Category Archives: Miljø

Bønder i by’n

Det er ikkje mykje reklame ein fer med seg utan fjernsyn i hus, men ein har eg fått med meg; Felleskjøpet sin «Bønder i by’n».

Det er noko med han som skurrar.

Opninga er flott og fin, med stemningsskapande musikk a’la temamusikken til «The Rock». Sjølv skriv dei;

«reklamefilm for Felleskjøpet Agri. Mange John Deere traktorer med i filmen. Målet med filmen er å gjøre Felleskjøpet og vår fagkunnskap kjent i forbrukermarkedet, samtidig som vi skaper stolthet hos våre medlemmer og ansatte.» – Youtube, 30.05.2012

Som landbruksorganisasjon, eigd av 43.000 bønder som nyttar livet sitt til å laga mat til oss som ikkje gjer det, veit eg ikkje kor stolt eg hadde vorte av ein slik film. I filmen vert nemleg følgjande produkt framheva:

  • traktorar
  • fiskars kuttesaks
  • støvlar
  • motorsager
  • plenklyppar
  • hekktrimmar
  • kunstgjødsel
  • hundemat
Med hederleg unntak av hundematen (vonar eg?) er alle produkta over oljeprodukt. So much for Felleskjøpet Agri sin «grøne» profil. Det kunne like gjerne vore ein reklame sponsa av Statoil. Dei har jo sitt å stri med når det gjeld tvilsomme reklamar i frå før.

Felleskjøpet Agri, eit rotnorsk «grønt» selskap, eigd av 43.000 av dei 45.499 gardsbruka som fanst her i landet i 2011, er altså tufta på det det same som størsteparten av resten av det norske samfunnet så slumrande kviler seg på no til dags: olje.

Det må vera det som er å vera bondefanga.

Naturleg matproduksjon

På langfredag fekk eg ei ny bok i posten. «The One-straw revolution» av japanaren Masanobu Fukuoka. Ho greip meg på ein måte ein berre kan håpe at ei bok skal røre ein. Takk og lov for at det var påskeferie, for det vart ikkje gjort mykje anna enn å lese denne.

Masanobu Fukuoka, Joel Salatin og Sepp Holzer og deira tankar, teoriar og praksiserfaring er noko ein burde høyrt meir om i media.

Diverre er folk lette å leia, og elefantar på Mars og ofring av Ferrariar for å redda pinnsvin er diverre ting som middelmådige journalistar maktar å presentere til folket som viktige nyhender.

Inspirert av nettopp Fukuoka, har Mihail Kossev laga denne videoen (i to delar) basert på nettopp «The One-straw revolution«;

Media meiner…

Jarle Andhøy har igjen sett kursen mot sør. Polarrådgjevar i det Kongelege Norske Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, likar ikkje dette i det heile tatt.

NRK sin reportar i innslaget i artikkelen over, uttalar følgjande;

«Norske myndigheter står moralsk ansvarlig for denne turen…»

I ei anna aktuell sak har Ola Borten Moe motteke den uheldige tittelen «årets etikkversting» av Fremtiden i våre hender. Tittelen delte han med Statoil.

Dagbladet sin journalist siterer her Borten Moe på slik;

«Jeg påstår ikke at jeg har bedre etikk eller moral enn noen andre.»

Dette er altså det media meiner.

Utan at det er ein naturleg samanheng mellom desse to sakene, er det jo ei fiffig vinkling å sjå desse sakene opp mot kvarandre.

På den eine sida har ein UD som på vegne av den norske stat heiser det moralske flagget til topps straks den «lause kanonen» Andhøy legg ut på tokt utan deira godkjenning.

På den andre sida har ein så Borten Moe, også ein representant for den norske stat, som surmular når nokon kallar ei spade for ei spade og set fokus på at han kan hende er ein tanke ute å køyra med tanke på det moralske og etiske ansvaret han måtte ha ovanfor seinare generasjonar.

Hadde det endå vore denne type "canning" det var snakk om....

Eg meiner at Njål Kolbeinstveit seier nokre kloke ord i sin kommentar i Stavanger Aftenblad 15 januar i år. Vel verdt å lesa også for Borten Moe…om han har tid då. For det er klart at når «The Yes Man» dreg ein «Moe» på andre sida av dammen, så er det klart ein kan verte litt handlingslamma av eit slikt smigrande trekk.

4. sundag i advent

No stundar det for alvor mot joletid. I dei korte dagane me har, er det sterkaste ljoset du ser tilbodsplakatane frå kjøpesentra. Desse lyser mot deg på ein måte som gjer at ein heilt kan verte blenda, og gløyme kva joletida handlar om.

NRK P1 sitt program Friluftsmagasinet tek tak i dette, og let kåsør Jimmy Øverdal få kome med nokre viktige ord til oss alle om kva jola eigentleg handlar om:

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Julekåseri.mp3|titles=Julekåseri]

Eit alternativt syn på tilværet

Lucero, argentinsk aleinemor og student, bur i ein fraktecontainer.

«Materielle ting….alt er jo til låns. Vi eig jo ikkje ting, vi berre låner dei ei lita stund, og antan kastar det, nokon arvar det eller ein gjev det bort. Ingenting av dette er eigentleg eins eige.»

«Vi prøver å tryggje oss sjølv og desse identitetane vi skaper for oss…mitt hus, mi kone, min bil, mine born, mi karriere. Jo større, jo meir trygg og jo meir sikker er ein på at ein er seg sjølv. Men i røynda er jo huset du eig eit fengsel som er eigd av banken.«