Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Nyhender i dagens mediebilete

Øyvind Solstad bloggar flott om korleis terskelen for kva ei nyhet er i dagens mediebilete er blitt. Og det er eigentleg rart at nivået, eller kravet til ei nyhende er så usigeleg lågt no i desse dagar. Verda har vel aldri vore mindre enn ho er i dag, og på same tid har det vel neppe vore fleire tilsette i mediebransjen enn det er no. Slik sett skulle ein tru at kvaliteten på nyhendene ville vera ganske høg.

Likevel kan ein stadig lesa om flypassasjerar som vert flytta opp ein passasjerklasse i staden for ned, og sladder der kjolar og kjendisar er sakas kjerne.

Universitet i Oslo si elektroniske ordbok definerer ei nyhende slik:

hendelse, begivenhet som gjøres kjent for første gang.

Solstad sluttar innlegget sitt med følgjande setning:

At noe har skjedd med fire personer betyr ikke at det er en epidemi.

Det minner meg om då eg i 2003 levde livets glade dagar som ryggsekkturist i Thailand/Malaysia.  Begge desse landa er naboland til Singapore som vel etter det eg fekk med meg då var eit kritisk land med tanke på spreiing av SARS (Sever Accute Respiratory Syndrome). Med eitt dukka det opp munnbind på nokre av folka i gatene. Ikkje mange, men nok til at eg beit meg merke i det. Eg hadde tidlegare merka meg at slikt vart nytta i austen, men då med tanke på forureining i dei store byane. Ikkje i eit turistmekka.

Uansett…nokre dagar seinare les eg avisar på nett frå heimlandet. Store krigsoverskrifter møter meg med advarslar om SARS. Eg oppfatta det bortimot som om Noreg var stengt totalt ned. Asiatane var ikkje like redde.

Sidan april 2005 er det omkome drept ca. 52.000 Irakarar. 14% av desse er har vore soldatar/politi. Verdas helseorganisasjon har rekna på tal frå 29 land, og kome fram til at av over 8000 moglege SARS-tilfelle har 810 av desse tilfelle resultert i dødsfall. No skal eg ikkje seie at media ikkje skriv nok om krigen i Irak. Eg berre nemner det sånn i forbifarten…at det nok kunne ha vore gjort ein del. Benjamin Zander er dirigent for Boston Philharmonics. I videoen under har han eit godt poeng om det å ha dialog og to ulike perspektiv, eller det han kallar «reflections of attitude». Han er ein halv time lang men det er langt i frå bortkasta tid. Spesielt interessant er det kanskje 7.30 ut i videoen…:

Kålla åt broderfolket

Ironien ligg tjukt utanpå. Øystein Johannessen blogga alt rundt juletider i fjor om at svenskane kikkar over grensa til Noreg. Heldigvis var han også påpasseleg med å nemna at me ikkje må gløyma å sjå på kva svenskane finn på. For broderfolket har noko som ikke me har…eit høveleg system der ein kan finna gode ressursar på nettet alt etter tema. Dei er i det heile teke langt framme når det gjeld IKT synest det som.

Eg undrar meg litt over om det verkeleg er satsing på skulen og IKT me held på med her til lands, når det som skil gode moglegheitar for pedagogisk opplæring på og med IKT, er firkanta byråkratar og reglar i kommunenoreg! Eit døme frå røynda;

Eg slit med å få 26 datamaskinar på nett samtidig. Eg har 26 elevar. Eg har oppretta 26 Gmail-kontoar til desse, og dei er allereie i god gang med å læra seg korleis dei nyttar seg av dette nye vektyget. Ein elev kunne mellom anna fortelje meg dette i ein nettpratsamtale eg hadde med han inne på Gmail:

Elev: det e konge me gmail

Slikt varmar. Det som derimot ikkje varmar er når eg vert sittjande å feilsøka og oppdatera datamaskinane i to skuletimar medan elevane gong på gong på gong på gong spør meg om eg kan hjelpa dei med å koma inn på maskina. Ein skulle tru auga dei limte på julekorta her om dagen var deira eigne, for eg sit jo midt i ein haug med maskinar som eg allereie slit med å rekkje over før dei to datatimane dei eigentleg skulle ha er over.

Det er trist at alt strandar på sikkerhet og ein manglande trådlaus router til nokre hundre kroner. Ein kan sjølvsagt ikkje ha ope trådlaust nett av ein eller annan grunn. Og ein kan heller ikkje har kva slags trådlaus routar. Nei…ein spesiell må det vera! Ein som kostar så mykje at ikkje ein gong høver inn på ynskjelista til skulen på denne sida av 2010. Satse på skulen??

Men attende til kva svenskane gjer. I dag leverte Foxit Reader meg fylgjande lenkje. Sebran frå Wartoft Software. Marianne Wartoft er ein programutviklar som sidan 1995 har utvikla pedagogisk programvare. Fyrst som shareware, men etterhvert har ho gjort alle programma sine gratis! Det beste av alt er at til dømes Sebran er tilgjengeleg på norsk og. Og dette må me altså til Sverige for å finna?

I tillegg kom eg også over ei fantastisk kjelde til pedagogisk digitalt materiale. Länkskafferiet er jo som ein formel 1-bil å rekna i høve til vår eigen Fiat Punto…eller skolenettet.no som dei i Utdanningsdepartementet har velt å kalla det. Nei Solhjell…her må du kasta sølvpussekluten og ta fram ein skikkeleg skureklut. For det trengs ein oppvask av solide dimensjonar! Og eg har løysinga for 26 av desse håpefulle. Det er berre det at dersom dei skal få merka noko til denne satsinga før dei vaknar opp att frå russefylla, så treng eg nok hjelp frå oven.

Har vi noko val?

Kristin Clemet har skrive ein artikkel i Aftenposten der ho set fokus på valprosessen i USA vs. Noreg. Dvs. korleis ein til slutt står att med ei liste kanditatar som er aktuelle til val.

Ho trekk fram den nyleg avslutta valprosessen i USA. For uinnvidde er prosessen i korte trekk slik (visualisert);

[youtube:v=Dmwyop8mKXw]

Altså ikkje heilt likt som her til lands. Amerikanske velgjarar har større påvirkningskraft på kandidatane enn det vi har her til lands.

No skal det seiast at eg ikkje meiner at USA har ein perfekt modell for korleis ein skal velgje sine tillitsvalde for å styra landet i dei neste fire åra. Milliardforbruk på kampanjar er ikkje heilt min smak. Men meir om det seinare.

Eg seier berre at Noreg sitt system kan, og bør gjerast betre for å unngå den verste politikarforakta som eg tidlegare har vore såvidt borti. Eg omtalte det då som ei distansering frå det verkelege livet, men ein kunne altså like gjerne ha kalla det politikarforakt.

Det er kun eit lite antall personar som velgjer ut dei listene me som velgjarar kan røysta på. Det er heller ikkje på plass nokon slags form for mekanisme for å unngå at politikarane me velgjer vert sementert i dei posisjonane dei får.

Om ein klikker litt inn på relevante sider på nettet, kan ein finna nokre ord om korleis listene me kan stemma på vert sett saman;

Man stemmer på lister med kandidater fra de enkelte partiene. Hvem som skal stå på listen til de forskjellige partiene, er det deltakerne på partiets nominasjonsmøte som avgjør. Selv om velgerne kan «rette på stemmesedlene» ved å endre rekkefølgen på kandidatenes navn og stryke kandidater, er det i praksis små muligheter for å påvirke personsammensetningen. Den rekkefølgen partiene har satt opp, blir helt avgjørende.
Stortinget.no

Her seiest det jo akkurat det eg er oppteken av. Det same er Kristin Clemet når ho omtalar det ho kallar politisk innavl.

Det er altså en stadig mindre klikk som bestemmer hvem som skal få være politikere. Da er det kanskje ikke så rart at det kan bli mye «innavl», flere karrièrepolitikere og en sterk profesjonalisering av politikken. Generøs statlig finansiering av partiene bidrar antagelig heller ikke til at det luftes mye ut. I stedet eser det ut.
Kristin Clemet

Setje bukken til å passe havresekken altså? Om ikkje anna, så har ein i alle fall lasta havresekken godt fast til ryggen på bukken!

Det er skremande å ta inn nok eit eksempel frå USA her kjenner eg, men det får heller gå. Ein god idé kan jo like gjerne dukke opp frå den kanten. Fakta er at senatorane i USA vert rullert i periodar på seks år. Kvart andre år er det val på 1/3 av dei tillitsvalde i senatet. Dette medfører i teorien ei rullering av embeta, og burde medføra ei sunn utlufting.

Eg trur også slikt ikkje berre er bra for å unngå profesjonalisering av politikarrolla. I tillegg ser eg det som ein naturleg reaksjon at dette ville resultert i større interesse for politikk hjå folk flest.

Kristin Clemet skriv også nokre ord om det føreståande valet her til lands;

I 2009 er det stortingsvalg. I månedene som kommer, skal partiene nominere sine kandidater. Da bør partiene åpne seg mer opp. De behøver ikke å kopiere USA og innføre åpne primærvalg med flagg, konfetti og ballonger. Relativt enkle tiltak kan gjøre den norske nominasjonsprosessen mer inkluderende, demokratisk og interessant for folk flest.
Kristin Clemet

Innføring av konfetti og ballonger ville i alle fall for min del medført at eg hadde fått endå mindre sans for politikken. Barack Obama har sett ein voldsom rekord i innsamla kronasjar i år. Og eg trur han kan prisa seg lukkeleg for at han valde å ikkje gå for ein statsfinansiert, og dermed avgrensa kampanje. Mellom anna VG melder om at Obamas kampanje har passert ikkje mindre enn 7 milliardar kroner i innsamla private middel. Det skal jo seiast at han i hovudvalrunden likevel tok i mot offentleg finansiering. Men trass i dette har han likevel sett ny rekord for private donasjonar til sin valkamp.

Ironien i debatten om offentleg finansiering, er jo at John McCain takka ja til dette. Han som jo er for privatisering.

Til slutt ein liten video av Obama’s visepresidentkandidat Joe Biden. Ho vert intervjua av WFTV si Barbara West. Høgdepunktet er ca. 4 minutt og 24 sekund ut i videosnutten der Ms. West synes ein framifrå observasjonsevne av verda omkring seg!

[youtube:v=TW_wQgWviZ8]

UlogIsK skulepoliTikk

Ein har i fire år no hatt ei satsing på IKT i skulen, Digital kompetanse 2004-2008. Denne skal snart fasast ut, men eg må seie at eg ikkje er særleg imponert over det som har skjedd dei siste fire åra sidan eg tok til på mi lærarutdanning. Som eksempel på nokre av hovudutfordringane programmet har hatt, kan mellom anna desse nemnast;

  • utvikle digital kompetanse gjennom daglig bruk i læringsarbeidet
  • utvikle læreres og skolelederes digitale kompetanse

Flotte ord. Som vanleg når planar kjem frå statleg hald. Men det er mest alt det er!

Ok…så er eg i den heldige situasjon at eg har projektor i klasserommet. Eg har og høve til å gje kvar elev i gruppa mi ei datamaskin kvar…to timar i veka. Eg kan ikkje anna enn å gjenta at eg ikkje er særleg imponert. Me bur trass alt i eit av verdas rikaste land og burde ha råd til å sørge for at skuleborna får den digitale kompetansen dei treng i livet utanfor skulen. For det er noko som ikkje heilt gjev meining på dette området…

Youtube og Facebook er to døme på farsottar som har spreia seg voldsomt på Internett i den seinare tid. Det som diverre ser ut til å vera skulane sin reaksjon på dette, er å sperra sidene for borna når dei er på skulen og nyttar seg av skulen si nettilkopling. Men kva med tida dei er på når dei ikkje er på skulen?

Eg tek vel ikkje i om eg seier at eg ser på meg sjølv som ein tålig greit digitalt kompetent ung mann, og er såleis godt representert på begge av dei nemnde nettsamfunna. Heilt sidan min fyrste praksis i 2004 har eg vorte spurd av elevar om eg «har MSN?». Dette skjer i 2008 og, men i tillegg er ei erfaring eg har gjort meg at elevar som er under Facebooks lågast godkjende alder for registrering på deira nettsamfunn, har forsøkt å leggje meg til som ven her.

Youtube har ein liknande avtale for bruk som du godkjenner når du oppretter konto her.

«In any case, you affirm that you are over the age of 13, as the YouTube Website is not intended for children under 13. If you are under 13 years of age, then please do not use the YouTube Website.»

Trass i dette har eg motteke kommentarar og invitasjonar til å verte ven med born som er under denne alderen på begge desse foruma. Eg har difor kome fram til at det er nokre spørsmål ein må tenkje på angåande dette:

  • Kva skal ein som lærar gjera i slike situasjonar? Korleis vil eleven reagere om du som lærar ikkje vil vera ven med han/ho?
  • Skal ein kanskje akseptera førespurnaden? Korleis vil då foreldra reagere om dei får greie på det? (Det er vel ikkje sjølvsagt at den mindreårige poden har nevnt for foreldra at Facebook er ein stad han/ho «heng»…)
  • Kvifor har eg ikkje lært noko som helst angåande dette under mi fireårige utdanning til fleire hundre tusen norske oljekroner?
  • Kvifor har eg ikkje kome over nokre råd frå Utdanningsdirektoratet angåande denne tematikken?
  • Skal elevane finna ut av desse spørsmåla på eiga hand, medan skulane, med kommuneadministrasjonane i spissen, stengjer ned nettstader som «ikkje er passande i ein undervisningssituasjon»?

Ironisk nok er sjefen sjølv og mannen som er ansvarlig for ståa i skulen sjølv på Facebook, og jammen er ikkje også Jensemann å finna på Youtube og. Vil dette seia at Facebook ikkje er sperra på Stortinget? Sjølvsagt er dette hendig når han må inn å sjekka kva kaviar Kjetil og Kari valde seg på bryllupsreisa!

Eg tenkjer i mitt stille sinn at i desse raudknapp-tider…er det ikkje desto viktigare at me lærer elevane korleis dei kan ferdast trygt i Internettjungelen, framfor å stenga ned tenester som dei likevel kan nytte seg av på datamaskina heime?

Spraag i de nordiske lande

Eg har lyst til å kome med nokre tankar omkring det nynorske språket i eit verdsperspektiv no. Bakgrunnen er at eg gjekk og høyrde på Språkteigen si sending frå den 26.10 på veg til arbeid i dag. Etter kvart kom dei inn på eit tema som ein kanskje kan kalla det norske språk i verda?

Ei rekkje institusjonar, her i Noreg representert av HiB, er med på eit EU-sponsa prosjekt som er kalla Double Bubble. Målet, eller måla til dette prosjektet er slik;

• å vekke interesse for språkene tysk, svensk, norsk, dansk og islandsk.
• å bruke lekende og overraskende metoder for språkinnlæring.
• å øke interessen for språkkurs.
• å nå fram til målgruppen, unge mennesker mellom 18 og 30 år.

Prosjektet tek sikte på å nå dei i aldersgruppa 18 til 30 år som kanskje ikkje er særs interessert i å læra språk. Det er og snakk om dei framandspråka som kanskje ligg nærast opp til Norsk. Slik sett passar kanskje ikkje tankane mine heilt inn, men eg trur likevel at desse funderingane mine har eit poeng. Men la oss høyre litt på kva det går i når dei snakkar om å læra andre språk;

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2008/10/sprache.mp3]

Bilete er CC-lisensiert og henta frå http://farm1.static.flickr.com/50/149172094_f4a814bf30.jpg?v=0Det eg tykkjer er mest interessant her er noko av det siste som vert sagt:

«…utnyttar du den språkkompetansen som du sit inne med frå tidlegare. Det er nokre grammatiske strukturar som har inne i deg og som du utnyttar.»

For det er akkurat dette eg tenkjer på når eg meiner at det å læra nynorsk som hovudmål vil vera ein ufatteleg fordel for alle når ein seinare skal ta til å læra andra språk. Eg er diverre ingen forskar og kan sjølvsagt ikkje dokumentera noko slikt. Men så kan ein spørje seg…må ein vera doktor for å forstå at ein må ete for å overleve? Eg har altså ei magekjensle, og den seier meg at om ein lærer nynorsk som hovudmål i Noreg i dag så vil ein oppnå fleire effektar;

  • ein får større ordforråd
  • ein får bokmål «gratis»
  • ein får større evne til å forstå andre dialektar/språk
  • ein får betre evne til å fungere språkleg i samfunnet

Med tanke på at fleirspråkleg kompetanse er meir og meir etterspurd i arbeidsmarknaden no til dags, kan eg verkeleg ikkje skjøna at ein ikkje skulle ville ynskje å kunne fleire språk antan dette no er nynorsk, bokmål, samisk, teiknspråk, svensk, engelsk, tysk, fransk, spansk eller for den del arabisk!

Med andre ord; Go nynorsk!

Nye Tonstad skule

Eg må seie at det er trist å høyre at Rådmannen har vorte «vandt» til kritikk. Det kan ikkje vera mykje grei jobb å ha om ein opplever engasjement og konstruktiver kommentarar som kritikk.

For eg trur neppe dei frammøtte i Kommunestyresalen hadde troppa opp for å koma med kritikk til Rådmannen. At engasjementet var stort og innspela mange kunne ein jo merka seg i etterkant av møtet, noko eg er sikker på at både KrF og Høgre sine representantar opplevde. Det var derfor ikkje berre blandt foreldra at den plutselege amputasjonen av møtet frå Rådmannen si side opplevdes noko merkeleg! Til opplysning kan eg minna Rådmannen om det ein kanskje kan kalla den Sirdalske ånd…det er rett og slett ikkje kultur her i kommunen å reisa seg i ei forsamling og ta ordet, og spesielt ikkje når ein for 30 sekund sidan fekk framlagd eit prosjekt i mangemillionarsklassen og altså endå ikkje heilt har klart å fordøya nettopp det.

Når ein driv med utdanning er ein heile tida på jakt etter å gjera ting betre. Eit velkjend omgrep innanfor pedagogiske kretsar er «heilskapeleg skuleutvikling». Omgrepet spelar nok i fyrste rekke på å utvikle pedagogiske prinsipp, men det er vel ikkje heilt unaturleg å utvide dette til å gjelde også andre sider av skulekvardagen når det er snakk om å byggja ein ny skule.

Ei av desse sidene som Rådmannen tydeligvis vart gjort merksam på var symjebassenget. Eg må i forbifarten berre nevne at eg må dra litt på smilebåndet når Sirdal kommune legg opp til to symjebasseng, medan dei fleire andre stadar i landet må reise bort frå skueln for å få den grunnleggjande opplæringa.

Uansett. Utdanningsdirektoratet har publisert nokre føresegner omkring forsvarlig svømme- og livreddingsopplæring i grunnskoleopplæringen. Dette er interessant lesing. I punkt 4.1 som går på tryggleiken under sjølve undervisninga kan ein lesa;

Ved begynneropplæring skal det alltid være minst 2 tilsynspersoner til stede. Dersom
gruppen er større enn 15 elever, skal tilsynet økes med en voksen tilsynsperson for hver
påbegynt gruppe med 15. jf. § 12-1 bokstav b.

Når elevene er svømmedyktige, og det ellers ikke er spesielle problem med opplæringen i
den aktuelle gruppen, kan en tilsynspersonen ha både undervisning og tilsyn med inntil
15 elever.

Når det er forhold som gjør opplæringen særlig vanskelig og/eller setter sikkerheten i
fare, skal tilsynet styrkes. Det kan eksempelvis være elever som trenger særskilt
tilrettelegging og ekstra tilsyn, for eksempel elever med vannskrekk, epilepsi, nedsatt
funksjonsevne, elever som viser utagerende atferd eller elever som det av andre grunner
må tas særlige hensyn til. Da kan det være aktuelt å ha med assistenter, se 4.2.
Assistentene kommer i tillegg til personer som har tilsyn og kan ikke erstatte disse.

Ryktet seier at det er eit problem å få lærarar på plass i skuleverket i dag. Men i Sirdal er tydeligvis ikkje dette noko problem då dei smeller til med to basseng, noko som medfører eit høgare krav til at det skal vera tilsynspersonar til stades. Eg meinte å lesa at det var vondt å få tak i lærarar til Tonstad skule tidlegar i år, men det er fullt mogleg at eg hugsar feil.

Kommunen har planar om å byggje eit ekstra basseng for stuping. Dette må ha ein viss djupnad. Etter det eg har fått med meg, vil dette vera så djupt at ikkje ein gong vaksne kan trø i botnen her. Rekk opp handa alle som føler seg trygge til å motta læring når dei ikkje er trygge på om dei kan trø i botnen. Tenk så på om den vesle poden din er annleis innretta enn deg…

Men som Rådmannen seier, så er det «forlengst gjort fatta vedtak på korleis det skal vere.» Mon tru om han har teke slike ting inn over seg då han avgjorde bassengspørsmålet?

Heldigvis er skulen så mykje meir enn symjeopplæring. Ein skal ikkje berre kunne overleve i vatn, men og i samfunnet ellers. Det er jo mogleg at arkitektane, byggekommiteen og Rådmannen har vore i dialog med andre skular i landet eller utlandet for å hauste erfaringar, men om dette ikkje skulle vera tilfelle vil eg berre vere på den sikre sida og opplyse litt omkring dei erfaringane eg sjølv har gjort meg.

Eg er så heldig å arbeide på ein skule som berre er to år gamal. Denne har store likhetstrekk med dei planane som var presentert på Tonstad i går, og eg ser det difor ikkje som uaktuelle erfaringar. Fyrst litt om min skule. To og to baserom deler inngang. Alle baserom soknar inn til eit amfi der ein har musikk og skulesamlingar. I annakvart baserom er det og tre grupperom i bakkant. Mellom baseromma er det skyvedører i glass. Dørene ut til amfiet er skyvedører som går frå golv til tak. Desse er og i glas. Amfiet har og store, åpne glassflater som slepp inn mykje lys.

Ut i frå ein arkitektonisk ståstad, er det klart at glas er flott. Det har sjølvsagt og vore ei utvikling i glas sidan dagens skule vart bygd. Men likevel…

Erfaringane eg har gjort meg tilseier at fleire sider ved å nytte glas vert ignorert.

  • varme/kulde

Basrom i sør vil, om ein ikkje sjekkar opp dette, ha eit potensiale for å verte ufatteleg varmt når sola står på. Luftingsanlegg kan sjølvsagt hjelpa på dette, men med tanke på det miljøfokuset som er no til dags er verkeleg ei slik løysing rett? Dette både med tanke på at det kostar å drifta slik, og at ein i staden kunne satsa på å jobbe med naturen og ikkje mot han. Eit skuleeksempel kan sjåast i Grong.

  • innsyn/utsyn

Små born har ikkje same evne som vaksne til å halda fokus, og som også Marianne Hompland nemner, så er det ikkje alltid like lett å dra merksemda til elevane dit han skal vera. Dette har eg sjølv følt på kroppen, og resultatet er at eg i mitt klasserom har «tapetsert» heile glasdørene for å hindre nettopp innsyn/utsyn. Det vert eit heilt unødigt fokus på «kva dei andre gjer» med slikt.

  • lyd

No er det heldigvis lagd opp til at musikken skal føregå i eit eige rom på Tonstad, og ikkje i eit amfi slik som på min arbeidsstad. Likevel vil det vera mykje aktivitet ute i fellesområda som igjen vil skapa lyd. Glas er ikkje så lyddempande som ein vegg, og at eit bibliotek vert lagd i eit åpe landskap kan vera uheldig kanskje spesielt i ein situasjon med mykje gjennomgang.

  • vedlikehald

Det seier seg sjølv at det vil krevja meir vedlikehald av vindauge enn av ein vegg.

  • knusbart

Eg har sjølv erfart å gå gjennom ei glasrute med det resultat at øyret vart delt i to og vil ikkje oppmode folk om å teste ut slikt. Glas er rett og slett ikkje risikofritt. Det er og dyrt å erstatte, og ein kan heller ikkje sparka ein ball mot det. No har fotballen endra seg ein god del frå då eg sjølv gjekk på skule, men gleda over å sparka ein ball i veggen vil eg tru er like stor no som då.

At arkitekane ser det som eit poeng å opna opp skulen er jo flott. Men i ein skule, og då kanskje spesielt på ein barneskule, har dei ein tendens til å dekorera klasseroma. Om ein har vore inne på ein tenåring sitt soverom, vil ein sjå at veggane er fulle av plakatar der og. Slik sett synest det i alle fall for meg som lite pedagogisk å nytta glas i utforminga av klasseroma. Born treng å uttrykka seg. Kvifor ikkje gje dei ein vegg dei kan skriva på? Det er jo ein ting som mange har stor glede av i staden for å skriva «for seg sjølv» i ei bok!

Å sleppe inn lys er altså vel og bra, men med ei satsing på digital kompetanse vonar eg at kommunen set ein projektor i kvart klasserom. Ein må jo då i det minste få opp gardin slik at ein kan nytta ein slik i undervisninga. Eg  er så heldig å ha slikt verkty å nytta meg av, og det er ei heilt anna verd enn den skulen eg sjølv vaks opp i. Skal skulen sjå bort i frå at verda utanfor dei flotte glasveggane i stor grad nyttar seg av digitale verkty, eller er dette noko ein i staden burde ta inn over seg og utnytte for alt det er verdt? Eg er sikker på at fleire vil vera einige i at SMS har hatt ein klar innverknad i skriftspråkutviklinga. Ik snt? Så kvifor skal ein då skilje denne «verda» frå skulekvardagen?

Eg må og seie at det er litt sørgeleg å registrere korleis prosessen har vore fram til no. Og eg vil nok ein gong støtte Marianne når ho seier at kommunens innbyggjarar igjen har vorte overkjørt! Kvifor sluttar aldri denne praksisen? Kven er det som ikkje lærar av sine «feil»?

Og til slutt, for at Rådmannen ikkje skal verte for lei seg over all «kritikken» eg kjem med, vil eg avsluttningsvis nevne at arbeidsroma for lærarane hadde mange flotte forslag til løysningar!

Presentasjonen av forprosjektet [PDF]

Skuleverket på tiltalebenken for mord…

I mi studietid i Volda var eg på ei førelesning der førelesaren fortalte om korleis det ville ha vore om ein i frå 1800-talet tok ei tidsreise fram til i dag. For å gjera ei lang historie kort, endte det opp med at dei tre einaste institusjonane personen ville kjend seg att i var

  • helsevesenet
  • kyrkja
  • skuleverket

I dag kom eg over bloggen til Thomas Moen der han hadde referert til ein video med ein herre ved navn sir Ken Robinson der han held ein tale på TED-talks, ein konferanse der ein tek opp tema som teknologi, underhaldning og design. Dette er ein video for alle foreldre og lærarar som er interessert i at podane skal verte anna enn det som Mr. Robinson omtalar som profesorar. Han støttar også opp om det som Fredrik Hären tok opp på kunnskapens dag i fjor haust. Nyt dei neste 20 minutta med dette geniale føredraget:

[youtube:v=iG9CE55wbtY]

Politikkens verd?

TV2 Nyhetskanalen melder i kveld om ei skulesatsing i statsbudsjettet som er oppskrytt. Samtidig kan Spetalen skule i Råde kommune opplysa om at dei har lånt solid utdaterte skulebøker frå nabokommunen, at dei har kutta ut skulefrukt og at vikarar ikkje vert hyra inn når det er naudsynt med slikt. Dette høyrest kjend ut.

Og nettopp dette gjer at min tanke om at politikarar som har hatt for mange år på Stortinget vert styrka. Det opplevest for ein simpel arbeidsmaur meir og meir som om desse som me har velt å styre skuta for oss ikkje lenger har omgrep om kva dei skal styre.