Då eg kom inn dørene etter å ha vore på møbbeljakt rundt omkring i Sandnes, fekk eg akkurat med meg nyhendene på NRK. Hovudsaka var sjølvsagt innsettinga av Barack H. Obama.
Tradisjonen tru avsa den nyvalde presidenten ei eid med handa på ein anna tåleg kjent president sin bibel. I innslaget på Dagsrevyen kunne det verke som om Obama ikkje var heilt stø i edsavseiinga.
Eg søkte på “obama” på Twitter, og der kunne dojogrl fortelje meg at det ikkje var Barack Hussein Obama som gjorde feil, men derimot høgsterettsjustitiarius John Roberts som stod for feilen.
Også Viggo Johansen og Geir Lundestad var og av den oppfattinga at Obama og Roberts gjorde feil.
Wall Street Journal skriv følgjande;
Chief Justice John Roberts swore in Mr. Obama with a slight stumble over the wording of the oath of office, a stumble Mr. Obama repeated. The oath includes the phrase “that I will faithfully execute the office of president of the United States” but Chief Justice Roberts didn’t say “faithfully” until after saying “president of the United States.”
Mr. Obama apparently realized that something was out of order. Chief Justice Roberts then repeated the phrase correctly, putting “faithfully” in the right place after execute: “faithfully the office of president of the United States.” – WSJ
Poenget er uansett…dette var fyrst oppdaga av ein person som var på Twitter. Og det var tilgjengeleg for meg utan å gå gjennom ein eller annen filtrerande redaksjon!
Hei mister. Ikkje for å vera besserwisser så skjønte eg det når det vart sagt. Sjølv om eg ikkje er engelsklærar. Men norsklærar er eg og kan fortelje deg at “møbel” vert skrive med enkelkonsonant.
Ikkje ofte eg har tid til å ligge på ryggen og kverulere på nett, men nett no må eg. Er sjukemeldt med ryggvondt fram til helga.
@Anders
Kommentar teken til etterretning og retta opp. Difor er det no fritt fram å kommentera innhald.
Kan elles melde om at eg i dag vart spurt av elevane mine kvifor eg aldri var sjuk. Eg enda opp med å seie at ein ikkje var tilstrekkeleg sjuk for å kvalifisera til fråver frå skulen før ein hadde brote ein fot. Men eg ser at det vel må gjerast unntak for regelen her. God betring!