Omsider, etter fire lange/korte år (alt etter korleis ein ser på det) er det slutt. I dag fekk eg min siste karakter med stempel frå Høgskulen i Volda…og berre så det er sagt: det vart ein ståkarakter igjen! Glad for alt ein slepp å ta opp att!
Så då sit eg altså der…med 280 studipoeng, og sikkert 280.000 i studielån og er klar for vaksenlivet. Eg er redd denne epoka kjem til å flyga avgarde fortare enn nokon av det dei føregåande har gjort! Ein får altså trø inn bremsa så godt ein kan på eit tidleg tidspunkt så ikkje heile livet spring i frå ein.
Og det er jo akkurat det eg gjer no. Vitjar gamle kjente. Der er flott at være Norsk i Danmark! Og Danskerne er et meget fortreffelig folkeslag. Kanskje ein skulle vurdert å starta som lærar her etterkvart? Gjekk forbi eit par skular her i går, og ein sparar jo fort nokre hundre tusen på å ha ein sykkel, framfor ein bil. Pengar spart er jo pengar tent. Nuvel…
Før alt det tek til, så vert det nokre dagar til her i syden med fotball og flott vejr i eit land som flyt over av freske frøkener! Livet det er godt. Mejet godt!
PS! I dag åt et den klassisk danske «knækker» (rød pølse for uinnvidde) og syklet ut til Havfruen
Her heime har me vanskeleg for å verta nøgde med veret. Er det for mykje sol, klagar bøndene på vassmangel, eller hushaldningane på høge straumprisar. Er det for blaut er det ikkje så greit det heller då ein risikerer flaumar og lite uttelling på den solinga ein har planlagd og drøymt om i heile vår, medan ein har svetta vekk gram etter gram inne på eit klamt treningsstudio.


