Eg drog avgarde i dag for å henta juletre til heimen. Det er eit stykke, så eg tok bilen. Då eg kom fra, parkerte eg bilen på andre sida av vegen og gjekk over hovudvegen for å leita etter årets offergåve til julestemninga. Eg blinka meg ut eit ganske kjapt, og tok det nøgd i handa for å gå attende til bilen og køyra heim.
Men bilen stod ikkje lenger der eg hadde parkert han. Haka fall nok nokre centimeter, og auga leitte febrilsk etter min gamle compadre. Nokre nervepirrande brøkdelssekund seinare fann eg han att…50 meter lenger ned, på andre sida av av parkeringsplassen og berre 2 meter frå skrenten ned mot grøft og hovudveg.
Etterpå stakk eg innom fyrste utsalgsstad for Lotto og kjøpte meg tre bongar! God jul og godt nytt år…