Tagged in: usability

Uroande likskap

Eg har i lang tid irritert meg over at kommunar på Agder, og forsåvidt også elles i landet har gått til innkjøp av  vevsider som i alle fall for meg dreg fram referansar til det ein kunne finne hjå private aktørar på vevdesignarfronten tidleg på 2000-talet…om ikkje så tidleg som seint på 90-talet!

Ein kan nok seie mykje om begge desse sidene, men eit fellestrekk er vel at dei ikkje er spesielt brukarvennlege nokon av dei. Arngren si side skal eg ikkje seie så mykje om sidan den etterkvart har manifestert seg som eit skuleeksempel på korleis ein ikkje skal laga ei vevside.

Min eigen kommune derimot (enn så lenge), har eg derimot nokre poeng til. Desse er henta frå Jacob Nielsens vevsider, ein annerkjend dansk rådgjevar for vevdesign.

Frames
Bleeding-edge technology
Scrolling text and looping animations
Complex URLs
Orphan pages
Scrolling navigation pages
Lack of navigation support
Non-standard link colors
Outdated information
Slow download times

Kor mange av desse flørtar så den malen som Sirdal kommune har gått til innkjøp av med?

I tillegg finn me også ikkje akkurat standardiserte ikon på sida, i tillegg til eit utval frå fargeskalaen som ikkje liknar grisen. Fleire tips til korleis ein kunne laga sida betre tilgjengeleg for brukarane kan lesast om på Hr. Nielsens sider.

Og når eg fyrst er inne på tilrettelegging for brukargrupper som av ein eller annnan grunn ikkje har eit fullt arsenal av sansar. Dette som ein kontrast til slik vi gjer det i Norge:

Blindeskrift på busstopp i BeijingMøtepunkt på togstasjon i JapanJapansk gelender med blindeskrift