Mitt nye Idol!

I førebuinga til arbeidslivet har eg søkt opp og ned på nettet etter pedagogiske ressursar som kan vera til inspirasjon i mitt arbeide. Eg fann mellom anna ei engelsk side; Teachers.tv er ein fantastisk ressurs for nye, så vel som godt røynde lærarar vil eg tur.

Ein spesiell video på sida var heilt eksepsjonell. No er ikkje eg ein ekspert, trass i mine 30 studiepoeng i musikk, men ein kan seie kva ein vil…Luandeli som ein kan sjå ca 14 minutt ut i videoen er jo unekteleg eit sjukt godt talent?!

Dagen før dagen

Då er det like før det tek til. Arbeidslivet. Det eg skal bruka resten av livet mitt på. Om ein 12-13 timar stend eg opp for å ta fatt på 2,23 kilometer, ca 25 minutt til fots til arbeidet. Der kjem eg til å treffa mange kjekke nye folk som eg skal dela dagane framover med.

Det er litt skummelt. Eg var oppe på skulen ein tur i dag…berre sånn for å sjå meg litt rundt før det heile brakar laus. Eg var innom bokhandel og kjøpte meg lærarbok, eit utval pennar, notatbøker og ein spissar. Ein må jo vera førebudd!

Eigd av Apple

Då har eg teke steget og vorte ganske så tett knytta til Apple Inc. at eg veit eigentleg ikkje heilt om eg likar det! Eg har kjøpt meg iPhone. Det er jo ein fantastisk ting denne iPhonen. Mobiltelefon, e-postlesar/skrivar, nettlesar, kamera, GPS, musikkspelar, lydopptakar, videospelar, adressebok, fjernkontroll, spelemaskin, musikkbutikk og mykje, mykje meir. Alt i ein dings som ikke er særleg mykje større enn ein kortstokk.

Det er mest litt skremande. At det å kjøpa seg ei song, eller ein CD, har vorte noko ein gjorde når ein ei sjeldan gong var til byen sånn ei gong på 90-talet, medan ein nå berre kan dra opp «mobilen» av lomma og klikka på ein knapp for så å kunne høyra Ari Hest senda lydbøgljer ut i din nærleik kun få minutt etter.

Og det var nettopp det eg gjorde i dag. Eg gjekk til innkjøp av mi fyrste lovleg kjøpte song ved hjelp av iTunes. Det var ein song av eit engelsk band med vokal av Thomas Dybdahl som eg høyrde i burdsagskalas på Tonstad i helga. Bandet heite «Morcheeba» og er absolutt noko ein kan ta ein nærare kikk på!

Elles er det vel det å seie etter nokre dagar med ny mobiltelefon at det har vore eit fantastisk fint år utan mobiltelefon. For dei som trur at det er umogleg…det er det ikkje. Litt andre måtar å gjera ting på må ein nok rekne med…avtale ting på førehand og ikkje kunne rekne med å vere alle stadar på ein gong. Men akkurat dette har jo ei positiv side! Som Lord Chesterfield sa det;

There is time enough for everything in the course of a day if we do but one thing at a time, but there is not time enough in a year if we try to do two things at a time.

Og det at eg har fått mobiltelefon att har eigentleg ikkje endra så mykje.  Det vesle eg har nytta telefondelen av dingsen er stort sett til å testa ut høgtalarane på han, samt det medølgjande hovudsettet med mikrofon på. Det er bluetooth på han og, så i går kveld sat eg her på sofaen i den nye leide leiliheita mi og prøve å nytta han som ein taletut for Skype. Akkurat i går fekk eg det ikkje til, men i teorien skal det kunne gå.

Eg er altså alt i alt særs godt nøgd med mitt nye kjøp og gler meg verkeleg til å ta han meir og meir i bruk utover sidan han er så himla effektiv! 2300,- i innkjøp og eit månadleg abbonement på snaue 400 kroner gjer han jo ikkje til verdas dyraste telefon heller…for dei som måtte tru at han kostar skjorta og litt til.

Avstemmingsresultat

Det vart i alt 12 hesjer i Leidli i 2008. Det er ganske godt. Lite hesjer vil jo seie det same som mykje godt vér, og slikt likar både eg og Hennig Olsen! I tillegg vert det meir flattørking med breiing, snuing og rekkjing. Hurra for det.

Så til alle dei som tippa over 10 men under 15; Gratulerer! Akkurat avstemmingane kvalifiserer nok ikkje til premiar, men følg med, følg med…før du anar det kan det vera ein ny gissekonkurranse på trappene, og då gjeld det å ikkje liggje på svaberga!

Mamma og Janne Britt i aksjon...i Leidli.

Det er aldri for seint…

Då eg for eit par år sidan skreiv min avsluttande eksamen i pedagogikk var temaet tilpassa opplæring. Hovudet var på den tida breiddfullt av pedagogiske teoriar av m.a Vygotskty, Bruner og ein heil flokk med andre glupe tenkjarar. Nokre år etterpå må eg vel innrøma at eg kanskje ikke er heilt på tå hev på dette området lenger. Ein burde kanskje lest seg opp att litt med tanke på den føreståande starten på arbeidslivet?

I alle fall. I går var eg ein tur oppe hjå mi tante og fekk ho på nett att etter at dette hadde funne det for godt å streika. I same slengen installerte eg Skype til ho, slik som eg har for vane å gjera når eg er rundt og knotar med datating.

I dag fann eg fram nokre øyretelefonar her og gav desse til mi Mormor. Deretter «ringde» eg opp til mi tante og slo etterkvar på kamera i begge endar. Sjeldan har ein vel sett ei 88 år gamal dame meir interessert i ei datamaskin enn akkurat då, sjølv om dottera berre var 2 kilometer unna.


Og moralen? Det meste er mogleg om ein berre legg tilhøve til rette!

Kan du gissa kvar eg har vore?

Eg tenkte at det kunne gjera seg med ein liten konkurranse i sumarvarmen. Eg vil leggja ut bilete frå stadar eg har vore på tur her heime i ferien, og det blir då opp til dalstroka-innafor.net’s lesarar å finna fram til rett stad. Reglane er:

  • Den fyrste som skriv rett stad i kommentarfeltet vinn
  • Den aktuelle konkurransen er då også avslutta
  • Vinnaren vil som takk for god innsats motta premie
  • Tillatne hjelpemiddel er;
  1. Google Maps
  2. Statens Kartverks «Norgesglasset»
  3. Norge i bilder
  4. Analoge kart ein måtte ha for handa
  • Nær familie har ikkje lov å delta av naturlege årsaker
  • Desse har heller ikkje lov å tre inn i rolla som «ring en venn»

Giss #1









Sauefort

Det er ikkje berre frå den internasjonale arenaen at kampen mot sauedrift i Noreg vert utkjempa. Også i dalstroka innafor er det nokre som driv ein innbitt kamp mot desse ullkledde firbeinte. Men fyrst, ei lita historisk innføring.

I alle år har sauar frå alle Sinnes» gardsbruk hatt sumarbeite på same staden. Etterkvart har fleire og fleire gardsbruk bytta ut gardsdrifta med andre syslar, antan dette nå er hyttebygging, menneskeleg utvikling eller turisme. Resultatet av dette er jo sjølvsagt at kyr og sauer som måtte bidra til ei meir levande bygd vert sendt til næraste slakteri. Det medfører også at utmark og innmark gror til. Og det medfører at det som tidlegare var bønder med tilhøyrande gjerdeplikt, no ser på denne plikta som bortfallen. Resultatet då vert at gjerdene ikkje vert sett opp der dei har vore før, og sauer finn det då for godt å ta turen heim frå sumarferie og ned til sentrum av Sinnes der det jo som kjent skjer!

Når så desse firbeinte kjem traskande heim, så er ein som tidlegare bonde ikkje lenger førebudd på dette, og gjerda er altså ikkje til stades. Ein fer då sauene inn i hagen, opp på trappa og alle stader der ein sjølvsagt ikkje ynskjer dei.

Eg kan ikkje seie anna enn at eg tykkjer synd på min stakkars nabo som har sett seg så blind på at han plent ikkje skal gjerde der han har gjerdeplikt (2-300 meter). I staden erigerer han digre byggverk rundt heimen for å halda sauene ute, set straumgjerde MINST like langt som han i utgangspunktet hadde trengt å gjerde og flyg elles rundt til alle døgnets tider for å jaga dei unna. Men noko må ein vel ha å gjera når ein kun driv med turistar. Desse er det jo ikkje akkurat flust av i Sirdal om sumaren!

Og for å «toppa heile driden», så hjelper jo diverre ikkje «fortet» i det heile. Ein kan lure på kor mange sumrar han har lyst å springa etter dei. Kanskje kan det selgjast som ein billeg treningsform for turistane som er buande i campingvognene(hyttene)?

PS. På bileta er det altså meininga at sauane skal gå på andre sida av barrikadar og straumgjerdet.

Mi dysfunksjonelle slekt

Eg har dysfunksjonell slekt! Eg har og ein bil. Ei stasjonsvogn. Denne har ei matte på golvet framme med clutch, gas og bremsepedalane. Ho er meint å samle opp rusk frå skoa, og det gjer ho jo og forsåvidt.

Problemet er berre det at kvar gong eg låner bort bilen til mi mor, tante, syster eller liknande, så får eg bilen levert attende med denne matta godt samanrulla og trykt så godt fram mot radiatoren som ein fysisk kan få det til frå inne i kjørekupeen. Det er hakket før eg installerer videokamera i bilen for å sjå kva som eigentleg hender når andre enn eg er rundt å kjøyrer. For eg veit det ikkje heilt sikkert, men eg trur kanskje det at bilen min vert feiltolka som ein bil henta direkte ut av Flintstones….altså ein der du plantar beina gjennom golvet og gjev gass med apostlane. Eg kan ikkje fatta å forstå kva andre grunnar ein skulle ha til å krølle saman den golvmatta så til dei grader….kvar einaste gong?!