Category Archives: Arbeid

Skriveri som har med mitt yrke som lærar å gjera.

I nauda et fanden floger

I juni vedtok Stortinget ei lovendring som inneber skjerpa kompetansekrav til fag ein lærar underviser i på skulen. I og for seg greit nok. Men vedtaket fekk tilbakevirkande kraft, noko som resulterte i at lærarar i det ganske land no er i harnisk over denne degraderinga av kompetansen til nær 30.000 norske lærarar. Utdanningsforbundet er også på barikadane. Like fullt vel styresmaktene å stå på sitt.

Haustens bølgje av flyktningar har gjort at Utdanningsdirektoratet no er i ei skvis.

For med eitt kan lærarar som i sumar vart gjorte kompetanselause over natte, synast å vera gode nok i ei krise.

Spørsmålet er: har styresmaktene gjort seg fortent til å motta støtte av lærarstanden si dugnadsånd?

Teknologi og lærar(t)rolla

Skulemennesket meg har vore med på ein heisatur av ei reise dei siste 30 åra. Då eg trakka rundt og skulle læra meg skule, var det TIKI med Snake som var det store. Med store diskettar på fem tomar og monokrom skjerm.

Seinare kom PC’en til Sinnes skule. Pentium med 8 megabyte RAM (seinare oppgradert til 16!), CD-rom og 28.8 modem er ord som gjer at eg vert varm innvendig. Den sterkt gjenkjennelege oppkoplinga til nettet…det store ukjende. Internettet der all kunnskap i heile verda fanns! Kor dette kom til å revolusjonera all læring.

Og slik har me higa etter det siste nye i skule i årevis. Alltid med auge for å betra læringa. Heilt sidan Edison i 1922 sa “the motion picture is destined to revolutionize our educational system….”. Deretter var det same leksa med radio. Så fjernsyn. Kven hugser vel ikkje “Roteloftet”?

Etter det tura datamaskinane inn i skulen. Deretter vart dei kopla saman via internett. Og så har snøballen byrja å rulla.

Dei siste åra har smarte tavler (i praksis ein projektor med diiiiiiger, vertikal museplate, og slett ikkje så smarte) vore siste skrik. Små, handhaldte datamaskinar vert no testa ut i mangt eit klasserom for alle pengane….bokstaveleg talt.

Ironisk nok hadde me ei opprydding på skulen min i dag. I den samanheng kom me over ein 14 år gamal projektor, type 3M, som kom i koffert av militær klasse, med trillehjul, og sikkert også obligatorisk krav om HMS-kurs i løfteteknikk for å ta han i bruk. 14 år! Og allereie ein dinosaur.

Medan mang ein lærar forbannar ein daud ting som har vorte plassert i klasserommet som om det hadde sjelelege evner, tek Bill Gates seg ein tur til Noreg for å skapa litt blest omkring eit prosjekt i Afrika han har funnet det for godt til å støtta etter å ha tent graps på å pusha eit digitalt univers inn i skuleverket.

Misforstå meg rett. Eg har hatt stor glede av det for min eigen del. Men greia er jo at det er fint lite av det eg har plukka opp av “dataskillz” som eg har lært av pedagogisk utdanna personale. Mesteparten har eg lært på fritida. Mesteparten har eg lært som følgje av ein av to ting:

1. Timesvis med slit og repetisjon.

2. Gått på ei solid blemme som eg har måtta betala for.

At Derek Muller (Veritasium) la ut videon nedanfor, gav difor ein heil del meining for min del. Han trekk ut nokre essensar som den til einkvar tid sittjande Utdanningsminister burde streba etter å etterleva så godt han eller ho berre kan. For ein maskin, skjerm, dings…eller kva det no måtte vera kan ikkje gjera same jobben som ein lærar. Ein lærar som evner å skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø, der elevane vert utfordra, må bryna seg og ikkje ikkje fer servert ferdig tygt mat. Kreativitet, utforsking og feiling er alle tre ord som eg meiner må til for at ein skal kunne lære noko vetugt. Diverre synest det som om minst to at mine stikkord er på god veg vekk frå skulekvardagen, om dei ikkje allereie er long gone.

Den tapte mursteinen i veggen

Vårt samfunn i Noreg har kome til eit punkt der det meste skal sikrast. HMS har ei høg stjerne her til lands. Kor mange arbeidsplassar som er innanfor dette feltet er ikkje godt å seie. Også innanfor skulen er dette viktig. Sjølvsagt. Me vil ikkje at ungane skal skada seg. Dei kunne brekke noko. Dei kunne omkomme.

Det siste er sjølvsagt noko ein absolutt ikkje ynskjer at skal skje.

Men det er eit godt gap i frå å skrape seg på ein kvist, og til at ein skal forulukke. Ein treng å bryna seg på noko for å vekse. Ein må dette før ein kan gå! Ein må gjere feil for å gjere noko rette. Rundt om i skulegardar og på offentlege leikeplassar er alt EU-godkjent, og skulle det ikkje vera det, vert treet sagd ned, steinen sprengd vekk eller heile leikeplassen terminert.

I Wales er ei rørsle ved navn “Free play” lansert. Bakgrunnen for dette ligg gjerne i det som nettstaden Lifehacker.com skriv;

Recent studies have shown that playing out of doors is crucial for children who are developing motor, problem-solving and observation skills, in addition to developing an understanding and relationship with nature (a.k.a. “eco-literacy“). Kids need more time to play — but not necessarily in today’s trend for organized, scheduled activities, as kids need to have moments of unstructured time to explore that helps develop their creativity and self-confidence.” – Lifehacker.com, 2014

Kontrasten til designarleikeplassen som Stavanger kommune anla i Ajaxparken i 2012 er, for å sei det mildt, gedigen!

Straks me lagar rammar for borns leik, lagar me også avtrensingar for kor langt og i kva retning dei strekk seg i si læring. Det igjen fer følgjer seinare i livet.

Digitalt samarbeid i norsk barneskule

No i førjulsstria stig blodtrykket til farlege høgder i årene til dei få mennene i norsk grunnskule. Filt, englehår og glitter flyg veggimellom i klasseroma. Men eit godt IKT-samarbeid kan gjera underverk:

Dato: 14.12.2012
Emne: Juleverksted – guruen

Hei Magnus!

Jeg og Trond skal i gang med juleverksted i dag, og lurte litt på noen små ting.
Vi skal lage nisser av kuler, og lurte på hva dine tanker rundt å tilsette ski til disse figurene er?
Skal også lage ganske avansert origami stjerner, og lurte på hvilket papir som er best å bruke til dette formål?
Det siste som jeg lurte på var hvilke nåler du anbefaler når det skal sys i vatt? Lange tynne, eller kort med spiss?

Mvh.
En hjelpeløs mannlig pedagog.
Jostein

Dato: 14.12.2012
Emne: Ad: Juleverksted – guruen

Hei!
Takk for at du tok kontakt. Dette er faktisk noko av det eg er mest engasjert i når det gjelder skole. Mitt korte og gode svar er gi ein stor f…. Gjennom erfaring kan eg bare sei at ski på nissen, julestjerner, vatt og nåler er roten til alt vondt her i verden. Prøvde eg og i min spede start som lærar, men det luraste eg har gjort til no er å gi ein stor f.. i dette. Den feminiseringa du no er på vei inn i er farlig. Du blir ein annan person og om ikkje lenge har du og rød lekseplan med ein nisse på før jul. Det står ikkje eit kløyva ord om dette i kunnskapsløftet. Sett heller på ein god premier league kamp og gi dei ein leksjon i 4-4-3 og gjer heller desse stakars guttene til menn og ikkje feminiserte stakkarar som kjeme opp her til ungdomsskulen neste år.

Gir gjerne fleire pedagogiske råd hvis du treng. Lykke til i helga… not.

Villa til I die

Mvh Magnus, adjunkt med opprykk

Dato: 14.12.2012
Emne: Ad: Juleverksted – guruen

Takk for konstruktiv tilbakemelding!
Kan meddele at dagens juleverksted endte med katastrofe.
Nåler ble funnet plasser de ikke hører hjemme, flere elever spiste garn, og det hele endte opp med å lage en 30-40 meter lang julelenke.
De som ikke behersket dette satte vi til å lese. De som heller ikke behersker lesing ble satt til å spise pepperkaker.

Prøver igjen til neste år! Kanskje vi kan få til en påskeverksted ogeller pinseverksted.

You’ll never walk alone!

Mvh.
Jostein, adjunkt uten opprykk, sosialrådgiver, psykolog og entertainer.

Feiden med FEIDE – oppfylging

Dette er eit svar på ein kommentar eg fekk på ein tidlegare bloggpost der eg skreiv litt om mine observasjonar og erfaringar på IKT-feltet i skulenoreg. Kristine Sevik frå IKT-senteret gav meg ein så pass fyldig kommentar, at eg tykkjer han fortener ein eigen bloggpost til oppfylging. Så her kjem den.

For å gjere det klart med ein gong. Ja. Dei tilfella eg nemner kan ikkje skuldast på FEIDE, meir enn ein kan skulda virus-problematikk på datamaskinar på Microsoft. Grunnen til at eg tok tak i nettopp FEIDE, er at FEIDE er det siste initiativet som har dukka opp og blitt stappa ned i halsen på lærarstanden, skuleelevane, og også etterkvart foreldre.

Eg kan forstå tankane bak ei slik løysing som det FEIDE representerer. Problemet slik eg ser det, er berre at FEIDE har vakse seg stor i frå feil ende.

Fire år med lærarskule gav meg erfaringar frå mange ulike norske skular rundt om i landet, så vel som i utlandet. Etter endt utdanning, har eg også gjort meg erfaringar frå ei rekkje andre skular. Datamaskinar har vore min store hobby sidan eg sjølv gjekk i 6. klasse i ’93. Difor er det ikkje så mykje for min eigen del at eg “bles ut” dette. Dei observasjonane eg har gjort meg i løpet av desse åra, seier meg derimot at det er mange frustrerte lærarar og elevar som treng ei stemme. Eg er sjølv ein stor fan av IKT i skulen, men har trua på at det må vere lov å stille nokre kritiske spørsmål, slik mellom anna Inge Eidsvåg gjer her.

Så til punkta dine Kristine.

1. Heilt rett. E-posten er ikkje FEIDE-integrert. Og eg er redd for at utsiktene til at det vil hende heller ikkje er noko å ropa hurra for. Ut i frå den kommunale greina eg høyrer til (oppvekst), ser det for meg ut som om dette er ei greie med å slenge seg på ein proprietær hest når det gjeld e-postløysing, for deretter å byggje seg eit hus på denne proprietære løysing. Når så nye krav dukkar opp, er ein så fastlåst i det opplegget ein har, at ein ikkje er i stand til å fylgje med i timen vidare. Men dette er ikkje mitt bord. Eg har ikkje moglegheit til å gjere endringar her. Og det er vel faktisk det som er poenget, men det kjem eg attende til litt seinare…

2. På skulen min har eg sett opp pålogginga til LMS-systemet slik at når ein vel FEIDE-pålogging, så vert ein automagisk sendt til min kommune si pålogging. Problemet her er LMS-systemet, ikkje FEIDE. LMS-tilbydaren (who shall remane nameless…) har gjort eit førehandsval på si påloggingsside som eg ikkje kan gjere noko med. Det resulterer i at standardpålogginga frå deira nettside ikkje er FEIDE-pålogginga, men deira eiga løysing. Og nettopp her er det mange trør i salaten. Personleg tykkjer eg dette valet som LMS-produsenten her har gjort, berre føyer seg elegant inn i rekka av andre frustrasjonar LMS-et gjev meg. Eit ekstra klikk her, eit ekstra klikk der. Er det rart eg klikkar på det? Men det vert ein annan bloggpost.

3. Dette punktet, og løysinga som du skisserer er eg heilt einig i sjølv. Det kjipe er berre dette. Vår kjære LMS gjev ikkje eit realistisk bilete (for læraren) av korleis det faktisk ser ut for elevane etter at ein har publisert læremateriell av eitkvart slag. Difor må ein, for å sikre seg, sjekke inn på ein eigen elevkonto for å sjå korleis det tek seg ut. Og då kjem tryggleiken til FEIDE inn, og gjev ikkje moglegheit til “daude” brukarar. Ergo må ein logge inn med LMS-et si “standardpålogging”, og altså ut av FEIDE. For…ein har, av tryggleiksmessige årsaker (tenk å gje ein vaksen person med fire+ års utdanning full råderett over datamaskina) gjort det slik at ein ikkje kan installere programvare på datamaskina som ein nyttegjer seg av i klasserommet. Difor er det berre vår alles kjære Internet Explorer 8 (9? Håhå….langt i frå!) ein kan bruke.

4. Kor mange gonger ein kan logge lukke nettlesaren? Der har gjerne Peder Haug forskingsmateriale å ta av om det skulle knipe, for det ville vore interessant lesing. M

en for å svare ut i frå mi ikkje-professoralske erfaring; fleire enn ein skulle tru! Seinast i dag klarte heile tre elevar (av fire) å logge seg av heile datamaskina under 5 minutt etter at eg hadde forsikra meg om at alle hadde klart å logga seg på. Og det var ikkje alle som klarte å kome seg inn att før friminuttet…

5. Passordbytte skjer gjerne ved at ein mottek nytt passord på e-post. Her er ein fort inne i ein ond sirkel. Policyen på passorda i min kommune er forøvrig slik; store OG små bokstavar. Tal. Og minst 8 teikn. Vanskeleg for ein vaksen å hugse. Umogleg for ein 7-åring som har hatt verdas lengste sumarferie!

Det er flott at IKT-senteret og UNINETT arbeider “kontinuerlig [med å] forbedre brukervennlighet, brukeropplevelser og funksjonalitet i Feide”. Mitt spørsmål; har de nokre barneskular med på laget? Ein ting er IKT på vidaregåande og høgskule, men når ein kjem inn i barneskulen er det totalt andre spelereglar ein må forhalda seg til.

Så skal eg forsøke å konkludere litt trur eg,

Å gje nokon eit verkty, og seie at det kun er tilgjengelg mellom 8 og 2. Det skal nyttast slik. Du kan ikkje kan tilpassa verktyet til dine hender/hovud/kropp/sett inn det som passar. Det er ikkje anne enn å be om bråk.

Som lærar er eg pålagd å tilpassa opplæringa til den einskilde eleven. Og det skulle også berre mangle! Det er heldigvis ikkje normalt å vere normal. Men kva tenkjer så min arbeidsgjevar, eller styresmaktene om tilpassa arbeidstilhøve? Det synest for meg å vera eit ikkje-tema. I barneskulen skal ein takka sin skapar om elevane har 1:2-tilgong på datamaskinar. Lærarar er litt betre stilt, men ikkje mykje.

Poenget mitt er at ein i den norske barneskulen ikkje har råderett over eige verktøy. Ein er berre plent nøydt til å gjere ting på ein måte som vert bestemt av nokon som knapt har sett sine føter i same hus som seg sjølv, og i alle fall ikkje er pedagogar.

Feiden med FEIDE

FEIDE har kasta hansken;

…og sidan eg ikkje likar at ting ligg og flyt, tek eg han opp!

Eg skal ta føre meg to ulike roller der FEIDE vert nytta i den norske skulen pr. dags dato. Dei to er lærarrolla, og elevrolla. Me tek til med lærarrolla.

Den tilsette kjem morgontrøtt til kontoret, og den vandte påloggingsskjermen skin i tussmørkret. Ein knastar inn brukarnamn og passord, og med litt flaks har ein unngått å leggje ei bok på tastaturet under oppstarten av maskina, slik at det ikkje er eit usynleg mellomrom framom brukarnamnet. Det vesle, ubetydelege mellomrommet kan velta dagen for ein durkreven lærar i det norske skuleverket!

Dernest skal ein sjølvsagt lese e-post. Men e-posten er sjølvsagt ikkje FEIDE-integrert, og ein må her hugse at det ikkje er FEIDE-passordet og brukarnamnet som gjeld.

Så står nettlesaren for tur. LMS-pålogginga dukker opp, og her må ein berre hugse å merke av for at det er FEIDE-pålogging ein ynskjer. Dernest er det berre å trygle å be om at nettlesaren ikkje på magisk vis sender ein til den felles påloggingssida for FEIDE, der ein må rulle nedetter ein uhorveleg lang rullegardinmeny, og krysse fingrane for at ein finn nettopp sin kommune/skule.

Når ein så omsider er komen inn på LMS-en, legg ein til eit og anna i faga sine. Ein test her og ein pekar der. Sidan ein er ein samvittighetsfull lærar, loggar ein så av LMS-en att, for deretter å logge inn på elevkontoen som ein har oppretta slik at ein kan sjå om elevane ser det ein vonar at dei skal sjå. Det gjer dei sjølvsagt ikkje. Ein gløymde å aktivera testen for nett denne veka, så ein må ut av elevkontoen, og inn att på lærarkontoen. Og så attende. Og då er det i orden. For denne gongen.

Elevkontoen er sjølvsagt ikkje FEIDE-kopla. Ein må altså ha eit ekstra brukarnamn og passord.

Då plinger det for ny innkomen e-post, og for å få fram det lukkar gjerne den drevne norske læraren nettlesarvindauget, og FEIDE-innlogginga er nok ein gong forsvunnen inn i nettæva. Du har vore ein halvtime på arbeid, og har nytta 25 av 30 minutt på påloggingsproblematikk!

Så det blir fram med nettlesarvindauget att, og ny på logging (den 4 for dagen) på FEIDE. Ein tek seg sjølv i å mumla nokre innbitte glosar om kvar “Felles” tok vegen i “Felles Elektronisk IDEntitet” når ein ikkje eingong kan laga det til slik at pålogging på datamaskina gjev direkte tilgang til dei verktya ein treng i løpet av dagen!

Så dukker det opp ei melding frå IKT på skjermen. Printartrøbbel i dag att! Irritert leiter ein etter det raude krysset, for å fjerne ulukka, men er i same augneblenken uheldig, og lukkar det nyinnlogga nettlesarvindauge i same slengen. *arg*

Så når ein omsider har fått logga seg på den FEIDE-synkroniserte fråversløysinga som vart lansert rett før sumaren, har ein skrive inn FEIDE-passord og brukarnamn minst fem gonger.

Men så er klokka der, og etter ein allereie alt for lang dag med IKT langt opp i halsen, må ein beine avgarde til klasserommet. Her ventar ny maskin. På eit anna nettverk. Denne skal startast, og ein skal logge seg på med ein konto som forhåpentligvis er synkronisert med den som er på kontoret. Deretter må ein finne fram til matematikkverket som IKT-avdelinga i kommunen så generøst har spandert, til tross for ei ekstra trong kommunekasse etter at ein vart pålagd ei dyr FEIDE-integrering. Denne dagen er sjølvsagt den dagen då kontoen ikkje lenger er gyldig. For over sumaren har nokon gløymd å sjekke at kontoane er gyldege det neste skuleåret, og dermed er det ikkje anna råd enn å ty til naudløysninga: stasjonar!

Elevane vert delte i grupper. Ei lesegruppe, ei reknegruppe, ei skrivegruppe…ei datagruppe. Og ja. Etter 10 minutt kjem den fyrste vågale eleven ut frå grupperommet der datamaskinane står, og tilstår på ærleg vis at han ikkje fer logga på. Sumarferien har øydelagd minnet, og den skuffa 8-åringen er ikkje kar om å hugse det opplagde “ur392E8A” og “Kj083hUf” lenger.

Læraren hastar inn (medan elevane han jobba med vert sittande å lesa åleine), for om mogleg å redde dei siste to minutta av elevens hardt tilmålte 12 minutt på datamaskina. Der sit tre like dystre medelevar, som ikkje er kome ein flekk lenger enn den fyrste vågale. I ein fart loggar læraren seg inn med sitt brukarnamn og passord (7. gong for dagen, og ikkje lenger enn fyrste time), på samtlege fire maskinar, og deretter same prosedyre i nettlesaren for å kome inn på LMS-en. Rrrrrring. Der gjekk klokka. På veg ut døra for å klargjere til neste gruppe på lesestasjone, ropar læraren bak seg. “Ikkje logg av maskina!”. For seint…

—-

Slik artar altså kvardagen seg for den jamne lærar i den norske skulen.

Eg for min del tel på knappane for kor lenge eg skal utsette å trasse heile IKT-prosjektet (les: Windows-løysinga) til min arbeidsgjevar, og heller installere Ubuntu på maskinane i klasserommet mitt. Slik kan eg unngå påloggingsstyr, eg kan starte ei maskin på null komma niks. Samstundes kan eg legge synkroniserte favorittar i nettlesaren på alle maskinane, slik at elevane har direktelenker til dei verktya me skal nytta akkurat den dagen. Bruk av LMS-løysinga vert så lagd til timar der ein kan ha fullt fokus på å hjelpe alle elevar inn med korrekt brukarnamn og passord. Gjerne ein time der ein har ein medlærar eller assistent.

Så slik er det altså FEIDE. FEIDE hadde gjerne vore som manna frå himmelen om PC i skulesamanheng tydde det same som elles; “Personal Computer“. Diverre er det ikkje slik. I skulen har ein berre “Public Computers”, og nok eit initiativ ovanfrå for å “gjøre digital skolehverdag bedre” har havarert.

1 2 3 7