Tagged in: SR-Bank

På hovudet inn i ein binær kvardag

” Oppdatering 09.11.2012 – Stavanger Aftenblad har tydelegvis også plukka opp tråden:

SR-Bank gir bankkort til sjuåringer

Barn mister forstaelse for penger

Det er på sin plass.”

——————————————-

Denne veka fekk skuleverket nok ein gong media sitt søkelys over seg. I desse haustmørke dagane skal ein vel gjerne vere glad for at ting vert opplyst, men eg ser for meg at kunnskapsministeren godt kunne ha vore foruten dette gnistregnet.

Lærarutdannaren Bjørn Smestad meiner det er den grunnleggjande kunnskapen det skortar på sjå lærarstudentane, i og med at det er forkunnskapar som vert testa på eksamen. Kunnskapsministeren vil ha endring av resultata kjapt. Mellom anna med…hald deg fast…kurs. Heldigvis er ikkje det mitt arbeid å gjere noko med i frå den enden.

Det som derimot er ein tankevekkar, om enn ein ganske perifer ein, er dette. Kvar dag tek eg bussen til min daglege arbeidsplass. Den siste veka har SR-Bank klistra opp ein reklameplakat for bankkort for barn under 13 år (vilkår).

Årsaka til dette er i følgje SR-Bank sine eigne nettsider at;

70 % av våre kunder som har barn i alderen 10-12 år, oppgir at det ofte er en utfordring å ha penger tilgjengelig for sine barn i forbindelse med småhandel.”

Snille, snille SR-Bank. Strekke ut ei hjelpande hand til alle desse stakkars småbarnsforeldra slik at dei kan unngå den kjedelege kranglinga i kassa når poden vil ha Halloween-sukkertøy. Omtenksamt.

SR-Bank reknar nok denne reklamekampanjen som ikkje retta mot born. Eg ser for meg at Forbrukarombudet, som har tilsyn med nettopp marknadsføringslova, også vil koma til den konklusjonen. Statoil sneik seg jo glatt unna tidlegare i år, etter ein ufatteleg klein reklamespot dei hadde gåande på fjernsyn.

SR-Bank sin kampanje er ikkje ein gong på fjernsyn, så dei vil nok sleppa endå letare unna om nokon skulle levert inn ei klage.

Langs den distansen eg reiser med buss, ligg det ikkje mindre enn fire barneskular. Eg vil tru at størstedelen av Kolumbus (det lokale busselskapet) si kundegruppe er born og unge. Tal har eg ikkje på dette, men med tanke på den mengda einslege bilistar som står i kø her i Stavangerregionen kvar dag, trur eg det eit edrueleg anslag.

Når “kidsa” kjem heim og fortel at “alle” i klassa har kort, skal det godt gjerast for ein allereie hardt prøva forelder å ytra det viktige ordet “nei”. Halloween-maset om nytt kostyme vil framstå som sumarferie til samanlikning.

Lenkja mellom desse to tinga er dette. Skulane slit med å utdanna kompetente matematikklærarar. Dei skyldar på det grunnleggjande. Det grunnleggjande i det talsystemet me til dagleg omgjer oss med er titalsystemet. 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9. Born lærer å byggje opp tal der ulike siffer har ulike verdi alt etter sifferets plassering. Konkretar er fint til slik lærdom. Konkretane (som forsåvidt også berre er symbol) er i ferd med å forsvinne.

Det SR-Bank er i ferd med å gjere her, er å fråta heimane, og samfunnet, ein moglegheit til å konkretisere matematiikken. Dei håndfaste myntane er snart borte. Det er forsåvidt eit uttalt ynskje/faktum/utvikling at kontantar skal bort. Men kva hender når det mest konkrete me har for å læra oss det heil grunnleggjande forsvinn? Det er jo allereie vorte kveldsunderhaldning å sjå på korleis folk makter å kjøra sin personlege øhonomi ad undas.

Til skilnad frå SR-Bank, så synest det for meg som at det ikkje er mangel på oppseding rundt kortbruk som er problemet, men manglande mental kopling frå kortdraging til at pengane strøymer ut frå kontoen. Me er i ferd med å gå frå 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9 til 0,1.

SR-Bank (og andre bankar) sitt bankkort vil forøvrig heller ikkje verte ei endeleg løysning på foreldra sine “problem”. Det vil verta eit tillegg. Når 400,- i veka er oppbrukt, er nok ikkje vegen lang til å be om kontantar frå dei stakkars gamle. Og skulle ein vere betre rusta til å seie nei fordi om poden har fått kort?

Til sist eit tips til fredagsunderhaldning. Dokumentaren “In debt we trust” tek forsåvidt føre seg lån, men eg opplever likevel filmen som relevant. Stoe summar på kredittkorta er mykje for ein som endå ikkje har omgrep om kva konsekvensane kan bli. Dei har endå ikkje erfart samanhengen mellom inntekt og utgift på kroppen. Likevel er bankane på plass med sugerøyra sine, for på den måten å sikra seg ei stabil framtidsinntekt. Suspekt!

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira “gode kunder”, 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.

Årets beste tilbod…eller?

Akkurat i tide til å kome med i kåringa “årets beste tilbod”, dumpa det ned eit brev i frå SpareBank 1 SR-Bank. Denne gongen med eit fantastisk påminning om deira tilbod til meg om kredittkortet SpareBank 1 Gold. Det originale tilbodet har på merkeleg vis aldri dukka opp.

Med dette magiske kortet flesker altså børsjomfrua SpareBank 1 til med følgjande tilbod til meg:

  • Lik pinkode som på kortet eg allereie har
  • Reise og avbestillingsforsikring (med tilhøyrande liten skrift)
  • Oversikt i nettbank
  • Trygg betaling

Men så tenkjer eg diverre litt på dette:

  • Kor sikkert er det å ha same pinkode overalt?
  • Kor enkelt er det eigentleg om eg kjem med forsikringskrav etter ei reise?
  • Eg har allereie oversikt i nettbanken…denne er eg ikkje nøgd med. Kva med å kutte kaffen (Java)
  • Får eg ikkje eit tilbod  om trygg betaling frå SpareBank1 SR-Bank allereie, sidan dei må nytta eit anna kort for å gje meg dette tilbodet?
  • Kvifor dukkar det opp slike reklamestunt frå banken min? Eg har jo ikkje bede om det!

Nei, Alice-Katharina Nielsen og resten av SpareBank 1 SR-Bank…dette er ein praksis eg ikkje likar. Det er slik praksis som skapar gjeldsslavar. Unge gjeldsslavar. At banksjef Nielsen(?) kan stå inne for ein slik praksis finn eg skremande. Hadde det ikkje vore for bankens siste stunt der dei hoppar på børsjaget, kunne eg mest fortsatt å tru at SR-Bank er den same, gamle trygge banken min. Den banken som gav meg ei søt panda-sparebøsse å spare på ei gong midt på 80-talet…før jappetida.

Men i staden trur eg at eg har fått eit nyttårsforsett for 2012. Litt forsinka, men legg eg til litt Wordefeud-nedtelling, så har eg pr. 19.55 den 2. januar 2012 fortsatt god tid på meg. Så her kjem det. Mitt nyttårsforsett for 2012 er – finne ein betre bank enn SpareBank 1 SR-Bank!

Medmindre då…ikkje at eg er kravstor eller noko.  Barclays Bank Delaware har jo dette som heiter Black Card. Eg trur livet mitt ville ha vorte betre med dette. Mykje på grunn av tilgongen til ei smekker dame i eit ekstra hudlag i skinn, med heilt grei kåk, ok motorsykkel, helikopter og ein brukbar pram å ta meg rundt i til sjøs:

Så takk, Sparebank 1 og Alice-Katharina Nielsen, men nei takk!