Helge Søfteland i NRK P1 tek ein prat med Carlo Aal i Vestlandsforsking om endringane i norske hyttevanar dei siste åra.
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/10/nrk_naturens_verden_2011-1023-0903_62551-redigert.mp3|titles=NRK P1 – Naturens verden 2011-10-23 – redigert]Category Archives: Personleg
Naturens aktørar
Haustferie nok ein gong. Då er det godt å koma opp i høgda, og bort i frå eksosen i byen.
I kjøkkenglaset har eg meir underhaldning enn det full pakke hjå Altibox kan gje meg. Og det gratis!
Dagens fyrste show var det ein liten røyskatt (Mustela erminea) som gav meg. Han kom pilande i blomsterbedet utanfor, fin og kvit i si flunkande nye vinterdrakt.
Litt etter dukka det opp ei, for meg, sjeldant syn. Ein sidensvans (Bombycilla garrulus) sat og tok ein kikk på forrådet i ripsbuskane. Eg ser at fuglen har for vane å vera til stades i heile Noreg, men det er ikkje før no i dei siste åra at eg har sett han her på Sinnes.
Spanande med nye innslag frå kjøkkenglaset.
Mot normalt
Så skriv vi 1. oktober 2011. Denne helga er eg i Fløysvik, og til skilnad frå sist vitjing her, då vinden rista i hytta, er det no blikk stille. Det beste av alt er dog at det kjennest som ein midtsumarsdag om det ikkje hadde vore for dei gule blada på treda. Under er eit stemningsbilete:
Haust
Dalstroka utanfor
Ny nettstad for Sirdal kommune
I desse dagar er Sirdal kommune i ferd med å stabla ein ny nettstad på plass. Utviklingsutgåva kan sjåast på denne adressen.
Mitt spørsmål til deg er: kva målform ventar du deg når du er innom www.sirdal.kommune.no?
Avfallskrigaren
…og har du meir enn halvanna minutt, kan du gjerne ha glede av å sjå heile her.
Vinterferie i Leidli – 2011
10957
Det var ein torsdag. Året var 1981. Før jappetid. Midt i den kalde krigen. Klokka er 01.45. Eit fullmåneborn. Der har du meg.
Det har gått 1565 veker og 2 dagar sidan då.
Same dagen, i 1959, gav Storbritannia sjølvstendig råderett til Kypros. I 1945 gjekk 30.000 amerikanske soldatar i land på Iwo Jima for å ta øya frå Japan.
Det er gått 30 år sidan då. Mykje har hendt. Noko kan du lesa om her. I dag synes Leidli seg i frå si alle beste vinterskrud. Om det er til ære for meg, skal eg vel kanskje ikkje sei, men det er hyggeleg å vakna til sola som stig opp av Glibefjell, akkompagnert av ein einsleg orrhane i morgonflukt mot næraste matfat i bjørkeskogen bak huset.
Blikkstilla er gåven til meg i dag. Eg takkar audmjukt.
Ja, eg er 30 år i dag og når det er slik dagen ser ut, er det eigentleg heilt greit. 30 år kan og lesast som 10957…antal dagar eg har levd.