Amanda neste

Nærliggjande filmedebut…

I desse dagar når vintermørkret fortsatt har eit klampt tak på tilværet er det godt å ha eit lite prosjekt å styra med frå tid til annan. 80 gigabyte, og gudane veit kor mange timar med råmateriale har omsider vorte snekkra saman til ei samanhengande filmstripe. Det har gått med nokre ettermiddagar/kveldar…i dag flaug 7 timar avgarde som ingenting, og då eg omsider dukka hovudet ut or kjellaren der eg og Pernille sit og cross-fader, kuttar og flytter klipp om ein annan til eit mesterverk av ein AA-film, ja då hadde det jammenmeg landa 30 centimeter med mjuk snø på marka.

Men i alle fall…filmen er no ferdig redigert og berre det viktige musikkvalet står igjen…noko ein jo sjølvsagt ikkje skal ta lett på. Men premieren er i det minste eit realistisk mål i ei ikkje så alt for nær framtid. Så til alle AA-medlemmar…ver klar for å skyfla alle planar til sides til fordel for verdsdebut av AA-filmen ’07 på BK/Rokken i nær framtid. 🙂

Influensa

Influensa er en hutig forløpende, smitsom sygdom, der særlig fra 1889 er optraadt i i store epidemier. Sygdomsvækkeren menes at være en i 1891-91 av Pfeiffer og Cannon opdaget dobbelkok (kuklebakterie). Sygdommen angriper meget pludselig med snue, forkjølelse, hæshet, luftrørskatarr, svelgkatarr med større eller mindre slimavsondring og opspytning, smerter i hode, pande og nakke, ømhet omkring ølnene, feber, smerter i ryg og lemmer, kraftesløshet. Naar man sørger for at holde sit stofskifte i god orden og pleier sin hud vel, behøver man ikke at frygte sygdommen; ti skulde man faa et anfald, vil det forløpe meget let.

Saasnart man merker paa de ovennævnte symptomer at sygdommen h holdt sit indtog i kroppen, stikker man føttene i saa hett vand som man paa nogen maate kan taale det; bedre er et benbad hvor vandet gaar omtrent op til knærne Vandet holdes saa hett som det kan taales, ved av og til at spæde litt kokende vand til. Samtidig drikker man varmt vand med hyllebærsaft eller anden god frugtsaft i. Man fortsætter paa denne maate indtil man er kommet i sved, tørker føttene godt og gaar tilsengs, idet man svøper leggene og føttene ind i varmt uldtøl og lægger én eller flere varmedunker ved føttene. Denne behandlig kan foretages om aftenen, før man gaar iseng, og ofte vil sygdommen være fuldstændig knækket næste morgen; hvis ikke, gjentages behandlingen. Samme behandling for forkjølelse.

Nervøsitet

Sørg for en god og kraftig kost bestaaende av rikelig frugt og grønsaker; sørg for passende arbeide i forhold til kræftene, tilstrækkelig hvile og meget friluftsliv. Ta en kjølig eller kold avvaskning hver morgen og følg ellers de almindelige sundhetsregler med hensyn til luft osv. Gi ikke op for tidlig; det tar tid at faa bugt med sygdommen.

Tankar om IKT-studiet

Når eg no tek fatt på 45 studiepoeng med IKT-studiar, kom eg på ein artikkel av fyrsteamanuensis Mark Burgess ved HIO som eg hadde lese i eit blad eg abbonerer på. Grunnen er at me frå Høgskulen sitt hald bortimot vert pålagd å gå i butikkane fo å kjøpa ein spesiell type programvare som me skal laga heimesider med. Eg har jo aldri vore fan av slikt. Binda seg til ein sæskild type verktøy. Nei takk.

I alle fall. Aritikkelen tek føre seg korleis eit grafisk brukarmiljø på datamaskina har påvirka den jevne databrukar. Eg er jo sjølv ein stor fan av å bruka tastaturet i interaksjon med datamaskina, både fordi det går fortare i dei fleste tilfelle, men og fordi slikt gjev mindre sjans for den o’store musesjuka.som eg strengt tatt ikkje forstår korleis folk klarar å pådra seg.

gui1.jpg

Mavekatarr

Akut mavekatarr eller mavepine behandles bedst ved at man gir maven hvile 24 timer, eller høist nyter litt havresuppe. Drik meget lunkent vand for at faa maven renset ved opkastning, svelg derefter nogen smaa stykker is. Anvend hete omslag i flere timer. Varmt helbad. Er forkjølelse aarsaken, kan man anvende svedebad. Neptunsbelte om natten.

Ved behandling av kronisk mavekatarr gjælder det om at finde aarsaken og faa den fjernet. Undgaa alle fete og tungtfordøielige ting, likesaa kaffe og te. Giv nøie agt paa matens sammensætning. Læs hvad der foran i boken (side 90 og 95) staar om føremidlenes sammensætning og den sundeste føde osv.

Pur glede

Idag kom omsider ei pakke i posten eg har venta på lenge! «Priority mail – United States Postal Services» stod det på den store konvolutten. Eg fryda meg innvendig og braut ut i eit aldri så lite gledesrop.

For rundt fire månedar sidan var eg på informasjonsmøte om Australasiatisk kulturstudium i Volda. Eg hadde med meg min 4 år gamle Ipod. Idet eg sette meg ned, la eg han på bordet så eg kunne ta opp noko å notera med. Ein gjer ofte det når ein er på infomøter. Så skjer det fatale. Det heile føregår i sakte kino. I augekroken ser eg den kvite, vesle firkanten skli mot kanten av bordet og eg kjenner eit høgt «nei» velte opp inni meg. 4 år utan å miste han i bakken, og i startgropa til eit studium der eg absolutt kan få bruk for han så presterer eg å la han skli utfor eit fall på ein meter rett i betonggolvet.

Resultat var at eg stod der i handa med ein kvit plastklump som ikkje hadde større potensiale enn ei brevvekt. Det er klart det at ein vert litt irritert over slikt. Men kva kan ein gjera? Når ein elektronisk duppeditt har vorte 4 år, så er han i bunn og grunn godt i gang med sin andre reinkarnasjon med tanke på levetida som bransjen reknar med at desse skal fungera. Med andre ord var ein gratis reperasjon hjå Apple heilt ute av biletet. Ein grufull klikkelyd frå han om ein la øyret inntill var alt som var å spora av liv i han. Eg var knust akkurat som Ipodden.

Erfaringsmessig hadde eg oppdaga at det i Malaysia var haugevis av små sjapper med all slags kompetanse innan elektronikk. Eg sette min lit til dette. Difor pakka eg med meg Ipodden på mi reise rundt i Asia denne hausten.

Men sjølvsagt. Etter å ha trava rundt i fleire mangeetasjars varehus i Kuala Lumpur, Malaysia stod eg der og var ikkje kome eit steg lengre. Tilogmed asiatane visste ikkje råd, og gav meg berre skuffane hovudristing med det same eg drog min kjære kvite opp av lomma.  Eg var på nippet til å kasta den tidlegare speledåsen ut næraste vindu. Dei som kjenner meg veit at eg likar å fikla med litt «gamal» datautstyr. Difor lot eg vera å kassera han.

I staden drog eg han med meg heile vegen til Australia, Japan, attende til Malaysia  og heile vegen heim att til Norge. Der tok eg fatt på å søkja rundt på nettet etter ein passande harddisk. I junaiten fann eg ein. Med dobbelt så stor kapasitet som den gamle. Ville dette fungera? Tja…harddisken kosta 160 kroner, og det var kroner eg var sugen på å satsa på dette prosjektet. Ebay og Paypal-konto var oppretta, pengar overført til Paypal-kontoen og harddisken vart bestillt. No var det berre å vente.

Og i dag kom han altså i posten. Tilfeldigvis hadde eg tidlegare på dagen teke fatt på å opna podden min. Litt googling fortalde meg korleis dette kunne gjerast. Så etter å ha opna pakken, teke ut harddisken forsiktig og lagt han trygt inne på bordet, tok eg ut den defekte frå Ipoden og la han til sides. (Trur forresten den skal få inngå i eit kunstprosjekt på eit seinare tidspunkt). Den nye var innstallert og eg kopla han spent til  datamaskina mi. Då han starta opp fekk eg opp massevis av spelelister på skjermen. Harddisken var tydeligvis ein brukt ein. Eg formaterte han og installerte siste programvare på han, og VOILA! For 160 kroner har eg fått meg ein flunkande ny, gamal musikkspeledåse! Eg er i den sjuande himmel!  Hurra.

Brækmiddel

Har man drukket noget skadelig, bør man straks fremkalde brækning, hvilket kan opnaaes ved at man drikker et glas lunkent vand hvortil er sat en teskefuldt salt og likesaa meget sennep. Har man ikke sennep og salt ved handen, kan man vispe sæpe i lunkent vand og drikke en god portion derav. Stik saa fingere i halsen, og mavens indhold vil snart bli uttømt.

God Jol!

Ja då har pinnesteika senka seg i mellomgolvet i takt med julefreda her i Leidli og romjula gjev oss nokre etterlengta fridagar før neste høgtidsfeiring, Nyttår. Men i tråd med urnorske tradisjonar, så er det jo nettopp dette heile høgtida handlar om.

Ein merkar også så smått at ein er blitt litt eldre. Gåvejaget er ikkje fullt så spanande lenger og ein set heller større pris på dei små ting. Spel og leik med vener og famelie, snødrev utanfor stovevindauget og Roald Øyen i TV-ruta med sine julenøtter har dei siste åra oppnåd ein betrakteleg høgare ansenitet på mi personlege Jolerangering.

Men i år gav eg meg ei litt spesiell gåve. Eller fleire faktisk. Men ei som eg har tenkt litt på før:

Utmelding av statskyrkja

Kyrkja får pengar av staten for kor mange medlemmar dei har på lik linje med andre trusamfunn. Sidan eg ikkje har noko spesielt mykje att for dette medlemsskapet, og med tanke på at skattepengane mine går med til å betala for mitt medlemsskap her har eg rett og slett kome fram til det at det ikkje er noko voldsomt poeng å fortsettja i denne klubben.

Så får ein berre satse på at det etterkvart kan kome litt meir av det kvite mjuke frå oven!

God Jul, og ha eit godt nytt år! 🙂