Tagged in: Telenor

Multinasjonalt fåkkselskap

Dalstroka innafor kom på fibernet i fjor. Telenor, som var utbyggjar, kunne tilby breiband og fjernsyn til 800,- Etter eit år kunne eg seie opp og ha kva tilbydar eg ville.

Men. I april eller mai i år, mottek eg ein e-post der prisen for tenestene stig. Uvisst kvifor. Eg får tilbod om å seie opp avtalen før det fyrste bindande året er omme. Det gjer eg ikkje.

Me skriv 31. august. Naboen er innom. Me har same tilbydar. Fekk nett samstundes. Han har fortare nett. Betaler 100,- meir for det. I drøsen vert me skjønt einige om at det er for gale. At Telenor skal kunne sette opp prisen som dei finn det for godt. Utan å ein gong ta kontakt og forklara kvifor. Og eventuelt koma med eit tilbod….ynskjer kunden fortsatt tenesta?

Så eg går på nett. Telenor.no. Loggar inn på “Min side”. Startar ein chatte-sesjon. Vert henvist til eit skjema der eg kan seie opp fjernsynes-delen. Klikkar på den. Ny fane opnar seg. Og eg vert vidaresendt til chattesida att….utan at eg fer sett skjemaet. G R E A T !

Telefon då? 09000-nummeret. Trykker på nokre tal for rett mottakar. Kø. Etter litt venting, seier ei stemme at eg kan verte oppringd att. Flott. Det gjer eg. Legg på.

Kort tid etter ringer telefonen min. Hallo? Ingen i andre enden…før…ein innspelt beskjed, gjev meg info om at eg er fyrst i køen. Vent. Men….hallo. Bad eg ikkje akkurat om å ringje meg opp att når ein kundehandsamar var tilgjengeleg? Hekkfjell, altså!!

Så kjem personen i andre enden. Kva eg ynskjer? “Seie opp fjernsynet!”. Kva grunn? Vel…det var ikkje det eg ringde for å seie, men de auka prisen utan å fortelje kvifor, eller ta kontakt. Ganske mykje og. Det vert notert ned av kundehandsamaren. Så….på uforklarleg vis, får eg beskjed om at eg skal verte sett vidare til ein ny kundehandsamar. Ein ny…..? I alle dagar. Eg har jo klikke meg til rett avdeling i telefonmenyen dykkar. Eg har gjeve beskje om at eg vil seie opp, gjeve grunn om kvifor….og eg må til NY kundehandsamar?!? Javel. Sett meg vidare.

Medan eg venter, kjem det telefonreklame om Premier league. Håland og whatnot. Kunne eg brydd meg mindre?

Ny kundehandsamar. (Tygg forøvrig eit eller anna hardt drops langt inn i øyrekanalen min). Kva eg ynskjer? Nei…det var dette fjernsynsabbonementet då…. Ok. Kva er årsaka til å seie opp? Men I ALLE dagar? Eg bed kundehandsamaren ta ein prat med kollegen sin. Det kjem sporenstreks fram at denne siste tydelegvis har årsaka skriftleg tilgjengeleg. Ho ynskjer å gje meg to alternativ. Treng eg det? Eg vil berre seie opp fjernsynet. Ok. Men desse to altern…..eg vil SEIE OPP!! Eg treng ikkje to alternativ. Men dette tilbod….. Kan du seie opp abbonementet mitt? Og omsider, så ser det ut som at Stjelenor tek meldinga. Eg får info om at eg skal få tilsent pose til dekodaren. Eg tenkjer at “dekodar” må vera dekkord for det dei elles yndar å kalla “T-We”-boks. Greit. Få han sendt.

Og etter alt for mykje om, så legg eg på. Voneleg i øyret på kundehandsamaren.

No vert det berre spanande å sjå om eg får ei rekning for dagar med fjernsysnabbonement som eg ikkje har betalt for endå. I tillegg til den siste rekninga eg har liggjande hjå dei.

Moralen er vel den, at Telenor er vorte eit mangehova troll. Å verte kunde er INGEN problem. Eg er spendt på kor lang tid det tek før det kjem eit nytt tilbod om fjernsynsabbonement. Men å kome seg ut av herråda er jo verre enn å vera langtidsnarkoman…(vil eg tru).

Telenor kunne med fordel teke samling i bånn, innsett at dei er eit statseigd selskap. Dei kunne tenkt på at “kunden har alltid rett”. Dei kunne tenkt på at den kunden, OGSÅ er eigaren. Dei kunne i det heile tatt oppført seg som ein seriøs aktør, trass i at “Statens mål som eier er høyest mulig avkastning over tid innenfor bærekraftige rammer.” Å handsama kundane, og implisitt eigarane på denne måten, der dei må gå spissrotgang for å koma ut på andre sida, er IKKJE berekraftig. Det er noko Kafkast over det. Ein kjempar mot eit uangripeleg monster.

Eg har ei uggen kjensle om at eg ikkje er ferdig med Stjelenor sitt fjernsynsabbonement. Ein kan håpa, men eg trur det dukkar opp nye akter. Følg med, følg med…..