Category Archives: Utdanning

Innlegg som tek føre seg ulike utdanningstema.

UlogIsK skulepoliTikk

Ein har i fire år no hatt ei satsing på IKT i skulen, Digital kompetanse 2004-2008. Denne skal snart fasast ut, men eg må seie at eg ikkje er særleg imponert over det som har skjedd dei siste fire åra sidan eg tok til på mi lærarutdanning. Som eksempel på nokre av hovudutfordringane programmet har hatt, kan mellom anna desse nemnast;

  • utvikle digital kompetanse gjennom daglig bruk i læringsarbeidet
  • utvikle læreres og skolelederes digitale kompetanse

Flotte ord. Som vanleg når planar kjem frå statleg hald. Men det er mest alt det er!

Ok…så er eg i den heldige situasjon at eg har projektor i klasserommet. Eg har og høve til å gje kvar elev i gruppa mi ei datamaskin kvar…to timar i veka. Eg kan ikkje anna enn å gjenta at eg ikkje er særleg imponert. Me bur trass alt i eit av verdas rikaste land og burde ha råd til å sørge for at skuleborna får den digitale kompetansen dei treng i livet utanfor skulen. For det er noko som ikkje heilt gjev meining på dette området…

Youtube og Facebook er to døme på farsottar som har spreia seg voldsomt på Internett i den seinare tid. Det som diverre ser ut til å vera skulane sin reaksjon på dette, er å sperra sidene for borna når dei er på skulen og nyttar seg av skulen si nettilkopling. Men kva med tida dei er på når dei ikkje er på skulen?

Eg tek vel ikkje i om eg seier at eg ser på meg sjølv som ein tålig greit digitalt kompetent ung mann, og er såleis godt representert på begge av dei nemnde nettsamfunna. Heilt sidan min fyrste praksis i 2004 har eg vorte spurd av elevar om eg “har MSN?”. Dette skjer i 2008 og, men i tillegg er ei erfaring eg har gjort meg at elevar som er under Facebooks lågast godkjende alder for registrering på deira nettsamfunn, har forsøkt å leggje meg til som ven her.

Youtube har ein liknande avtale for bruk som du godkjenner når du oppretter konto her.

In any case, you affirm that you are over the age of 13, as the YouTube Website is not intended for children under 13. If you are under 13 years of age, then please do not use the YouTube Website.”

Trass i dette har eg motteke kommentarar og invitasjonar til å verte ven med born som er under denne alderen på begge desse foruma. Eg har difor kome fram til at det er nokre spørsmål ein må tenkje på angåande dette:

  • Kva skal ein som lærar gjera i slike situasjonar? Korleis vil eleven reagere om du som lærar ikkje vil vera ven med han/ho?
  • Skal ein kanskje akseptera førespurnaden? Korleis vil då foreldra reagere om dei får greie på det? (Det er vel ikkje sjølvsagt at den mindreårige poden har nevnt for foreldra at Facebook er ein stad han/ho “heng”…)
  • Kvifor har eg ikkje lært noko som helst angåande dette under mi fireårige utdanning til fleire hundre tusen norske oljekroner?
  • Kvifor har eg ikkje kome over nokre råd frå Utdanningsdirektoratet angåande denne tematikken?
  • Skal elevane finna ut av desse spørsmåla på eiga hand, medan skulane, med kommuneadministrasjonane i spissen, stengjer ned nettstader som “ikkje er passande i ein undervisningssituasjon”?

Ironisk nok er sjefen sjølv og mannen som er ansvarlig for ståa i skulen sjølv på Facebook, og jammen er ikkje også Jensemann å finna på Youtube og. Vil dette seia at Facebook ikkje er sperra på Stortinget? Sjølvsagt er dette hendig når han må inn å sjekka kva kaviar Kjetil og Kari valde seg på bryllupsreisa!

Eg tenkjer i mitt stille sinn at i desse raudknapp-tider…er det ikkje desto viktigare at me lærer elevane korleis dei kan ferdast trygt i Internettjungelen, framfor å stenga ned tenester som dei likevel kan nytte seg av på datamaskina heime?

Spraag i de nordiske lande

Eg har lyst til å kome med nokre tankar omkring det nynorske språket i eit verdsperspektiv no. Bakgrunnen er at eg gjekk og høyrde på Språkteigen si sending frå den 26.10 på veg til arbeid i dag. Etter kvart kom dei inn på eit tema som ein kanskje kan kalla det norske språk i verda?

Ei rekkje institusjonar, her i Noreg representert av HiB, er med på eit EU-sponsa prosjekt som er kalla Double Bubble. Målet, eller måla til dette prosjektet er slik;

• å vekke interesse for språkene tysk, svensk, norsk, dansk og islandsk.
• å bruke lekende og overraskende metoder for språkinnlæring.
• å øke interessen for språkkurs.
• å nå fram til målgruppen, unge mennesker mellom 18 og 30 år.

Prosjektet tek sikte på å nå dei i aldersgruppa 18 til 30 år som kanskje ikkje er særs interessert i å læra språk. Det er og snakk om dei framandspråka som kanskje ligg nærast opp til Norsk. Slik sett passar kanskje ikkje tankane mine heilt inn, men eg trur likevel at desse funderingane mine har eit poeng. Men la oss høyre litt på kva det går i når dei snakkar om å læra andre språk;

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2008/10/sprache.mp3]

Bilete er CC-lisensiert og henta frå http://farm1.static.flickr.com/50/149172094_f4a814bf30.jpg?v=0Det eg tykkjer er mest interessant her er noko av det siste som vert sagt:

“…utnyttar du den språkkompetansen som du sit inne med frå tidlegare. Det er nokre grammatiske strukturar som har inne i deg og som du utnyttar.”

For det er akkurat dette eg tenkjer på når eg meiner at det å læra nynorsk som hovudmål vil vera ein ufatteleg fordel for alle når ein seinare skal ta til å læra andra språk. Eg er diverre ingen forskar og kan sjølvsagt ikkje dokumentera noko slikt. Men så kan ein spørje seg…må ein vera doktor for å forstå at ein må ete for å overleve? Eg har altså ei magekjensle, og den seier meg at om ein lærer nynorsk som hovudmål i Noreg i dag så vil ein oppnå fleire effektar;

  • ein får større ordforråd
  • ein får bokmål “gratis”
  • ein får større evne til å forstå andre dialektar/språk
  • ein får betre evne til å fungere språkleg i samfunnet

Med tanke på at fleirspråkleg kompetanse er meir og meir etterspurd i arbeidsmarknaden no til dags, kan eg verkeleg ikkje skjøna at ein ikkje skulle ville ynskje å kunne fleire språk antan dette no er nynorsk, bokmål, samisk, teiknspråk, svensk, engelsk, tysk, fransk, spansk eller for den del arabisk!

Med andre ord; Go nynorsk!

Nye Tonstad skule

Eg må seie at det er trist å høyre at Rådmannen har vorte “vandt” til kritikk. Det kan ikkje vera mykje grei jobb å ha om ein opplever engasjement og konstruktiver kommentarar som kritikk.

For eg trur neppe dei frammøtte i Kommunestyresalen hadde troppa opp for å koma med kritikk til Rådmannen. At engasjementet var stort og innspela mange kunne ein jo merka seg i etterkant av møtet, noko eg er sikker på at både KrF og Høgre sine representantar opplevde. Det var derfor ikkje berre blandt foreldra at den plutselege amputasjonen av møtet frå Rådmannen si side opplevdes noko merkeleg! Til opplysning kan eg minna Rådmannen om det ein kanskje kan kalla den Sirdalske ånd…det er rett og slett ikkje kultur her i kommunen å reisa seg i ei forsamling og ta ordet, og spesielt ikkje når ein for 30 sekund sidan fekk framlagd eit prosjekt i mangemillionarsklassen og altså endå ikkje heilt har klart å fordøya nettopp det.

Når ein driv med utdanning er ein heile tida på jakt etter å gjera ting betre. Eit velkjend omgrep innanfor pedagogiske kretsar er “heilskapeleg skuleutvikling”. Omgrepet spelar nok i fyrste rekke på å utvikle pedagogiske prinsipp, men det er vel ikkje heilt unaturleg å utvide dette til å gjelde også andre sider av skulekvardagen når det er snakk om å byggja ein ny skule.

Ei av desse sidene som Rådmannen tydeligvis vart gjort merksam på var symjebassenget. Eg må i forbifarten berre nevne at eg må dra litt på smilebåndet når Sirdal kommune legg opp til to symjebasseng, medan dei fleire andre stadar i landet må reise bort frå skueln for å få den grunnleggjande opplæringa.

Uansett. Utdanningsdirektoratet har publisert nokre føresegner omkring forsvarlig svømme- og livreddingsopplæring i grunnskoleopplæringen. Dette er interessant lesing. I punkt 4.1 som går på tryggleiken under sjølve undervisninga kan ein lesa;

Ved begynneropplæring skal det alltid være minst 2 tilsynspersoner til stede. Dersom
gruppen er større enn 15 elever, skal tilsynet økes med en voksen tilsynsperson for hver
påbegynt gruppe med 15. jf. § 12-1 bokstav b.

Når elevene er svømmedyktige, og det ellers ikke er spesielle problem med opplæringen i
den aktuelle gruppen, kan en tilsynspersonen ha både undervisning og tilsyn med inntil
15 elever.

Når det er forhold som gjør opplæringen særlig vanskelig og/eller setter sikkerheten i
fare, skal tilsynet styrkes. Det kan eksempelvis være elever som trenger særskilt
tilrettelegging og ekstra tilsyn, for eksempel elever med vannskrekk, epilepsi, nedsatt
funksjonsevne, elever som viser utagerende atferd eller elever som det av andre grunner
må tas særlige hensyn til. Da kan det være aktuelt å ha med assistenter, se 4.2.
Assistentene kommer i tillegg til personer som har tilsyn og kan ikke erstatte disse.

Ryktet seier at det er eit problem å få lærarar på plass i skuleverket i dag. Men i Sirdal er tydeligvis ikkje dette noko problem då dei smeller til med to basseng, noko som medfører eit høgare krav til at det skal vera tilsynspersonar til stades. Eg meinte å lesa at det var vondt å få tak i lærarar til Tonstad skule tidlegar i år, men det er fullt mogleg at eg hugsar feil.

Kommunen har planar om å byggje eit ekstra basseng for stuping. Dette må ha ein viss djupnad. Etter det eg har fått med meg, vil dette vera så djupt at ikkje ein gong vaksne kan trø i botnen her. Rekk opp handa alle som føler seg trygge til å motta læring når dei ikkje er trygge på om dei kan trø i botnen. Tenk så på om den vesle poden din er annleis innretta enn deg…

Men som Rådmannen seier, så er det “forlengst gjort fatta vedtak på korleis det skal vere.” Mon tru om han har teke slike ting inn over seg då han avgjorde bassengspørsmålet?

Heldigvis er skulen så mykje meir enn symjeopplæring. Ein skal ikkje berre kunne overleve i vatn, men og i samfunnet ellers. Det er jo mogleg at arkitektane, byggekommiteen og Rådmannen har vore i dialog med andre skular i landet eller utlandet for å hauste erfaringar, men om dette ikkje skulle vera tilfelle vil eg berre vere på den sikre sida og opplyse litt omkring dei erfaringane eg sjølv har gjort meg.

Eg er så heldig å arbeide på ein skule som berre er to år gamal. Denne har store likhetstrekk med dei planane som var presentert på Tonstad i går, og eg ser det difor ikkje som uaktuelle erfaringar. Fyrst litt om min skule. To og to baserom deler inngang. Alle baserom soknar inn til eit amfi der ein har musikk og skulesamlingar. I annakvart baserom er det og tre grupperom i bakkant. Mellom baseromma er det skyvedører i glass. Dørene ut til amfiet er skyvedører som går frå golv til tak. Desse er og i glas. Amfiet har og store, åpne glassflater som slepp inn mykje lys.

Ut i frå ein arkitektonisk ståstad, er det klart at glas er flott. Det har sjølvsagt og vore ei utvikling i glas sidan dagens skule vart bygd. Men likevel…

Erfaringane eg har gjort meg tilseier at fleire sider ved å nytte glas vert ignorert.

  • varme/kulde

Basrom i sør vil, om ein ikkje sjekkar opp dette, ha eit potensiale for å verte ufatteleg varmt når sola står på. Luftingsanlegg kan sjølvsagt hjelpa på dette, men med tanke på det miljøfokuset som er no til dags er verkeleg ei slik løysing rett? Dette både med tanke på at det kostar å drifta slik, og at ein i staden kunne satsa på å jobbe med naturen og ikkje mot han. Eit skuleeksempel kan sjåast i Grong.

  • innsyn/utsyn

Små born har ikkje same evne som vaksne til å halda fokus, og som også Marianne Hompland nemner, så er det ikkje alltid like lett å dra merksemda til elevane dit han skal vera. Dette har eg sjølv følt på kroppen, og resultatet er at eg i mitt klasserom har “tapetsert” heile glasdørene for å hindre nettopp innsyn/utsyn. Det vert eit heilt unødigt fokus på “kva dei andre gjer” med slikt.

  • lyd

No er det heldigvis lagd opp til at musikken skal føregå i eit eige rom på Tonstad, og ikkje i eit amfi slik som på min arbeidsstad. Likevel vil det vera mykje aktivitet ute i fellesområda som igjen vil skapa lyd. Glas er ikkje så lyddempande som ein vegg, og at eit bibliotek vert lagd i eit åpe landskap kan vera uheldig kanskje spesielt i ein situasjon med mykje gjennomgang.

  • vedlikehald

Det seier seg sjølv at det vil krevja meir vedlikehald av vindauge enn av ein vegg.

  • knusbart

Eg har sjølv erfart å gå gjennom ei glasrute med det resultat at øyret vart delt i to og vil ikkje oppmode folk om å teste ut slikt. Glas er rett og slett ikkje risikofritt. Det er og dyrt å erstatte, og ein kan heller ikkje sparka ein ball mot det. No har fotballen endra seg ein god del frå då eg sjølv gjekk på skule, men gleda over å sparka ein ball i veggen vil eg tru er like stor no som då.

At arkitekane ser det som eit poeng å opna opp skulen er jo flott. Men i ein skule, og då kanskje spesielt på ein barneskule, har dei ein tendens til å dekorera klasseroma. Om ein har vore inne på ein tenåring sitt soverom, vil ein sjå at veggane er fulle av plakatar der og. Slik sett synest det i alle fall for meg som lite pedagogisk å nytta glas i utforminga av klasseroma. Born treng å uttrykka seg. Kvifor ikkje gje dei ein vegg dei kan skriva på? Det er jo ein ting som mange har stor glede av i staden for å skriva “for seg sjølv” i ei bok!

Å sleppe inn lys er altså vel og bra, men med ei satsing på digital kompetanse vonar eg at kommunen set ein projektor i kvart klasserom. Ein må jo då i det minste få opp gardin slik at ein kan nytta ein slik i undervisninga. Eg  er så heldig å ha slikt verkty å nytta meg av, og det er ei heilt anna verd enn den skulen eg sjølv vaks opp i. Skal skulen sjå bort i frå at verda utanfor dei flotte glasveggane i stor grad nyttar seg av digitale verkty, eller er dette noko ein i staden burde ta inn over seg og utnytte for alt det er verdt? Eg er sikker på at fleire vil vera einige i at SMS har hatt ein klar innverknad i skriftspråkutviklinga. Ik snt? Så kvifor skal ein då skilje denne “verda” frå skulekvardagen?

Eg må og seie at det er litt sørgeleg å registrere korleis prosessen har vore fram til no. Og eg vil nok ein gong støtte Marianne når ho seier at kommunens innbyggjarar igjen har vorte overkjørt! Kvifor sluttar aldri denne praksisen? Kven er det som ikkje lærar av sine “feil”?

Og til slutt, for at Rådmannen ikkje skal verte for lei seg over all “kritikken” eg kjem med, vil eg avsluttningsvis nevne at arbeidsroma for lærarane hadde mange flotte forslag til løysningar!

Presentasjonen av forprosjektet [PDF]

Skuleverket på tiltalebenken for mord…

I mi studietid i Volda var eg på ei førelesning der førelesaren fortalte om korleis det ville ha vore om ein i frå 1800-talet tok ei tidsreise fram til i dag. For å gjera ei lang historie kort, endte det opp med at dei tre einaste institusjonane personen ville kjend seg att i var

  • helsevesenet
  • kyrkja
  • skuleverket

I dag kom eg over bloggen til Thomas Moen der han hadde referert til ein video med ein herre ved navn sir Ken Robinson der han held ein tale på TED-talks, ein konferanse der ein tek opp tema som teknologi, underhaldning og design. Dette er ein video for alle foreldre og lærarar som er interessert i at podane skal verte anna enn det som Mr. Robinson omtalar som profesorar. Han støttar også opp om det som Fredrik Hären tok opp på kunnskapens dag i fjor haust. Nyt dei neste 20 minutta med dette geniale føredraget:

[youtube:v=iG9CE55wbtY]

Politikkens verd?

TV2 Nyhetskanalen melder i kveld om ei skulesatsing i statsbudsjettet som er oppskrytt. Samtidig kan Spetalen skule i Råde kommune opplysa om at dei har lånt solid utdaterte skulebøker frå nabokommunen, at dei har kutta ut skulefrukt og at vikarar ikkje vert hyra inn når det er naudsynt med slikt. Dette høyrest kjend ut.

Og nettopp dette gjer at min tanke om at politikarar som har hatt for mange år på Stortinget vert styrka. Det opplevest for ein simpel arbeidsmaur meir og meir som om desse som me har velt å styre skuta for oss ikkje lenger har omgrep om kva dei skal styre.

Eventuelt?

Okai. Det er kanskje min oppvekst i bibelbeltet som gjer sitt innslag her, det skal eg innrømma. Likevel kan eg ikkje anna enn å stille meg ein smule kritisk til det valet Cappelen Dams forlag har gjort i si siste lærebok i RLE. Dei fleste har vel fått det med seg no, men den siste utviklinga for å gjera seg meir internasjonale har altså medført at dei velkjende forkortingane f.Kr. (før Kristus) og e.Kr. (etter Kristus) no vert omgjorde til evt. (etter vanleg tidsrekning) og fvt. (før vanleg tidsrekning).
Mange politikarar har ytra seg omkring saka:

Rolf Reikvam (SV) mener det er helt tullete å gjøre om tidsregningen i læreboka.
Odd Einar Dørum (V) mener de nye bøkene fratar barn kunnskap om vår historie og kultur.
Ine Marie Eriksen Søreide (H)mener det er fullt mulig å lære toleranse for alle religioner og samtidig holde på norsk kulturarv.

Dei fleste er einige om at å endra dette vil vera bortimot blasfemi og eit kulturhistorisk sjølvmord. Dette er vel og merka før FrP har vore på bana med sine uttalelsar!Eg legg meg ikkje borti det. Det som eg derimot tenkjer litt på, er kvifor dette i det heile tatt har kom opp. Som ein i følgje linselusa kunne lese i “Vakttårnet” i 1992;

Det finnes forskjellige former for tidsregning, forskjellige slags kalendere. For jødene er vi nå i år 5752 anno mundi («fra verdens skapelse»). For mange andre befinner vi oss i AD (anno Domini, «det Herrens år») 1992, eller 1992 e.Kr.

I tillegg til denne Gregorianske tidsrekninga kjem mellom anna følgjande ulike kalendarar, som i større eller mindre grad skil seg frå det Cappelen Dams no definerer som vanleg;

  • Hinduistisk kalender
  • Juliansk kalender
  • Austkristen kalender
  • Hebraisk kalender
  • Persisk kalender
  • Islamsk kalender
  • Etiopisk kalender
  • Thailandsk solkalender
  • Buddhistisk kalender

Vanleg? Og som om ikkje det var nok, så har ein i Japan ei tidsrekning som kan få ein stakkar vesterlending til å vere glad at han ikkje treng å slita med meir enn ein slags keisar! V’en i “e.v.t.” er jo også fort gjort å kopla mot ordet “vår”. Det gjev for så vidt same meining det…om ein definerer seg som ein del av den vestlege verda. Men tal frå 2003 kan jo tyde på at det finst dei som ikkje er heilt samde i denne definisjonen. 2/3 av dei totalt 332 793 innvandrarane i 2003 var frå ikkje-vestlege land.

Er det eigentleg noko poeng i ein slik diskusjon? Poenget med årstal, så vel som andre formar for målestandardar må jo vera at ein alle skal ha same referansepunkt? Har det vore slike debattar tidlegare, eller er det berre fordi religion er inne i biletet her som gjer det til aldeles fortreffeleg salgbart stoff? Ville det skapt like mykje diskusjon om ein hadde bestemt seg for å endra omgrepet “1 meter” til “1 doltiv” (distance of light travelled in vacuum)? Eg trur ikkje det.

Heile poenget er at ein har ei felles refereanse. Eit utgangspunkt. Ein standard. Om denne standarden så vert sett til å vera då denne Bibelske figuren Jesus vart født (ca.), eller om utgangspunktet i staden vert 1969, då det fyrste funnet av olje på Norsk sokkel vart oppdaga…ja det er vel rivande likegyldig? Sjølvsagt ville det nok skapt litt utfordringar i møte med andre nasjonar og folkeslag, men som ein kan forstå av den tålig lange lista med ulike kalendarar ovanfor, så er ikkje dette noko stort problem.

Og når ein fyrst snakkar om utfordringar. Kva med dei dårlege norske resultata på internasjonale målingar? Me er jo så opptatt av desse her til lands. Å måla oss i høve til andre land, sjøl om me seier til kvar einskild elev at han er spesiell og verdifull slik han er! Korleis skal vesle Kari og Ahmed no verta betre å lesa når ein må forhalda seg til flotte, eintydige forkortingar som e.v.t. og evt.? Sjølvsagt ikkje noko stor poeng, men me skal i alle fall ikkje gjera det lett for dei små håpefulle.

Vår kunstige utdanningssituasjon

Mange meiner mykje om det Norske utdaningssystemet. Eg er ein av dei. No kom eg til å tenkje på sjølve kvardagen. Korleis borna er organisert for å læra. Det heiter jo ikkje klassar lenger, men grupper. Nytt ord. I mange tilfelle same forskjell. Altså ingen.
I L97 sin generelle del som ikkje vart endra med ny læreplan heiter det;

Opplæringen skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for
senere i livet å kunne gå inn i yrker som ennå ikke er skapt.

Og la oss ta ein kort kikk på dagens arbeidsliv. Det kan jo vera interessant nok i seg sjølv det, men av alle ulike jobbar du kjenner til, kor mange er det som inneber at ein må arbeida i 45 minuttsintervallar. Kor mange er det som inneber at du sit på ein pult klemt inn mellom 25 andre pultar og deira tilhøyrande hyller på snaue 50 kvadratmeter?

For slik er det i skulen.

Opplæringslova fortel oss dette;

Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.

Den siste setninga der er jo verdt ein blogpost i seg sjølv, så det tek eg ikkje meir av no. Men at elevane kan delast i grupper etter behov burde jo heller vore formulert som eit skal spør du meg. Ikkje ein gong ei grisemor klarar å handtera så mange born på ein gong som det ein lærar må gjera til dagleg. Og så snakkar ein om pedagogisk forsvarleg?

Folk er ulike, men i den Norske skulekverna anno 2008 vert dei alle kasta i same støypeform sjølv om dei alle har krav på tilpassa opplæring. Den tilpassa opplæringa skal ikkje vera meir tilpassa ser du, enn at ho kan fungera innanfor eit felles rammeverk som skal gjelda for alle.

NRK inn i skulen

Det finst utan tvil dei som har fått tildelt betre fortellarevner enn meg. “Slik er det, og slik har det alltid vore” som Jon Fosse ville sagt det. Når eg då ikkje heilt når opp til dei høgder som ein gjønomsnitteleg standupkomiar gjer, må ein søkja andre arenaer å formidle bodskapen på. Og det er det eg forsøker å gjera med min bruk av IKT i undervisninga.

For det finst mykje flott på Interwebben! Ikkje minst radioprogram. For tida er eit tema på skulen norske rovdyr. Tilfeldigvis høyrde eg ei reportasje på NRK’s “Verdt å vite” for nokre veker sidan om akkurat det. Eg tenkte med ein gong eg høyrde det at dette måtte jo vera fantastisk å få brukt i ein undervisningssituasjon! Problemet er berre ei lita sak som heiter “opphavsrett”. NRK sit jo sjølvsagt på alle rettane til programma dei lager og sender ut på eteren. I utgangspunktet kan eg sjå for meg at ein kommersiell aktør som sjølvaste Rikskringkastinga ikkje ville vera særs begeistra over å at åndsverket deira vart redigert om ein annan av ein tilfeldig grunnskulelærar. Eg tok likevel sjansen, og sendte avgårde ein e-post til Verdt å vite-redaksjonen der eg hinta litt frampå om det kunne vera ein mikroskopisk sjanse for at eg kunne nytta dette materialet i undervisninga. Resultatet var gledeleg overraskande!

Så ein hjarteleg stor takk til Hr. Grydeland i NRK. Hadde ein berre organisert dette frå Statleg nivå så samtlege lærarar i Noregs land kunne nytta seg av materialet som NRK produserer, trur eg at me kunne sett mykje flott i skulen, og kanskje også sett ein framgang i resultata. For eg ser i alle fall det med mi klasse…dei fylgjer mykje betre med når det er ein video som vert avspelt enn når eg står og teiknar og forklarar. Men dette er berre ein særs subjektiv observasjon. Kan hende tek eg feil…

Tankar om framtida…

Frå ei side eg plar lese, Dumblittleman, fann eg nokre tips til livet etter studietida.

Av dei sju som stod der var nokre av det langsiktige slaget, medan nokre var dagsaktuelle for min del.

Pay Off Debts
If you have any credit card debts from your freewheeling college years, begin paying those off in earnest. Credit card debt is a weight that will hold you back from your dreams as long as you let it. Your dream isn’t to sell your future so you can have fancy new clothes or glittery new electronics, your dream is to make a good life for yourself and the ones you care for. Credit card debt, and other debts, are holding you back so get rid of those 20% a year interest rate behemoths as soon as possible.

Eg er sjølvsagt ikkje så stor tilhengar av kredittkort, noko det nylege avslaget eg fekk på min søknad om eit Statoil kredittkort er eit klårt prov på. Heiltidsstudentar er merkeleg nok ikkje kredittselskapa sine yndlingskundar. Men eg har likevel opparbeida meg eit surt studielån…sjølv om eg ein gong hadde ein teori om at eg ikkje skulle ha det. Det slår med difor som ein god ide å ta fatt på denne oppgåva så snart som mogleg. Spesielt om ein kombinerer dette tipset med det neste.

Keep Rent Low
When you move to a new place, don’t immediately go for the swanky new apartment. You just spent the last four years living in college dorms or off-campus housing, hardly Ritz-Carltons, so don’t go locking yourself into high rents for the next year. If you keep your rent low, you can save more and spend more on other, more important, things (like paying off debts).

Strengt tat så var eg veldig klar for ein eigen bustad no etter 8 år på internat og 7 år med deling av stove og kjøkken. Ikkje eit vondt ord om mine mange sambuarar, men ein kjem på eit tidspunkt til kjensla av at det ville vere godt å kunne gå ut døra om morgonen utan at kjøkkenbenken er full av oppvask når ein kjem heim. Eller å sleppe å uroe seg for om det er di veke til å vaske no? Men må ein kjøpe noko for å oppnå dette?

Leigeprisane er sjølvsagt ikkje av dei billegaste, og det er strengt tatt pengar eg like gjerne kunne brukt på sigarettar, men så lenge eg berre har meg sjølv å uroa meg for er det vel ikkje naudsynt med eit casa til 2 millionar sånn i løpet av dei fyrste par åra?

Men ein fin stad som eg leiger…ja det vil eg i alle fall ha!