Tagged in: hytter

Skitrekk i kvar ei li…

Eg sit og undrar litt på når Haugen, Neset, Solheim eller Sirekrok skal koma på bana her…det synest mest som om det skal vera eit skitrekk til kvar einaste grend i Øvre Sirdal no.

Stolheis til Grubbå og bånn pinne ned att derifrå og ned Haugenbakkane…det må då vere noko å satse på? Ein opp på Solheimsknuten hadde vel heller ikkje vore så gale?

I alle fall melder Sirdølen i dag at ei gruppe med grunneigarar på Sinnes no ser ut til å villa kjøpa heile Ålsheia. Og då vil jo som kjend ståa i Øvre Sirdal vere slik:

Ådneram – Ådneram Skitrekk
Fidjeland – Fidjeland Skitrekk
Sinnes – Ålsheia Skisenter
Tjørhom – Tjørhomfjellet (Beinesvatnet Skisenter)

Boom stopp.

NRK Rogaland meldte i dag om ein plutseleg stopp i utbyggjinga av hytter i Sirdal. Eg kan jo ikkje anna enn å seie at det var på tide.

Lukkelege er dei som alt har fått selt alt dei har bygd opp. Dei andre sit nok der og kjenner korleis svartper så smått byrjar å raljera i skrivebordsskuffa…der pengane til no har tyte ut.

Eg skal ikkje sei “kva var det eg sa”…men det er freistande. Men eg skal halda att litt til. Det som derimot er eit faktum, er at Sirdal ikke er noko Hovden, Oppdal eller Geilo. Me har ikkje fjell til det. Me har snart ikkje snø lenger heller.

Det me har plenty av, er ein skokk overpositive politikarar/adminstrasjonstilsette/utbyggjarar med tunellsyn og for stor makt. Som eg tidlegare har nemnt, så har det for ikkje så alt for lenge sidan vore planar om utbygging av hotell i Øvre Sirdal som skulle skapa så mykje arbeidsplassar. Det vart i staden hytter og ikkje så mykje arbeidsplassar.

No har ein klart å trumfa gjønom eit Spa og. I Sirdal!! Kanskje kan dette vera den nye turistsatsinga i tida der ein ikkje fer selt fleire hytter? Det slår meg i alle fall at det kunne ha vorte nytta som argument hjå dei som var for slik ein galskap.

Og eg må jo seie som sant er, at eg er særs einig med Per Øyvind Grimsby når han seier at grunneigarane pressar på, og politikarane ikkje er sterke nok til å stå i mot. Det gjeld ikkje berre Spa-saka. Det gjeld som ein generell regel i Sirdal og nettopp difor har eg sagt takk for meg i von om, som hyttebaronane, betre tider. Det at ein ikkje har selt ei einaste hytte i Sirdal sidan nyttår er vel det næraste ei halusinering av betre tider eg kjem no til dags.