Akkurat i tide til å kome med i kåringa “årets beste tilbod”, dumpa det ned eit brev i frå SpareBank 1 SR-Bank. Denne gongen med eit fantastisk påminning om deira tilbod til meg om kredittkortet SpareBank 1 Gold. Det originale tilbodet har på merkeleg vis aldri dukka opp.
Med dette magiske kortet flesker altså børsjomfrua SpareBank 1 til med følgjande tilbod til meg:
- Lik pinkode som på kortet eg allereie har
- Reise og avbestillingsforsikring (med tilhøyrande liten skrift)
- Oversikt i nettbank
- Trygg betaling
Men så tenkjer eg diverre litt på dette:
- Kor sikkert er det å ha same pinkode overalt?
- Kor enkelt er det eigentleg om eg kjem med forsikringskrav etter ei reise?
- Eg har allereie oversikt i nettbanken…denne er eg ikkje nøgd med. Kva med å kutte kaffen (Java)
- Får eg ikkje eit tilbod om trygg betaling frå SpareBank1 SR-Bank allereie, sidan dei må nytta eit anna kort for å gje meg dette tilbodet?
- Kvifor dukkar det opp slike reklamestunt frå banken min? Eg har jo ikkje bede om det!
Nei, Alice-Katharina Nielsen og resten av SpareBank 1 SR-Bank…dette er ein praksis eg ikkje likar. Det er slik praksis som skapar gjeldsslavar. Unge gjeldsslavar. At banksjef Nielsen(?) kan stå inne for ein slik praksis finn eg skremande. Hadde det ikkje vore for bankens siste stunt der dei hoppar på børsjaget, kunne eg mest fortsatt å tru at SR-Bank er den same, gamle trygge banken min. Den banken som gav meg ei søt panda-sparebøsse å spare på ei gong midt på 80-talet…før jappetida.
Men i staden trur eg at eg har fått eit nyttårsforsett for 2012. Litt forsinka, men legg eg til litt Wordefeud-nedtelling, så har eg pr. 19.55 den 2. januar 2012 fortsatt god tid på meg. Så her kjem det. Mitt nyttårsforsett for 2012 er – finne ein betre bank enn SpareBank 1 SR-Bank!
Medmindre då…ikkje at eg er kravstor eller noko. Barclays Bank Delaware har jo dette som heiter Black Card. Eg trur livet mitt ville ha vorte betre med dette. Mykje på grunn av tilgongen til ei smekker dame i eit ekstra hudlag i skinn, med heilt grei kåk, ok motorsykkel, helikopter og ein brukbar pram å ta meg rundt i til sjøs:
Så takk, Sparebank 1 og Alice-Katharina Nielsen, men nei takk!