Category Archives: Sirdal
Lokale tema.
Sauefort
Det er ikkje berre frå den internasjonale arenaen at kampen mot sauedrift i Noreg vert utkjempa. Også i dalstroka innafor er det nokre som driv ein innbitt kamp mot desse ullkledde firbeinte. Men fyrst, ei lita historisk innføring.
I alle år har sauar frå alle Sinnes’ gardsbruk hatt sumarbeite på same staden. Etterkvart har fleire og fleire gardsbruk bytta ut gardsdrifta med andre syslar, antan dette nå er hyttebygging, menneskeleg utvikling eller turisme. Resultatet av dette er jo sjølvsagt at kyr og sauer som måtte bidra til ei meir levande bygd vert sendt til næraste slakteri. Det medfører også at utmark og innmark gror til. Og det medfører at det som tidlegare var bønder med tilhøyrande gjerdeplikt, no ser på denne plikta som bortfallen. Resultatet då vert at gjerdene ikkje vert sett opp der dei har vore før, og sauer finn det då for godt å ta turen heim frå sumarferie og ned til sentrum av Sinnes der det jo som kjent skjer!
Når så desse firbeinte kjem traskande heim, så er ein som tidlegare bonde ikkje lenger førebudd på dette, og gjerda er altså ikkje til stades. Ein fer då sauene inn i hagen, opp på trappa og alle stader der ein sjølvsagt ikkje ynskjer dei.
Eg kan ikkje seie anna enn at eg tykkjer synd på min stakkars nabo som har sett seg så blind på at han plent ikkje skal gjerde der han har gjerdeplikt (2-300 meter). I staden erigerer han digre byggverk rundt heimen for å halda sauene ute, set straumgjerde MINST like langt som han i utgangspunktet hadde trengt å gjerde og flyg elles rundt til alle døgnets tider for å jaga dei unna. Men noko må ein vel ha å gjera når ein kun driv med turistar. Desse er det jo ikkje akkurat flust av i Sirdal om sumaren!
Og for å “toppa heile driden”, så hjelper jo diverre ikkje “fortet” i det heile. Ein kan lure på kor mange sumrar han har lyst å springa etter dei. Kanskje kan det selgjast som ein billeg treningsform for turistane som er buande i campingvognene(hyttene)?
PS. På bileta er det altså meininga at sauane skal gå på andre sida av barrikadar og straumgjerdet.
Uroande likskap
Eg har i lang tid irritert meg over at kommunar på Agder, og forsåvidt også elles i landet har gått til innkjøp av vevsider som i alle fall for meg dreg fram referansar til det ein kunne finne hjå private aktørar på vevdesignarfronten tidleg på 2000-talet…om ikkje så tidleg som seint på 90-talet!
Ein kan nok seie mykje om begge desse sidene, men eit fellestrekk er vel at dei ikkje er spesielt brukarvennlege nokon av dei. Arngren si side skal eg ikkje seie så mykje om sidan den etterkvart har manifestert seg som eit skuleeksempel på korleis ein ikkje skal laga ei vevside.
Min eigen kommune derimot (enn så lenge), har eg derimot nokre poeng til. Desse er henta frå Jacob Nielsens vevsider, ein annerkjend dansk rådgjevar for vevdesign.
Frames
Bleeding-edge technology
Scrolling text and looping animations
Complex URLs
Orphan pages
Scrolling navigation pages
Lack of navigation support
Non-standard link colors
Outdated information
Slow download times
Kor mange av desse flørtar så den malen som Sirdal kommune har gått til innkjøp av med?
- Complex URLs (brukarar må sleppe å lese slike adresser)
- Scrolling navigation pages (navigasjonsknappar på botn av vevsidene)
- Non-standard link colors (det er jo her eit samansurium av ulike lenkjevisualiseringar)
I tillegg finn me også ikkje akkurat standardiserte ikon på sida, i tillegg til eit utval frå fargeskalaen som ikkje liknar grisen. Fleire tips til korleis ein kunne laga sida betre tilgjengeleg for brukarane kan lesast om på Hr. Nielsens sider.
Og når eg fyrst er inne på tilrettelegging for brukargrupper som av ein eller annnan grunn ikkje har eit fullt arsenal av sansar. Dette som ein kontrast til slik vi gjer det i Norge:
Sumarglimt
Slåtten er i gang
Endå litt meir påskekos
Dagen i dag vart nytta til testing av nye skitrekk på Sinnes/Tjørhom. Mykje kan nok seiast om det, men eg nøyer meg med å slå fast at det var ein glittrande dag reint vérmessig medan føret nok kunne vore hakket betre. Likevel var det alle tiders på ein mini-topptur av den ganske så sløve med Ander. Galleri og film finn du under (klikke på lenkja for å sjå bilete ja…)
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=Q0vGMkQdgTw]
Litt påskemorro
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=DxseyAyEaHA]
Dagens hending frå Sinnes
Det må jo seiast å vera godt gjort å låsa seg ute i frå ein bil. Litt flaut.
Dagens desidert morsomaste hending på Sinnes, og prisen for mest underhaldning går difor utan tvil til eigaren av ein grå BMW som for augneblinken står parkert med framfre støtfangar på den kvite vegstripa i vegen medan sjåføren, to politifolk og eit lite antal skuelystne står utanfor og prøve å kome seg inn i bilen. Det synes å vera lettare sagt enn gjort, og eg trur nok det at hunden som sit inni kupeen og som på eit merkeleg vis har klart å koma borti låsemekanismen medan eigaren var utanfor bile er ganske så nysgjerrig på kvifor ikkje eigaren kjem inn og tek han med ut på lufting.
1. premie går i alle fall i dag uavkorta til sjåføren som vart låst ute frå bilen av hunden sin! 🙂
Litt nostalgi i Jolestria
Året er 1994. OL på Lillehammer er over og dei siste spor av snø som kan innby til vintersport er borte vekk. På Sinnes Skule stiller mellomtrinnet opp på rekke og rad i skulegarden for å få tildelt kvar sitt område og ein obligorisk søppelsekk. Det er tid for den årlege vårreinskinga av grøftene langs hovudvegen i Øvre Sirdal.
Med sekkane over skuldrene, hanskar på hendene og England i blikket tok dei fatt på oppgåva med ein innsatsvilje som kan måla seg med Sture Sivertsen’s 50 km-innsats i det nevnte OL.
Mon tru om tradisjonen endå vert halden i hevd….
Home, sweet home
Eg har vore på tur sidan slutten av august. 3 månedar. Eg kunne ha vore i utlandet endå, men eg valde å reise heim. Eg klarar ikkje å takle meir enn ein viss dose med sol, varme og kronisk stabilt vér. Folk ristar på hovudet når eg fortel at eg faktisk savna det ruskete haustveret som med opplever i Norge.
No har det strengt tatt vorte vinter, i alle fall i teorien. Då eg var liten og gjekk på Sinnes Skule, lærde eg at vintarmåndane er frå desember til februar. Og i år har det faktisk vist seg å halda stikk. Ute er det i alle fall snø på marka. Men mitt poeng er…folk har vanskeleg for å å forstå kvifor eg stakk heim. Difor har eg lagt ut nokre grunnar under. (Klikk på biletet for å sjå eit lite galleri/Press the image below to view the winterwonderland gallery)