Feiden med FEIDE

FEIDE har kasta hansken;

…og sidan eg ikkje likar at ting ligg og flyt, tek eg han opp!

Eg skal ta føre meg to ulike roller der FEIDE vert nytta i den norske skulen pr. dags dato. Dei to er lærarrolla, og elevrolla. Me tek til med lærarrolla.

Den tilsette kjem morgontrøtt til kontoret, og den vandte påloggingsskjermen skin i tussmørkret. Ein knastar inn brukarnamn og passord, og med litt flaks har ein unngått å leggje ei bok på tastaturet under oppstarten av maskina, slik at det ikkje er eit usynleg mellomrom framom brukarnamnet. Det vesle, ubetydelege mellomrommet kan velta dagen for ein durkreven lærar i det norske skuleverket!

Dernest skal ein sjølvsagt lese e-post. Men e-posten er sjølvsagt ikkje FEIDE-integrert, og ein må her hugse at det ikkje er FEIDE-passordet og brukarnamnet som gjeld.

Så står nettlesaren for tur. LMS-pålogginga dukker opp, og her må ein berre hugse å merke av for at det er FEIDE-pålogging ein ynskjer. Dernest er det berre å trygle å be om at nettlesaren ikkje på magisk vis sender ein til den felles påloggingssida for FEIDE, der ein må rulle nedetter ein uhorveleg lang rullegardinmeny, og krysse fingrane for at ein finn nettopp sin kommune/skule.

Når ein så omsider er komen inn på LMS-en, legg ein til eit og anna i faga sine. Ein test her og ein pekar der. Sidan ein er ein samvittighetsfull lærar, loggar ein så av LMS-en att, for deretter å logge inn på elevkontoen som ein har oppretta slik at ein kan sjå om elevane ser det ein vonar at dei skal sjå. Det gjer dei sjølvsagt ikkje. Ein gløymde å aktivera testen for nett denne veka, så ein må ut av elevkontoen, og inn att på lærarkontoen. Og så attende. Og då er det i orden. For denne gongen.

Elevkontoen er sjølvsagt ikkje FEIDE-kopla. Ein må altså ha eit ekstra brukarnamn og passord.

Då plinger det for ny innkomen e-post, og for å få fram det lukkar gjerne den drevne norske læraren nettlesarvindauget, og FEIDE-innlogginga er nok ein gong forsvunnen inn i nettæva. Du har vore ein halvtime på arbeid, og har nytta 25 av 30 minutt på påloggingsproblematikk!

Så det blir fram med nettlesarvindauget att, og ny på logging (den 4 for dagen) på FEIDE. Ein tek seg sjølv i å mumla nokre innbitte glosar om kvar «Felles» tok vegen i «Felles Elektronisk IDEntitet» når ein ikkje eingong kan laga det til slik at pålogging på datamaskina gjev direkte tilgang til dei verktya ein treng i løpet av dagen!

Så dukker det opp ei melding frå IKT på skjermen. Printartrøbbel i dag att! Irritert leiter ein etter det raude krysset, for å fjerne ulukka, men er i same augneblenken uheldig, og lukkar det nyinnlogga nettlesarvindauge i same slengen. *arg*

Så når ein omsider har fått logga seg på den FEIDE-synkroniserte fråversløysinga som vart lansert rett før sumaren, har ein skrive inn FEIDE-passord og brukarnamn minst fem gonger.

Men så er klokka der, og etter ein allereie alt for lang dag med IKT langt opp i halsen, må ein beine avgarde til klasserommet. Her ventar ny maskin. På eit anna nettverk. Denne skal startast, og ein skal logge seg på med ein konto som forhåpentligvis er synkronisert med den som er på kontoret. Deretter må ein finne fram til matematikkverket som IKT-avdelinga i kommunen så generøst har spandert, til tross for ei ekstra trong kommunekasse etter at ein vart pålagd ei dyr FEIDE-integrering. Denne dagen er sjølvsagt den dagen då kontoen ikkje lenger er gyldig. For over sumaren har nokon gløymd å sjekke at kontoane er gyldege det neste skuleåret, og dermed er det ikkje anna råd enn å ty til naudløysninga: stasjonar!

Elevane vert delte i grupper. Ei lesegruppe, ei reknegruppe, ei skrivegruppe…ei datagruppe. Og ja. Etter 10 minutt kjem den fyrste vågale eleven ut frå grupperommet der datamaskinane står, og tilstår på ærleg vis at han ikkje fer logga på. Sumarferien har øydelagd minnet, og den skuffa 8-åringen er ikkje kar om å hugse det opplagde «ur392E8A» og «Kj083hUf» lenger.

Læraren hastar inn (medan elevane han jobba med vert sittande å lesa åleine), for om mogleg å redde dei siste to minutta av elevens hardt tilmålte 12 minutt på datamaskina. Der sit tre like dystre medelevar, som ikkje er kome ein flekk lenger enn den fyrste vågale. I ein fart loggar læraren seg inn med sitt brukarnamn og passord (7. gong for dagen, og ikkje lenger enn fyrste time), på samtlege fire maskinar, og deretter same prosedyre i nettlesaren for å kome inn på LMS-en. Rrrrrring. Der gjekk klokka. På veg ut døra for å klargjere til neste gruppe på lesestasjone, ropar læraren bak seg. «Ikkje logg av maskina!». For seint…

—-

Slik artar altså kvardagen seg for den jamne lærar i den norske skulen.

Eg for min del tel på knappane for kor lenge eg skal utsette å trasse heile IKT-prosjektet (les: Windows-løysinga) til min arbeidsgjevar, og heller installere Ubuntu på maskinane i klasserommet mitt. Slik kan eg unngå påloggingsstyr, eg kan starte ei maskin på null komma niks. Samstundes kan eg legge synkroniserte favorittar i nettlesaren på alle maskinane, slik at elevane har direktelenker til dei verktya me skal nytta akkurat den dagen. Bruk av LMS-løysinga vert så lagd til timar der ein kan ha fullt fokus på å hjelpe alle elevar inn med korrekt brukarnamn og passord. Gjerne ein time der ein har ein medlærar eller assistent.

Så slik er det altså FEIDE. FEIDE hadde gjerne vore som manna frå himmelen om PC i skulesamanheng tydde det same som elles; «Personal Computer«. Diverre er det ikkje slik. I skulen har ein berre «Public Computers», og nok eit initiativ ovanfrå for å «gjøre digital skolehverdag bedre» har havarert.

Meininga med livet

«Her ein morgon høyrde eg ein fireåring spørje si mor, «Kvifor vart eg født? For å gå i barnehage?».

Naturlegvis kunne ikkje mor hennar svara ærleg at, «Ja, det stemmer og no er me for seine!».

Likevel kan ein til ei viss grad seie at born i dag blir født for å gå i barnehage og skule.

Mange studerer flittig i mange år for å finna svaret på kvifor dei vart til. Lærde og filosofar, sjølv om dei øydelegg heile livet sitt på det, seier seg nøgde om dei berre hadde fått svar på dette eine spørsmålt; kvifor vert me til?

I utgangspunktet hadde ikkje menneskja noko mål. No, i denne moderne tid, lagar vi oss eit eller anna mål, og strever heile livet med å finne meininga med dette målet. Det er ein einmanns brytekamp. Det finst ikkje noko meining å leite etter, eller eit mål ein skal nå. Berre spør eit barn. Det vil kunne fortelje deg at eit tilvære utan eit mål er langt i frå meiningslaust.

Frå det sekund eit born tek til i barnehagen, tek sorgene til. Menneska var i utgangspunktet lukkelege, men me har skapt ei hard verd for oss sjølve som me no strevar med å kome oss gjennom dag for dag.

I naturen finst det berre liv og død, og naturen er sorglaus.

I det moderne samfunnet me har skapt oss er det og liv og død, men folk er sorgtyngde.»

– Masanobu Fukuoka
The One-Straw Revolution

Bønder i by’n

Det er ikkje mykje reklame ein fer med seg utan fjernsyn i hus, men ein har eg fått med meg; Felleskjøpet sin «Bønder i by’n».

Det er noko med han som skurrar.

Opninga er flott og fin, med stemningsskapande musikk a’la temamusikken til «The Rock». Sjølv skriv dei;

«reklamefilm for Felleskjøpet Agri. Mange John Deere traktorer med i filmen. Målet med filmen er å gjøre Felleskjøpet og vår fagkunnskap kjent i forbrukermarkedet, samtidig som vi skaper stolthet hos våre medlemmer og ansatte.» – Youtube, 30.05.2012

Som landbruksorganisasjon, eigd av 43.000 bønder som nyttar livet sitt til å laga mat til oss som ikkje gjer det, veit eg ikkje kor stolt eg hadde vorte av ein slik film. I filmen vert nemleg følgjande produkt framheva:

  • traktorar
  • fiskars kuttesaks
  • støvlar
  • motorsager
  • plenklyppar
  • hekktrimmar
  • kunstgjødsel
  • hundemat
Med hederleg unntak av hundematen (vonar eg?) er alle produkta over oljeprodukt. So much for Felleskjøpet Agri sin «grøne» profil. Det kunne like gjerne vore ein reklame sponsa av Statoil. Dei har jo sitt å stri med når det gjeld tvilsomme reklamar i frå før.

Felleskjøpet Agri, eit rotnorsk «grønt» selskap, eigd av 43.000 av dei 45.499 gardsbruka som fanst her i landet i 2011, er altså tufta på det det same som størsteparten av resten av det norske samfunnet så slumrande kviler seg på no til dags: olje.

Det må vera det som er å vera bondefanga.

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira «gode kunder», 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.

Meir brød og sirkus til folket

For nokre dagar sidan skreiv eg ein bloggpost der mitt hovudpoeng var ei oppmoding til norsk media om at det for tida også hender andre saker i Noreg, og verda, enn ei viss rettssak i Oslo. Tilfeldigvis nytta eg redaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, som gallionsfigur for den norske medieskuta i mine skriveri.

I dag fekk eg til mi store overrasking eit svar frå Helle. Eller, meir presist, eit ikkje-svar. Med tanke på offentlighetsprinsippet, som både eg og Lars er opptekne av, gjenngjev eg svaret, eller ikkje-svaret om du vil, her;

Takk for link.

Jeg var faktisk gjort oppmerksom på bloggen din noen dager før, og lurte litt på om jeg skulle svare deg.

Jeg så vel egentlig ikke noe poeng i det. Det virker som vi har helt grunnleggende forskjellig syn på hvordan for eksempel en rettsstat skal fungere, der jeg jo ser at offentlighet er en del av dette.

Du mener noe annet og det er helt i orden. Jeg tror ikke vi blir enige.

Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?

Uansett var det underholdende lesning, selv om jeg ser at det ikke er noe jeg kan navigere etter i stillingen min.

Takk for engasjementet.

Vennlig hilsen

Lars Helle

Fyrst av alt må eg berre få sei at det er ganske så flatterande at mitt vesle innlegg nådde heilt fram til Lars Helle på eiga hand. Sjølv sende eg ei lenkje til han, etter nok eit innlegg i avisa hans om Amid Bubab Barlan.

Men når ein fer respons, og eit augneblenk tenkjer «wow!», så er det godt at Helle evnar å drage ein ned på jorda att. For hans svar er altså ikkje å sjå på som eit svar. Det seier han sjølv, og det ser ein og i svaret. Helle har ikkje teke fatt i eit einaste av poenga mine, med eit lite heiderleg unntak av redaktørars ansvar for å ha ei viss inntening på produktet sitt, noko eg kjem attende til seinare. Men la nå det vere Helles val.

For min eigen del tykkjer eg nok at det hadde vore meir i tråd med hans eigne prinsipp om «offentlighet», om han hadde publisert sitt ikkje-svar i kommentarfeltet på bloggen min. Men igjen…Helles val.

Når du no har kome så langt ned i teksten her, ville det vore for gale om eg ikkje skulle kommentert Lars Helle sitt ikkje-svar, så her kjem den biten.

Eg finn det beint fram fascinerande at Lars Helle tillegg meg meiningar der han framstiller meg som om eg var motstandar av offentligheit. Hadde Helle teke seg bryet med å leita litt attende i bloggarkivet mitt, ville han nok lagt merke til at openheit er noko av det eg set høgst. Han hadde gjerne og lagd merke til at eg har vidarformidla ein video med Pat Condell i etterdønningane etter åtaket. Her vert det meste som er verd å seie om saka sagt på under to minutt.

Eg trur Lars har hatt nokre skeive briller på då han las mitt innlegg om media si einsidige dekning den siste tida. At ein journalist, på toppen av det heile, ein redaktør, ikkje skal kunne inneha evne til refleksjon over eige arbeid er trist og skremande. Så for å hjelpa på den biten kjem her nokre tal. (Samtlege tal er henta frå Atekst.)

  • 11.09.2001 flaug to jetfly inn i World Trade Center i New York. Heile verda stod på hovudet i etterdønningane av dette. I veka som kom etter det, skreiv norske avisar 818 artiklar som inneheldt orda «World Trade Center».
  • Veka før Stortingsvalet 14. september 2009 kunne dei same avisane vise til 570 artiklar med ord «Jens Stoltenberg» i seg.
  • Frå 01.09.2011 til 15.04.2012 har avisane, i snitt pr. veke, hatt 209 artiklar med namnet på personen bak hendinga.

Ingen av desse tre hendingane har vel gjenge direkte upåakta hen i det norske samfunnet.

Det er difor til å undrast over at Helle saknar «offentlighet» rundt saka, når ein ser at frå 16.04.2011 til 24.04.2011, 8 små dagar, har Antje Brura Bursdag vorte nemnd i 1774 artiklar. 1774! Då har eg ikkje ein gong vurdert å sjå på talet på nyhendesendingar med same tema som hovudoppslag.

At media kosar seg i dette stoffet som ein unge i fri dressur på Kvadrat, er nok ikkje ein påstand som ville gjeve meg spesielt gode odds.

Vidare til neste poeng.

Lars Helle er mildt sagt skeptisk til min «medieanalyse». Men at eigarane set krav til ei viss inntening er unekteleg eit poeng det er vanskeleg å kome bort i frå. Kall det «klisjéfylt» og rakk ned på det. Like fullt er det fakta at Schibsted, Noregs største mediekonsern, ikkje vil akseptere raude tal. At Stavanger Aftenblad i 2006 gjekk over til tabloidformat på avisa si, gjorde vel heller ikkje den biten betre?

Som den jæravisa Stavanger Aftenblad er, skal eg no forsøke å gje Lars Helle ei innføring i greipstruktur omkring mi såkalla «medieanalyse».

Stavanger Aftenblad er ei avis med eit stort tal abonnentar. Ut i frå dette, har avisa ei temmeleg stabil inntekt. Oppå dette, eller gjerne også i fyrste rekke, kjem sal av annonsar. Avisa er i tillegg å få kjøpt i laussal.

Laussalsavisar har og sine faste kjøparar. Desse kjøparane er som røykarar. Dei er vanedyr. Dei kjøper avis av gamal vane. Kvar og ein har sin favoritt. Lik røykarar som skal ha Rød 3 kvar evige gong, kjem også den faste avisskjøpar og spør etter VG, Dagbladet eller tilsvarande. I mine år har eg endå til gode å høyra einkvan spør etter «gje meg ei avis med nytt om travhestar». Ein kjøper aviser ut i frå at ein veit kva ein får. For ein person på min alder, er det då gjerne interessant med stoff om ei kvit og svart lærkule. And that’s it!

Mitt poeng her, fibrane som legg seg på tvers av greip-tinda og bind det heile i hop; folk er vanedyr! Dei gjer ting av gamal vane. Difor er det ikkje så nøye kva som er på framsida av avisa. Refleksen i armen gjer at samstundes som kaffekoppen kjem rykande varm over skranka, vert avisa slengd oppå ved sida av med det same, gamle  mantraet «Og gje meg Dagbladet/VG/Aftenbladet/XX og…»

Eg vil gjerne gje landets redaktørar ei utfordring. På same måte som me rett som det er fer featurebilag om interiør, ville det vore eit interessant eksperiment å gjort det same med saka. Kutt ut alt stoff om det i hovudutgåva, og sel bilag på si. Om salstala hadde tapt seg som følgje av dette, ville jo det i seg sjølv ha vore ei sak.

Igjen er det interessant å dra fram tala frå Nordiske mediedager, der 68% var lei fokus omkring drapa på austlandet sumaren 2011. For Lars Helle er journalist. Han er redaktør. Til dagleg har han likesinna rundt seg. Andre journalistar. Redaktørar. Ja jamnvel på heimebane er har han journalistar rundt seg.

No er ikkje eg så sylskarp i personanalysar som Lars Helle tilsynelatande meiner at han er, når han definerer meg som ein med grunnleggjande ulikt syn frå han. Difor vert dette i stor grad hypotetisk. Antakingar. Snåsamannutsegn. Men ein kan gjerne seie at Lars Helle kan ha utfordringar med å vera sjølvkritiskt med tanke på alle dei likesinna han omgjer seg med.