Då er det like før det tek til. Arbeidslivet. Det eg skal bruka resten av livet mitt på. Om ein 12-13 timar stend eg opp for å ta fatt på 2,23 kilometer, ca 25 minutt til fots til arbeidet. Der kjem eg til å treffa mange kjekke nye folk som eg skal dela dagane framover med.
Det er litt skummelt. Eg var oppe på skulen ein tur i dag…berre sånn for å sjå meg litt rundt før det heile brakar laus. Eg var innom bokhandel og kjøpte meg lærarbok, eit utval pennar, notatbøker og ein spissar. Ein må jo vera førebudd!
Scary shit. Lykke til!
Jaja, va det hardt å begynne det “virkelige” liv??
Det gjekk overraskande godt! Trur den gode starten med å stå opp halv seks var ein del av suksessoppskrifta. 🙂
🙂 ke skule e det du e på?