Sayonara

Omsider dreg dei midlertidige skulelokala sin veg, og me kan nok ein gong ta i bruk grusbana på skulen.

Det må nok gjerast ein jobb der og, for at det skal vera presentabelt og brukanes slik me vil ha det her i Sirdal (ta gjerne ein tur rundt Tonstad skule/Sirdal vidaregåande og sjekk normalen).

Å ha vore nytta til lagringsplass gjer jo at det i tillegg til isopor, plast, småspiker og anna, også befinn seg eit uttal ulike grustypar på fotballbana som kommunen leigar utan avtale for tida.

Men når snøen no snart dekker til, hjelp det på ei lita stund…

Tid for matauk att

Hausten har yppa seg med litt etterlengta regn, temperaturen har bikka under tosiffra på det jamne, og haustfargane glittrar nok ein gong i haustsola.

Jordepla har også i år vorte lagde rett på gras, og dekka med gamalt høy som sauene ikkje ville ha.

Å ta med neste generasjon på slikt gjer at ein haustar meir enn grønsakene i etterkant. Utsagn som “det va SÅ kjekt å vera bonde for ein halv dag” krydrar jo kvardagen, og eg true det er nettopp slike augneblink som er av den viktige sorten i livet. Der ein kan lukta, høyra, kjenna og smaka saman med resten av slekta si. Det er i alle fall det eg hugsar sjølv, og som er blandt det eg har sett mest pris på i livet.

Facebook som “internett”

Det har vorte slik at “alle” har Facebook. Der kan ein lika og diskutera seg blå. (Pun intended…)

Men gjer ikke det noko med oss? Når all offentleg informasjon med eit foregår i eit proprietært univers som Facebook, og heile smafummsdiskusjonane gjeng føre seg der…har ein ikkje då tapt eitt og anna for ettertida?

I staden for at mediebedrifter har diskusjonstrådar som dei sjølve har eigarskap på, har no Facebook denne eigendomsretten.

Det same er jo tilfelle med offentlege instansar som kommunar og fylkeskommunar…ein har ikkje lenger kontroll på det som vert formidla i desse kanalane.

UDI legg no ned Facebooksidene sine, og NRK Beta melder om at det kan få ein dominoeffekt.

La oss for ettertida, og openheiten vona at så skjer!

Facebook – ein saga blott…

To gonger har eg hatt konto på Facebook. Ein gong før “alle”, og ein gong etterpå fordi det utvikla seg i den retningen.

“Å, det er langt å gå”, syng Klovner i Kamp. Kven veit om ein kjem i “mål” på Facebook. Men ein ting er sikkert…ein kan alltid gå attende.

Og det er det eg no har gjort. Til min gode, gamle blogg. Den har vorte litt oversett dei seinare åra. Det heng jo sjølvsagt også saman med andre ting enn Facebook, men når eg kikker oå gamle kladdar, så er det klart at det er ting og ta fatt på.

Let the show begin…