbeidinga av nye og breiare vegar er noko som forureinar meir enn ganske mykje anna [TØI (2009), s. 58].

Noreg – Verdas beste land å bu i!

FEIL! Me er ikkje det beste landet å bu i her på jorda. Det vil sei. Ut i frå FN sin målestokk, så er me gjerne det. Problemet er berre at FN målar dette ut i frå økonomiske kriterie. Det er gjerne sjølvsagt at det er den målestokken me her i vesten skal nytta…pengar er jo alt! Men har me det eigentleg så godt som me kan ha det her?

For all del. Me lid ingen naud, og eg har ikkje tenkt å slengja meg på bølgja av dei som klagar. Men det er unekteleg eit poeng at om ein samanliknar ein norsk 10-åring, og ein somalisk 10-åring, så vinn den somaliske på smileskalaen. Den norske er beint fram for bortskjemd reint materialistisk, og set ikkje på noko vis pris på dei enkle tinga i livet slik ein somalisk unge gjer.

Difor eksisterer det noko så flott som alternativ standard for måling av levekår. Nemleg thehappyplanetindex. Den tek ikkje berre omsyn til økonomiske fakta, men tek og opp i seg dei tinga som faktisk tel for at du, og dine mange etterkomarar skal kunne ha eit godt liv her på denne planeten.

I følgje thehappyplanetindex er Noreg på ein skuffande 88 plass. Ruvande på topp, er eit lite land i mellom-amerika; Costa Rica. Heile rapporten kan lesast her.

I tillegg har NRK’s Verdt å vite laga eit innslag om saka.

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/thehappyplanetindex.mp3]

Om læraryrket

Om det var til ære for at Julius rundar dei 30 no i desember, eit grunnleggjande ønske om ikkje å tapa ei utfordring, eller berre pur glede over at eg ikkje har ein kontorjobb skal vere usagt. I dag endte eg i alle fall opp i toppen av eit tre. Kan DU nytta den setninga om din arbeidsdag? Læraryrket er best!

Til ære for Julius...

PS. Ingen lærarar vart skadde i denne reklama!