FEIDE har kasta hansken;
…og sidan eg ikkje likar at ting ligg og flyt, tek eg han opp!
Eg skal ta føre meg to ulike roller der FEIDE vert nytta i den norske skulen pr. dags dato. Dei to er lærarrolla, og elevrolla. Me tek til med lærarrolla.
Den tilsette kjem morgontrøtt til kontoret, og den vandte påloggingsskjermen skin i tussmørkret. Ein knastar inn brukarnamn og passord, og med litt flaks har ein unngått å leggje ei bok på tastaturet under oppstarten av maskina, slik at det ikkje er eit usynleg mellomrom framom brukarnamnet. Det vesle, ubetydelege mellomrommet kan velta dagen for ein durkreven lærar i det norske skuleverket!
Dernest skal ein sjølvsagt lese e-post. Men e-posten er sjølvsagt ikkje FEIDE-integrert, og ein må her hugse at det ikkje er FEIDE-passordet og brukarnamnet som gjeld.
Så står nettlesaren for tur. LMS-pålogginga dukker opp, og her må ein berre hugse å merke av for at det er FEIDE-pålogging ein ynskjer. Dernest er det berre å trygle å be om at nettlesaren ikkje på magisk vis sender ein til den felles påloggingssida for FEIDE, der ein må rulle nedetter ein uhorveleg lang rullegardinmeny, og krysse fingrane for at ein finn nettopp sin kommune/skule.
Når ein så omsider er komen inn på LMS-en, legg ein til eit og anna i faga sine. Ein test her og ein pekar der. Sidan ein er ein samvittighetsfull lærar, loggar ein så av LMS-en att, for deretter å logge inn på elevkontoen som ein har oppretta slik at ein kan sjå om elevane ser det ein vonar at dei skal sjå. Det gjer dei sjølvsagt ikkje. Ein gløymde å aktivera testen for nett denne veka, så ein må ut av elevkontoen, og inn att på lærarkontoen. Og så attende. Og då er det i orden. For denne gongen.
Elevkontoen er sjølvsagt ikkje FEIDE-kopla. Ein må altså ha eit ekstra brukarnamn og passord.
Då plinger det for ny innkomen e-post, og for å få fram det lukkar gjerne den drevne norske læraren nettlesarvindauget, og FEIDE-innlogginga er nok ein gong forsvunnen inn i nettæva. Du har vore ein halvtime på arbeid, og har nytta 25 av 30 minutt på påloggingsproblematikk!
Så det blir fram med nettlesarvindauget att, og ny på logging (den 4 for dagen) på FEIDE. Ein tek seg sjølv i å mumla nokre innbitte glosar om kvar “Felles” tok vegen i “Felles Elektronisk IDEntitet” når ein ikkje eingong kan laga det til slik at pålogging på datamaskina gjev direkte tilgang til dei verktya ein treng i løpet av dagen!
Så dukker det opp ei melding frå IKT på skjermen. Printartrøbbel i dag att! Irritert leiter ein etter det raude krysset, for å fjerne ulukka, men er i same augneblenken uheldig, og lukkar det nyinnlogga nettlesarvindauge i same slengen. *arg*
Så når ein omsider har fått logga seg på den FEIDE-synkroniserte fråversløysinga som vart lansert rett før sumaren, har ein skrive inn FEIDE-passord og brukarnamn minst fem gonger.
Men så er klokka der, og etter ein allereie alt for lang dag med IKT langt opp i halsen, må ein beine avgarde til klasserommet. Her ventar ny maskin. På eit anna nettverk. Denne skal startast, og ein skal logge seg på med ein konto som forhåpentligvis er synkronisert med den som er på kontoret. Deretter må ein finne fram til matematikkverket som IKT-avdelinga i kommunen så generøst har spandert, til tross for ei ekstra trong kommunekasse etter at ein vart pålagd ei dyr FEIDE-integrering. Denne dagen er sjølvsagt den dagen då kontoen ikkje lenger er gyldig. For over sumaren har nokon gløymd å sjekke at kontoane er gyldege det neste skuleåret, og dermed er det ikkje anna råd enn å ty til naudløysninga: stasjonar!
Elevane vert delte i grupper. Ei lesegruppe, ei reknegruppe, ei skrivegruppe…ei datagruppe. Og ja. Etter 10 minutt kjem den fyrste vågale eleven ut frå grupperommet der datamaskinane står, og tilstår på ærleg vis at han ikkje fer logga på. Sumarferien har øydelagd minnet, og den skuffa 8-åringen er ikkje kar om å hugse det opplagde “ur392E8A” og “Kj083hUf” lenger.
Læraren hastar inn (medan elevane han jobba med vert sittande å lesa åleine), for om mogleg å redde dei siste to minutta av elevens hardt tilmålte 12 minutt på datamaskina. Der sit tre like dystre medelevar, som ikkje er kome ein flekk lenger enn den fyrste vågale. I ein fart loggar læraren seg inn med sitt brukarnamn og passord (7. gong for dagen, og ikkje lenger enn fyrste time), på samtlege fire maskinar, og deretter same prosedyre i nettlesaren for å kome inn på LMS-en. Rrrrrring. Der gjekk klokka. På veg ut døra for å klargjere til neste gruppe på lesestasjone, ropar læraren bak seg. “Ikkje logg av maskina!”. For seint…
—-
Slik artar altså kvardagen seg for den jamne lærar i den norske skulen.
Eg for min del tel på knappane for kor lenge eg skal utsette å trasse heile IKT-prosjektet (les: Windows-løysinga) til min arbeidsgjevar, og heller installere Ubuntu på maskinane i klasserommet mitt. Slik kan eg unngå påloggingsstyr, eg kan starte ei maskin på null komma niks. Samstundes kan eg legge synkroniserte favorittar i nettlesaren på alle maskinane, slik at elevane har direktelenker til dei verktya me skal nytta akkurat den dagen. Bruk av LMS-løysinga vert så lagd til timar der ein kan ha fullt fokus på å hjelpe alle elevar inn med korrekt brukarnamn og passord. Gjerne ein time der ein har ein medlærar eller assistent.
Så slik er det altså FEIDE. FEIDE hadde gjerne vore som manna frå himmelen om PC i skulesamanheng tydde det same som elles; “Personal Computer“. Diverre er det ikkje slik. I skulen har ein berre “Public Computers”, og nok eit initiativ ovanfrå for å “gjøre digital skolehverdag bedre” har havarert.
Hei,
Først vil jeg si at det er veldig trist å høre at lærer-hverdagen med IKT kan være så frustrerende som du her beskriver. Samtidig virker det på meg som om du gir Feide skylda for veldig mye som handler om andre ting enn innloggingsløsningen i Feide.
1. Eposten er ikke Feide-integrert
Her er det flere mulige løsninger; din skoleeier kan velge å Feide-integrere eposten, eller å sørge for at passordene er synkroniserte slik at du i det minst bruker samme brukernavn og passord. Alternativt kan skoleeier tilby en enkel passordbytte-tjeneste slik at du selv kan sette det samme passordet på begge tjenestene. Alle tre vil løse ”problemet”, men kun Feide-tilpassing vil gi Single-Sign-On-mulighet.
2. Bli sendt til felles påloggingsside
Feide er lagt opp slik at man første gang fra en maskin eller i ny nettleser (eller dersom man har oppgradert programvare, sletter coockies etc), må fortelle hvilken skoleeier man tilhører slik at Feide kan vite hvor opplysninger om din bruker finnes. Den lista blir etter hvert veldig lang ettersom stadig flere kommuner blir med i Feide. Her er jeg enig i at Feide har en vei å gå i forhold til å kjenne igjen hvilken skoleeier du kommer fra automagisk. Et midlertidig alternativ er jo om skolen/kommunen har en ”skole-portal” med Feide-innlogging som startside (da vil jo din skoleeier være den eneste på lista), og deretter direkte innlogging på andre Feide-tjenester. I Møre og Romsdal fylkeskommune har de gjort dette (http://ungweb.no/)
En annen mulighet Feide-tjenester har er å forhåndsvelge skoleeier for deg om de vet hvor du kommer fra. En tjeneste kan for eksempel gi Trondheim kommune innloggings-urlen https://tjeneste.no/login/feide/trondheim og benytte dette til å si fra til Feide hvilken skoleeier du kommer fra. Denne URLen kan så kommunen benytte i lenker på skoleportal eller lignende slik at elever og lærere slipper å velge tilhørighet om nettleseren ikke vet det allerede. Dette krever imidlertid at tjenestene benytter denne muligheten.
3. Må logge av Feide for å komme inn på fiktiv elev-konto
En av tingene Feide er streng på er at det kun skal finnes ekte brukere i systemet, det flyter med andre ord ikke rundt testelev123. De fleste mener dette er en god ting med Feide. Men for å være løsningsorientert i forhold til din frustrasjon: i stedet for å logge av Feide og inn på LMSet med testbruker, kan du kanskje gjøre dette i en annen nettleser? Da trenger du ikke logge av Feide (og inn på nytt).
4. Lukking av nettleservinduet fører til utlogging
Ja, sånn er det. Vi vet av erfaring at mange elever og lærere lar være å trykke ”logg ut” når de er ferdig med en tjeneste eller skal gå fra maskinen. I en tid der ”facerape” er et ord som gir mening for mange, mener jeg dette også er en god ting. Sikkerhet er kjedelig, men alternativet er ofte verre. Hvor mange ganger kan man egentlig ved et uhell lukke et nettleservindu i løpet av en halvtime?
5. Kompliserte Feide-passord og brukernavn
Igjen; her bør skoleeier tilby en enkel passordbytte-tjeneste for elever og lærere. Gjerne enkelt tilgjengelig fra skolenes start-side. Det er skoleeier som setter regler for hvordan passord skal utformes for sine elever og lærere og Feide har ikke lagt seg opp i dette. Feide krever at det skal finnes en passordpolicy, men setter ikke føringer for innholdet. Dette bør skoleeier vurdere ut i fra hvilke tjenester som benyttes av forskjellige brukergrupper og risikoene dersom andre kommer seg inn med en persons identitet. For mindre skoleelever ser vi at en del benytter passordfraser i stedet for tradisjonelle passord. Ofte kan også slike passordfraser være sikrere enn kortere kryptiske vanlige passord.
Det samme selvstyret gjelder brukernavnene dere har. Feides krav er at brukernavnene skal være unike innenfor samme skoleeier, men utforming bestemmes av skoleeier selv ut i fra lokale hensyn.
Når alt dette er sagt, så arbeider både vi i Senter for IKT i utdanningen og UNINETT med å kontinuerlig forbedre brukervennlighet, brukeropplevelser og funksjonalitet i Feide og vi ser helt klart mange områder vi kan bli bedre på. . Selv om jeg altså mener kritikken mot Feide i dette tilfellet er litt urettferdig, så forstår jeg hovedbudskapet ditt om at IKT som ikke fungerer knirkefritt lett blir både tidstyv og kilde til frustrasjon hos lærere og elever.
Håper dette bidro til å dempe feiden med Feide noe ☺
Med vennlig hilsen
Kristine Sevik (@ksevik)
[…] september 2012 Dette er et innlegg inspirert skribleriene til Hr. Sinnes på dalstroka-innafor om en lærers hverdag. Denne lærerhverdagen utløste en kommentar fra Senter for IKT og et svar fra […]