Eg tenkte at det kunne gjera seg med ein liten konkurranse i sumarvarmen. Eg vil leggja ut bilete frå stadar eg har vore på tur her heime i ferien, og det blir då opp til dalstroka-innafor.net’s lesarar å finna fram til rett stad. Reglane er:
- Den fyrste som skriv rett stad i kommentarfeltet vinn
- Den aktuelle konkurransen er då også avslutta
- Vinnaren vil som takk for god innsats motta premie
- Tillatne hjelpemiddel er;
- Google Maps
- Statens Kartverks “Norgesglasset”
- Norge i bilder
- Analoge kart ein måtte ha for handa
- Nær familie har ikkje lov å delta av naturlege årsaker
- Desse har heller ikkje lov å tre inn i rolla som “ring en venn”
Rågelone
Hekkan Birthe! No vart det jo ikkje mykje morro! 😉 Men jau…Rågelone/Øyarvatn er korrekt.
Få en ny konkurranse da!
Jeg oppdaget den jo ikke før den var over!
Eg og visste det jo!
E eg for nærme familie? Eller e det bare dei som visste at du va der? 😛
YEAH!!!glede meg t premie!!!
Espen: Ny konkurranse kjem…etterkvart
Vegard: Du kunne ha delteke ja…du bur ikkje her, så ikkje så let for deg å halda oversikt over kvar eg oppheld meg til ei kvar tid
Birthe: Premie kjem antan i posten eller kan avleverast på fredag då eg skal ned til Sandnes og skriva kontrakt for ny bustad