Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

Rettskriving

Det er lite som irriterer meg meir enn all slags testar som kjem i frå Start.no. Likevel er det vel slik at ein ikkje skal ha reglar utan unntak, så her kjem mitt.

I dag publiserer Dagbladet ein artikkel om rettskriving, nærare bestemt orddelingsproblematikken. Og det er lite som provoserer meg meir. Orddelingsfeil. Nettavisar har ein tendens til å «knekke opp» ord når dei presenterer nyhende på ulike plattformar som til dømes min iPhone. Akkurat det kan nok vera ein teknisk ting, men mange deler likevel opp ord som skal vera samansette. Kvifor? Artikkelen til Dagbladet peikar i retning av at det er det engelske språket som har skulda. Det kan så vere.

I same artikkel låg det også ei lenkje til ein test hjå Start.no. Ein «ord delings test»…eg kunne ikkje dy meg.

Rettskriving

Og medan eg sit og skriv på dette, kjenner eg jo også veldig på at eg bør kunne klare å skrive korrekt her…men det har vist seg før at ein med eit kan trø i baret sjølv. Men slik lærar ein jo av, og det er jo morro…eller moro som det jo heiter!

Ting du ikkje visste…

I dag, 16.05.2009, er eg 28 år, 2 månadar og 25 dagar gamal. Eller i veker; 1473 og 2 dagar. Ein kan til og med ta det i dagar; 10313 dagar gamal. I tillegg er eg født på ein torsdag, og den torsdagen var det 99.98% opplyst fullmåne over Stavanger med 4 kalde vintergrader .

Kanskje ikkje verdas mest nyttige informasjon å veta, men det er nettopp slike ting ein kan nytta søkemotoren WolframAlpha til.

Teknisk sett er det likevel ikkje ein søkemotor WolframAlpha først og fremst er;

Is Wolfram|Alpha a search engine?

No. It’s a computational knowledge engine: it generates output by doing computations from its own internal knowledge base, instead of searching the web and returning links.

For folk flest vil han nok likevel framstå som ein søkemotor. Eksempel på kva ein kan nytta tenesta til, er å finna reiseinformasjon frå Stavanger til Tokyo eller ein kan finna ut korleis ein tek ein Cmaj7-akkord på tangentar. Flotte, praktiske kunnskapar som ein, i motsetnad til å vete kor mange veker gamal ein er, kan få bruk for.

For å leggje WolframAlpha til i nettlesaren din slik at du let kan søkja der, kan du klikka deg vidare hit.

Skulen attende til «opne» landskap?

Digi.no har i dag ein artikkel som syner at nokre kommunar tør ta steget fullt ut og satse på åpen programvare. Dette tykkjer i alle fall eg at er flott. Kommunane vel OpenOffice framfor Microsoft Office. Såvidt eg kan forstå, vil operativsystema endå vera Microsoft XYZ. Men det er då eit steg i rett retning.

Ut i frå det som står, kan det synast som om motivasjonen for å velgje OpenOffice er grunna i det økonomiske. Eg vonar at dette ikkje er den einaste grunnen til at kommunane vel å gå over til dette, men ser sjølvsagt at dette er det fokuset som er letast å «selje» utad. At ein vil kome til å nytte seg av opne format, vert, er eg redd, litt for teknisk grunngjeving for at det skal vera ein god nok grunn. Men i mange tilhøve kan det nok vera det likevel.

Min fyrste kontorprogrampakke var Microsoft Works. Det kom på 7 gråe diskettar, og var himmelriket i samanlikning med Microsoft Wordpad. Eg lagra alle mine skuleoppgåver i Works (Microsoft) sitt eige format, wps. Dette var på ungdomsskulen. År seinare fann et att nokre diskettar eg hadde frå den tida, og eg skulle åpne opp dei filane som var på dei. Eg hadde då ein tjuvkopiert Microsoft Office 2000-versjon. Fint og flott var det, men støtte for wps-filer var det ikkje. Det kryptiske eg fekk opp sa meg ikkje mykje. Men her er vi med poenget. Når ikkje eingong same firma klarar å la seinare utgåvar av liknande programvare lese tidlegare tiders versjonar og filformat av di dei er proprietære (lukka), korleis skal ein då forvente at det skal kunne gå?

Såvidt eg har fått med meg, tillet i det minste siste versjon av Works å lagre i doc-format. Om ein kan lagre i docx-format, det siste formatvalet til Microsoft, ja det skal eg ikkje uttale meg om.

Og sidan me er inne på åpne format og fri programvare…her er eit forslag til ein betre PDF-lesar enn Adobe Acrobat; Foxit Reader!

Topp 3 PC-spel

Eg er ingen stor gamer, men eg har då lete auga få unngjelde nokre seine nattestimar framfor dataskjermen likevel. Dette er dei tre spela eg har brukt desidert mest tid på framfor PC’en, og som også har gjeve meg mykje å bryne dei små grå på samstundes som eg har hatt det artig.

#3 – Normality

#2 – LBA 2

#1 – Colonization

Digitale lærarar som innovatørar?

Øystein Johannessen talar med store ord om integrering av IKT i styringsdokument og læreplanar som gjeld for skulen på ein skulekonferanse i Sverige. Det høyrest flott ut, og eg applauderer det alt eg kan! Men det er ekstremt langt i frå plan til praksis. Seinast i dag fekk eg (nok ein gong) erfara det.

Tidlegare har eg nemnd at eg har fått litt andre arbeidsoppgåver i skulekvardagen min, og no ser det ut som om eg kanskje er i ferd med å få eit oversyn av tilhøva.

Som einaste skule i Sandnes kommune, er arbeidsplassen min den einaste som har nettilgang via det trådlause nettet som hovudregel. Datarom finst ikkje på skulen. Kvardagen, det vil altså seie annankvar onsdag, med datatimar vert i stor grad nytta til å prøve å logge seg på nettet. Det går fort ein 15-20 minutt til nettopp slikt. Og det er berre med ei maskin.

Nå kan ein seie mykje om at kabla nettverk er betre enn trådlaust. Og ja…det er nok det. Men det betyr ikkje at trådlaust skal vere så til dei grader umogleg å ha med å gjera som det eg opplever. Men eg er ein tålmodig kar, og har bestemt meg for å gjere nett slik eg vert fortalt frå av dei høge herrar og fruer på kommunehuset.

Med 25 berbare datamaskinar som skal logga seg på nettverket samstundes, har det vore eit styr utan like å få gjort noko fornufteg i timane. I dag gjorde med det litt annleis. Medan størsteparten av elevane arbeidde med «vanleg» skule, tok eg ut ei gruppe på fem elevar slik at dei skulle kunne gjere produktivt digitalt.

Men kor lenge var Adam i Paradis? Av dei fem maskinane eg fann fram, var det to som fungerte. Det var rett og slett på «prøv-til-du-finn-ein-som-er-i-orden»-kjøret nok ein gong! Slik skal det ikkje vere. Det har også svenskane funne ut, og har snudd opp ned på heile hierearkiet.

Slik ting er no til dags, er det også heilt utenkjeleg for skular å ta i mot gamalt IKT-utstyr frå til dømes helseinstitusjonar slik som det vert gjort i Akershus. Ein ynskjer ein maskinpark som er så homogen som berre det. Helst skal alt ha eit flott HP-merke på seg.

Johannessen snakkar om innovatørar i skuleverket, men når arbeidstilhøva vert slik at det vert ein kamp å ta i bruk IKT i den daglege undervisninga, ja då trur eg sjølv den mest inspirerte innovatør vil sjå mørkt på det etter ei tid. Det kan nok vere nettopp slike frustrasjonar som gjer at fleire og fleire unge lærarar vel seg andre jaktmarker.

Tryggleik eller nytte?

I den seinare tid har eg fått gleda av å kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket på kroppen. Det har vore ein augeopnar for å sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen…

No er det sjølvsagt ikkje slik at det er likt over alt, men dette er mine erfaringar i ei komprimert form. Min arbeidsgjevar har som mange andre kommunar i Noregs land ei sentral løysing når det gjeld IKT, og dette er i teorien ein god idé…hadde han berre fungert i praksis.

Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og størrelsar. Men dei av oss som hugsar då Brå brakk staven, kan også hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar på Massey Fergusson’s Gråtass: Elektrisk Bureau sin ’67-modell!

Dei såg heilt like ut. Det var ikkje noko tvil om at den gråe dingsen var ein telefon. Det var noko alle visste. Alle så kliss like ut. Etterkvart kom det nye modellar, og det som var hot couture ei stund på slutten av 80/begynnelsen av 90-talet var: telefon med trykkeknappar. Ein kunne slå eit nummer på berre nokre sekund. Ikkje mer venting på at talskiva skal vende attende til utgangspunktet.

Vi er no runda 2000-talet, og kan igjen sjå det same. Mobiltelefonane endrar seg bortimot frå dag til dag. På slutten av 90-talet var det ikke tvil om når ein person gjekk med ein «diger» plastdings i handa og prata med seg sjølv, ja så var det ein mobiltelefon. No til dags kan det rett som det er hende at du ser ein person som stressar att og fram i gata og snakkar med seg sjølv. Ved første augneblinken kan det sjå ut som ein lettare sinsforvirra person, men så snur han seg rundt, og du fer auge på det vesle bluetooth-hovudsettet han har på det motsette øyret.

Sjølve trykkjemåten er og i ferd med å endre seg til det ugjenkjennelege. Frå å ha ein velkjend utsjånad med 12 tastar, kan ein no fritt lage sin eigen utsjånad på telefonane. Dashboard vert det kalla på godt norsk. Direkte omsett vert det instrumentbord. Ein går altså rundt med noko i lomma som høyrest ut som noko ein finn på eit sjukehus, og treng årevis med utdanning for å handtera. Og ingen av desse instrumentborda er like!

Her kjem vi til sakas kjerne. Mantraet til alle IKT-gudar rundt omkring i stat/kommune/private verksemder har i lang tid vore at ein må ha lik utsjånad så folk kan kjenne seg att. Ein grunngjev altså det med at ein må ha likt utsjåande instumentbord med brukarane sine «krav» til gjenkjenning. Eg meiner at dette er ei heilt feil framstilling av realitetane. Kor mange handtverkarar går rundt med identiske verktykassar? Er det nokon som på alvor meiner at alle Stortingsrepresentantar har skrivepulten sin akkurat likt med tanke på plassering av telefon, blyant, kaffekopp og partiflagg? No har ikkje eg vore i ein fiskebåt i heile mitt liv, men eg vågar like fullt den påstanden at det ikkje finst ein einaste yrkesfiskebåt der ein har nett dei same løysningane!

Likevel klarar ein å gjere det arbeidet ein skal om ein må bytte verktykasse/skrivepult eller sjark!

Psykedelisk draum...?Difor er eg soleklar på det at når eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til å finne informasjon i skuledagen din, vert låst så til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja då kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja…) som støtte på golvet til den alt for lealause skrivepulten.

I skuleverket er mantraet gjerne det at folk er ulike! Det har ikkje IKT-seksjonane rundt omkring i dei best bortgøymde kontora i Noregs land fått med seg endå. Eg har hatt elevar som kun kan lese på ein spesiell type gult papir. Eg veit om elevar som er svaksynte. Me har alle ulike krav til eit verkty! Like fullt er det ein vert servert den evinnelege  blå/grøne skjermen utan at ein kan gjere noko frå eller til med han. Kunnskapsløftet har krav om digital kompetanse i alle fag. Diverre ser det ikkje ut til at ein grunnleggjande digital kompetanse på tilsyn med verktyet, kanskje betre kjend som vedlikehald, er noko ein vil sløse bort tid på å spreie i samfunnet. Forstå det den som kan…

Spekulativt og billeg

Dagbladet slår i dag opp «grunnen» til den triste hendinga på Albertville Realschule i Tyskland i går med følgjande overskrift;

– Tim satt mye hjemme og spilte Counter-Strike

Er det berre eg som tenkjer at Dagbladet her har teke tak i eit tilfeldig utsagn og bles dette opp med krigsoverskrifter for å selje avisar? Er det verkeleg slik at vi fortsatt er på eit 80-talsnivå når det kjem til å forklarar voldelege handlingar? Då eg vaks opp, vart ein voldsmann av å sjå voldelege filmar. At me ikkje hadde anna enn NRK på skjermen heime og mangla VHS-spelar, har nok gjort sitt til at eg ikkje har vorte ein kaldblodig drapsmaskin. Slik sett skulle nok norske styresmakter hatt pris for å ha forhindra mang ein skulemasaker!

Når eg tenkjer meg om spelte eg rett nok på eit tidspunkt ein del Duke Nukem 3D, så kanskje eg ikkje skal anta noko for tidleg…?

Nei for å vera litt seriøs og. At Dagbladet nok er særs medvitne i sitt val av overskrift her i denne artikkelen og på den måten spekulerer i å utnytte den tragiske hendinga for å selje avisar, trur eg ikkje er tilfeldig. Overskrifter som «– Tim likte å dra vengjer av floger» eller «– Tim ødela alltid maurtuer han kom over» ville ha vore like aktuelle…ja kanskje til og med meir sidan det her er snakk om øydelegging/tortur av levande skapningar i motsettnad til kva ein kan få til i eit dataspel som Counter-Strike!

Nei, Dagbladet…her må de nok stikke fingeren i jorda og kome dykk vidare frå tabloidoverskrifter som høyrer førre årtusen til. Nytt nokre minutt, og tenk på kva de presenterer, og ikkje minst korleis! Tenk berre på dette: «– Tim leste alltid Dagbladet. Etterforskningen har vist at den 17 år gamle gjerningsmannen hadde flere hyllemeter med utklippsbøker med artikler fra ulike skolemassakrer rundt om i verden.»

Umoderande med analog telefon?

Spørsmålet som kverner rundt i hovudet mitt no, er følgjande;

Burde eg gå til innkjøp av ei god gammaldags analog telefonlinje?

Grunnen til det er at eg for andre gong på 2 månadar har klar å drukna iPhonen min. Denne gongen var det litt meir enn litt fukt slik det var sist. Heile sulamitten gjekk rett til botnen av doskåla, og det var vel meir flaks enn uflaks at han ikkje forsvann ned i røyrsystemet under Sandnes City!

I alle fall…eg forta meg i sakte film å fiska han opp att. Panikken greip meg litt, så eg vart ståande og glo litt apatisk på heile greia, men fekk etterkvart samla tankane og drege han på land. No er min kjære til tørk på baderomsgolvet, og sjølv om eg vanlegvis er sterkt i trua har eg vel  mine tvil for augneblinken.