All posts by Sinnes
The missing link
Kvalitetsmusikk frå Ørsta
Hyttedraumen
Helge Søfteland i NRK P1 tek ein prat med Carlo Aal i Vestlandsforsking om endringane i norske hyttevanar dei siste åra.
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/10/nrk_naturens_verden_2011-1023-0903_62551-redigert.mp3|titles=NRK P1 – Naturens verden 2011-10-23 – redigert]5 farlege ting eit barn bør gjera
Avmystifisering av avfall
I ei verd utan vatn
Bensinprisar, oljefunn, vegbygging…alt fer så lita meining:
Naturens aktørar
Haustferie nok ein gong. Då er det godt å koma opp i høgda, og bort i frå eksosen i byen.
I kjøkkenglaset har eg meir underhaldning enn det full pakke hjå Altibox kan gje meg. Og det gratis!
Dagens fyrste show var det ein liten røyskatt (Mustela erminea) som gav meg. Han kom pilande i blomsterbedet utanfor, fin og kvit i si flunkande nye vinterdrakt.
Litt etter dukka det opp ei, for meg, sjeldant syn. Ein sidensvans (Bombycilla garrulus) sat og tok ein kikk på forrådet i ripsbuskane. Eg ser at fuglen har for vane å vera til stades i heile Noreg, men det er ikkje før no i dei siste åra at eg har sett han her på Sinnes.
Spanande med nye innslag frå kjøkkenglaset.
Skuleutfordringar også i Sverige
Denne bloggposten tek føre seg tre noverande eller førståande hendingar. Tariffhøyring 2012 for KS-området, Kunnskapsdepartementet si høyring om endring av opplæringslova, og ein artikkel som fem svenske lærarar har publisert hjå Svenska Dagbladet.
Til våren tek nye forhandlingar fatt for arbeidarar i kommunal sektor. Arbeidet er alt i gang rundt omkring, og innspel vert sent fram og attende. Meiningar vert utveksla. Krav vert sette fram. Pengar vert igjen eit stridstema;
“Utdanningsforbundets hovedutfordring er at lønnsnivået og lønnsutviklingen til våre medlemmer ikke
gjenspeiler at de har noen av samfunnets viktigste jobber.” – Utdanningsforbundet 2011
Samstundes har Kunnskapsdepartementet sett i gang ei høyring for å få til ei endring i opplæringslova. Bakgrunnen for dette er at Regjeringa ynskjer å;
”…legge til rette for flere lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å
endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elever per lærer på hver
skole”. – Kunnskapsdepartementet 2011
Nettopp det som er nemnt ovanfor, er det Malin Appeltofft, Anna Ladra Björklund, Katarina Engström, Karin Mogren og Emma Rosengren tek føre seg i sin artikkel i dag.
Det er rart å lese det dei skriv. Eg sit att med ei kjensle som seier meg at det like gjerne kunne ha vore ei situasjonsskildring frå det norske skuleverket. Også her vert arbeidsdagen for lærarar i større og større grad oppteken av ting som ikkje har med pedagogisk utøving å gjera.
Dei opnar artikkelen med å kalla ei spade for ei spade;
“Den svenska skolan styrs idag av ekonomi och inte av pedagogik. För inte ligger det väl en pedagogisk tanke bakom att bunta ihop 27 sexåringar i en förskoleklass och låta 1,5 lärare undervisa dem?”
Er det det Utdanningsdepartementet no har begynt å innsjå, at pedagogikken må vika for andre krav? Eg tvilar.
Sjølv er eg heldig. Eg er kontaktlærar for 18 elevar. Alternativet var 27. Her gjorde administrasjonen min eit kjempelurt val. For elevane sin del. Men slikt kostar sjølvsagt.
No vil Regjeringa settje tak på kor mange elevar det kan vere i ei klasse. Dei har laga to ulike forslag. Ein skulemodell (1), og ein kommunemodell (2). Skulemodellen legg føringar for kor store grupper som skal vere på kvar skule. Kommunemodellen tek i bruk eit gjennomsnitt i heile kommunen, noko som gjev kommunane litt triksingsrom.
Det er rart å tenkje på at Regjeringa har eit ynskje om få eit betre utdanningssystem, når dei legg opp til at kommunar må opprette fleire lærarstillingar, men på den andre sida kuttar i overføringane til dei same kommunane.
Departementet skriv at i høyringa si at 20-30% av allereie utdanna lærarar ikkje har sitt daglege virke i skulen. GNIST-kampanjen ynskjer å auka rekrutteringa til læraryrket. Dette er måla deira;
- økt status for læreryrket
- økt kvalitet i lærerutdanningene
- økt kvalitet i lærerprofesjonen
- økt kvalitet i skoleledelsen
- økt rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket
Lysforureining
I dag skriv Stavanger Aftenblad om kor fantastisk det er å ha billegare straum enn heile dei siste ti år. Flaks for oss her i Noreg som jo som kjent er superfattige, og slit med overdreven bruk av kolkraft. Eller nei…
Slik var det ikkje. I motsettnad til andre land, slenger med rundt oss med forbruksmønsteret vårt. Vi bygger fleire og fleire vegar, av di me ikkje har nok plass på vegane til dei to SUV’ane i garasen. Vert det mindre kø av slikt? Då burde vel Los Angeles ha vore køfri til no skulle ein tru? Vi let lyset stå på midt på dagen, eller i rom der med ikkje oppheld oss. Eller me puttar gatelys langs motorvegane, sjølv om bilane har lys sjølve. Og det er i samband med det siste her, at dagens video kjem inn i biletet.
Sjølv har stått og kikka opp mot himmelen temmeleg langt frå dei aller største lyskjeldene, og du og du for ein skilnad: