Karbonjordkonkurranse
Regnar det mykje? Ver med på å få vatnet ned i jorda og ut av den kjappe syklusen:
På hovudet inn i ein binær kvardag
» Oppdatering 09.11.2012 – Stavanger Aftenblad har tydelegvis også plukka opp tråden:
SR-Bank gir bankkort til sjuåringer
Barn mister forstaelse for penger
Det er på sin plass.»
——————————————-
Denne veka fekk skuleverket nok ein gong media sitt søkelys over seg. I desse haustmørke dagane skal ein vel gjerne vere glad for at ting vert opplyst, men eg ser for meg at kunnskapsministeren godt kunne ha vore foruten dette gnistregnet.
Lærarutdannaren Bjørn Smestad meiner det er den grunnleggjande kunnskapen det skortar på sjå lærarstudentane, i og med at det er forkunnskapar som vert testa på eksamen. Kunnskapsministeren vil ha endring av resultata kjapt. Mellom anna med…hald deg fast…kurs. Heldigvis er ikkje det mitt arbeid å gjere noko med i frå den enden.
Det som derimot er ein tankevekkar, om enn ein ganske perifer ein, er dette. Kvar dag tek eg bussen til min daglege arbeidsplass. Den siste veka har SR-Bank klistra opp ein reklameplakat for bankkort for barn under 13 år (vilkår).
Årsaka til dette er i følgje SR-Bank sine eigne nettsider at;
«70 % av våre kunder som har barn i alderen 10-12 år, oppgir at det ofte er en utfordring å ha penger tilgjengelig for sine barn i forbindelse med småhandel.»
Snille, snille SR-Bank. Strekke ut ei hjelpande hand til alle desse stakkars småbarnsforeldra slik at dei kan unngå den kjedelege kranglinga i kassa når poden vil ha Halloween-sukkertøy. Omtenksamt.
SR-Bank reknar nok denne reklamekampanjen som ikkje retta mot born. Eg ser for meg at Forbrukarombudet, som har tilsyn med nettopp marknadsføringslova, også vil koma til den konklusjonen. Statoil sneik seg jo glatt unna tidlegare i år, etter ein ufatteleg klein reklamespot dei hadde gåande på fjernsyn.
SR-Bank sin kampanje er ikkje ein gong på fjernsyn, så dei vil nok sleppa endå letare unna om nokon skulle levert inn ei klage.
Langs den distansen eg reiser med buss, ligg det ikkje mindre enn fire barneskular. Eg vil tru at størstedelen av Kolumbus (det lokale busselskapet) si kundegruppe er born og unge. Tal har eg ikkje på dette, men med tanke på den mengda einslege bilistar som står i kø her i Stavangerregionen kvar dag, trur eg det eit edrueleg anslag.
Når «kidsa» kjem heim og fortel at «alle» i klassa har kort, skal det godt gjerast for ein allereie hardt prøva forelder å ytra det viktige ordet «nei». Halloween-maset om nytt kostyme vil framstå som sumarferie til samanlikning.
Lenkja mellom desse to tinga er dette. Skulane slit med å utdanna kompetente matematikklærarar. Dei skyldar på det grunnleggjande. Det grunnleggjande i det talsystemet me til dagleg omgjer oss med er titalsystemet. 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9. Born lærer å byggje opp tal der ulike siffer har ulike verdi alt etter sifferets plassering. Konkretar er fint til slik lærdom. Konkretane (som forsåvidt også berre er symbol) er i ferd med å forsvinne.
Det SR-Bank er i ferd med å gjere her, er å fråta heimane, og samfunnet, ein moglegheit til å konkretisere matematiikken. Dei håndfaste myntane er snart borte. Det er forsåvidt eit uttalt ynskje/faktum/utvikling at kontantar skal bort. Men kva hender når det mest konkrete me har for å læra oss det heil grunnleggjande forsvinn? Det er jo allereie vorte kveldsunderhaldning å sjå på korleis folk makter å kjøra sin personlege øhonomi ad undas.
Til skilnad frå SR-Bank, så synest det for meg som at det ikkje er mangel på oppseding rundt kortbruk som er problemet, men manglande mental kopling frå kortdraging til at pengane strøymer ut frå kontoen. Me er i ferd med å gå frå 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9 til 0,1.
SR-Bank (og andre bankar) sitt bankkort vil forøvrig heller ikkje verte ei endeleg løysning på foreldra sine «problem». Det vil verta eit tillegg. Når 400,- i veka er oppbrukt, er nok ikkje vegen lang til å be om kontantar frå dei stakkars gamle. Og skulle ein vere betre rusta til å seie nei fordi om poden har fått kort?
Til sist eit tips til fredagsunderhaldning. Dokumentaren «In debt we trust» tek forsåvidt føre seg lån, men eg opplever likevel filmen som relevant. Stoe summar på kredittkorta er mykje for ein som endå ikkje har omgrep om kva konsekvensane kan bli. Dei har endå ikkje erfart samanhengen mellom inntekt og utgift på kroppen. Likevel er bankane på plass med sugerøyra sine, for på den måten å sikra seg ei stabil framtidsinntekt. Suspekt!
Industrielt jordbruk mot….det andre
Småhus
Styrke i stilla
Er du utadvent (ekstrovert) eller innadvent (introvert)? Irriterer du deg over folk som aldri kan halde munn, eller over dei som aldri seier noko?
Ein vanleg dag
Ris er vorte ei daglegdags vare her i vesten. Men veit du eigentleg noko om arbeidet bak produksjonen?
Verda med demografibriller
Professor Joel Cohen trekk i dette føredraget om demografi ut så ufattelig mange essensar. Stikkord er mellom anna; miljø, medmenneskeligheit, matproduksjon, berekraft og utdanning.
LTT-tesa
Lag
Temperatur
Tid
Grunn litt på den…
Feiden med FEIDE – oppfylging
Dette er eit svar på ein kommentar eg fekk på ein tidlegare bloggpost der eg skreiv litt om mine observasjonar og erfaringar på IKT-feltet i skulenoreg. Kristine Sevik frå IKT-senteret gav meg ein så pass fyldig kommentar, at eg tykkjer han fortener ein eigen bloggpost til oppfylging. Så her kjem den.
For å gjere det klart med ein gong. Ja. Dei tilfella eg nemner kan ikkje skuldast på FEIDE, meir enn ein kan skulda virus-problematikk på datamaskinar på Microsoft. Grunnen til at eg tok tak i nettopp FEIDE, er at FEIDE er det siste initiativet som har dukka opp og blitt stappa ned i halsen på lærarstanden, skuleelevane, og også etterkvart foreldre.
Eg kan forstå tankane bak ei slik løysing som det FEIDE representerer. Problemet slik eg ser det, er berre at FEIDE har vakse seg stor i frå feil ende.
Fire år med lærarskule gav meg erfaringar frå mange ulike norske skular rundt om i landet, så vel som i utlandet. Etter endt utdanning, har eg også gjort meg erfaringar frå ei rekkje andre skular. Datamaskinar har vore min store hobby sidan eg sjølv gjekk i 6. klasse i ’93. Difor er det ikkje så mykje for min eigen del at eg «bles ut» dette. Dei observasjonane eg har gjort meg i løpet av desse åra, seier meg derimot at det er mange frustrerte lærarar og elevar som treng ei stemme. Eg er sjølv ein stor fan av IKT i skulen, men har trua på at det må vere lov å stille nokre kritiske spørsmål, slik mellom anna Inge Eidsvåg gjer her.
Så til punkta dine Kristine.
1. Heilt rett. E-posten er ikkje FEIDE-integrert. Og eg er redd for at utsiktene til at det vil hende heller ikkje er noko å ropa hurra for. Ut i frå den kommunale greina eg høyrer til (oppvekst), ser det for meg ut som om dette er ei greie med å slenge seg på ein proprietær hest når det gjeld e-postløysing, for deretter å byggje seg eit hus på denne proprietære løysing. Når så nye krav dukkar opp, er ein så fastlåst i det opplegget ein har, at ein ikkje er i stand til å fylgje med i timen vidare. Men dette er ikkje mitt bord. Eg har ikkje moglegheit til å gjere endringar her. Og det er vel faktisk det som er poenget, men det kjem eg attende til litt seinare…
2. På skulen min har eg sett opp pålogginga til LMS-systemet slik at når ein vel FEIDE-pålogging, så vert ein automagisk sendt til min kommune si pålogging. Problemet her er LMS-systemet, ikkje FEIDE. LMS-tilbydaren (who shall remane nameless…) har gjort eit førehandsval på si påloggingsside som eg ikkje kan gjere noko med. Det resulterer i at standardpålogginga frå deira nettside ikkje er FEIDE-pålogginga, men deira eiga løysing. Og nettopp her er det mange trør i salaten. Personleg tykkjer eg dette valet som LMS-produsenten her har gjort, berre føyer seg elegant inn i rekka av andre frustrasjonar LMS-et gjev meg. Eit ekstra klikk her, eit ekstra klikk der. Er det rart eg klikkar på det? Men det vert ein annan bloggpost.
3. Dette punktet, og løysinga som du skisserer er eg heilt einig i sjølv. Det kjipe er berre dette. Vår kjære LMS gjev ikkje eit realistisk bilete (for læraren) av korleis det faktisk ser ut for elevane etter at ein har publisert læremateriell av eitkvart slag. Difor må ein, for å sikre seg, sjekke inn på ein eigen elevkonto for å sjå korleis det tek seg ut. Og då kjem tryggleiken til FEIDE inn, og gjev ikkje moglegheit til «daude» brukarar. Ergo må ein logge inn med LMS-et si «standardpålogging», og altså ut av FEIDE. For…ein har, av tryggleiksmessige årsaker (tenk å gje ein vaksen person med fire+ års utdanning full råderett over datamaskina) gjort det slik at ein ikkje kan installere programvare på datamaskina som ein nyttegjer seg av i klasserommet. Difor er det berre vår alles kjære Internet Explorer 8 (9? Håhå….langt i frå!) ein kan bruke.
4. Kor mange gonger ein kan logge lukke nettlesaren? Der har gjerne Peder Haug forskingsmateriale å ta av om det skulle knipe, for det ville vore interessant lesing. M
en for å svare ut i frå mi ikkje-professoralske erfaring; fleire enn ein skulle tru! Seinast i dag klarte heile tre elevar (av fire) å logge seg av heile datamaskina under 5 minutt etter at eg hadde forsikra meg om at alle hadde klart å logga seg på. Og det var ikkje alle som klarte å kome seg inn att før friminuttet…
5. Passordbytte skjer gjerne ved at ein mottek nytt passord på e-post. Her er ein fort inne i ein ond sirkel. Policyen på passorda i min kommune er forøvrig slik; store OG små bokstavar. Tal. Og minst 8 teikn. Vanskeleg for ein vaksen å hugse. Umogleg for ein 7-åring som har hatt verdas lengste sumarferie!
Det er flott at IKT-senteret og UNINETT arbeider «kontinuerlig [med å] forbedre brukervennlighet, brukeropplevelser og funksjonalitet i Feide». Mitt spørsmål; har de nokre barneskular med på laget? Ein ting er IKT på vidaregåande og høgskule, men når ein kjem inn i barneskulen er det totalt andre spelereglar ein må forhalda seg til.
Så skal eg forsøke å konkludere litt trur eg,
Å gje nokon eit verkty, og seie at det kun er tilgjengelg mellom 8 og 2. Det skal nyttast slik. Du kan ikkje kan tilpassa verktyet til dine hender/hovud/kropp/sett inn det som passar. Det er ikkje anne enn å be om bråk.
Som lærar er eg pålagd å tilpassa opplæringa til den einskilde eleven. Og det skulle også berre mangle! Det er heldigvis ikkje normalt å vere normal. Men kva tenkjer så min arbeidsgjevar, eller styresmaktene om tilpassa arbeidstilhøve? Det synest for meg å vera eit ikkje-tema. I barneskulen skal ein takka sin skapar om elevane har 1:2-tilgong på datamaskinar. Lærarar er litt betre stilt, men ikkje mykje.
Poenget mitt er at ein i den norske barneskulen ikkje har råderett over eige verktøy. Ein er berre plent nøydt til å gjere ting på ein måte som vert bestemt av nokon som knapt har sett sine føter i same hus som seg sjølv, og i alle fall ikkje er pedagogar.