To much of a good thing?

Klokka har vorte 17.32. Det er ikkje før no eg har tid til å sjå kva som gjeng føre seg i Noreg i dag. Dvs…i det media vel å fortelje om. Eg måtte ta ei oppteljing. Dagbladet har 50 nyhende på framsida si. Av desse 50, er 28 Obamanews. Over halvparten altså. 8 er sportsnyhende og 4 er IT-nytt. Berre ti plassar er tilegna nyhende som har med  «dagleglivet» å gjere.Obamanytt

Greit nok at det ikkje er kvar dag ein deler ut fredsprisar, men stoppar verda opp av den grunn?

Kan nokon hugse kven som fekk fredsprisen i fjor? (Det er ikkje lov å jukse…..)

3 kommentarar on "To much of a good thing?"

  • Matti Artisaari.
    Har teke meg fri frå arbeid og sitte heime heile dagen for å få med meg hendinga. NRK viser jo 15 timar i strekk frå besøket og utdelinga, nesten uten å gjenta seg sjølve. Glimrande greier.

    Eller sagt på ein annan måte: Sjukemeldt med prolaps og salig glad for at det var ein håndballkamp midt på dagen. Sjølv om Obama jo virker å vera ein trivelig kar.

  • @Anders
    Hvis DVD med «Obama i Noreg – minutt for minutt» står på ynskjelista, så skal eg sjå kva eg kan ordne. Reknar med du har Bergensbana alt… 🙂

  • Feil. Martti Ahtisaari heiter han, så vidt eg veit. Klager på navnestavinga kan sendast prisvinnaren sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *