Denne gongen frå kajakktur med Natura. Trykk deg inn i galleriet, eller klikk på lenkja her.
12.05.07…ein merkedag
Det måtte jo hende før eller seinare. Og kan hende det var greit at det hende akkurat i dag, sjølv om det var litt for mykje folk til stades under seansen. Men faktum er at idag er dagen då unge Sinnes elegant la seg på sida og tippa rundt i kajakk. Og ikkje nok med det. I førekant, hadde eg sendt avgarde kajakk på kajakk til sjøs med trygg formaning om at ein ikkje kom til å kvelva. Men sjølv, som siste mann ut på den blåe, blikk stille flata, og med baugen fortsatt ein halv meter inne på land krenga kajakken elegant mot venstre og vips så vart verda merkeleg mørk grøn og litt for kald. Og ute på fjorden låg elleve av mine sampadlarar og kunne skua inn på det heile. Flaut? Det er vel ikkje å stikke under ein stol nei.
Men skal ein leite etter årsaker, og det skal ein vel gjerne i sjøfartsulykker…..ha ei sjøforklaring liksom, så må det vel vere at eg som den einaste var nøydt til å kome meg sjølv uti vatnet, medan samtlige andre hadde fått skubbehjelp. Når då baugen heng godt over vassoverflata og balanserer på sin smalaste egg…ja då kunne det knapt nok ikkje ha gjenge annleis.
Lukkelegvis hadde eg av ei eller anna årsak teke med meg delvis nytt skift, så etter å ha kava nokre minutt i vatnet for å prøve å kome meg opp att på land, forbi det supersleipe området nedst på landgangen, kom eg meg i det minste inn i litt mindre blaute klede. Og så kunne omsider Naturas padletur våren 2007 ta fatt. (noko som jo også vart ein suksess om eg skal seie det sjølv).
(og om nokon skulle ha kjennskap til korleis det er å få dekka eit småblaut videokamera og mobiltelefon på reiseforsikring, så tek eg imot tips med glede) 😉
Om progresjon…
Eg kom akkurat fram til følgjande:
Det gavnar ikkje menneskeheita å la folk som i dag sit i maktposisjonar styra utvikling. Rett og slett fordi dei sjølv har for store eigeninteressar til å gjere valg som dei sjølv ikkje likar. Og i og med at 20% av verda, nyttar 80% av ressursane, samt at mennesket nok diverre må seiast å vere grunnleggjande egoistisk, så er det rett og slett ikkje eit sjakktrekk for verdas utvikling å settje bukken til å passe havresekken.
Nokre glimt frå påskeferien..
Dag 2…
Klar for bikinisesongen…
Vel…ikkje endå, men det kjem seg. Utan at eg vil plassera meg i ein kategori som bevisst gjeng inn for å ha ein topptrimma kropp til strandlivet i sommar (både fordi eg ikkje er noka strandløve, men og for at jeg nok kjem til å bevega meg ålemjukt mellom hesjer på Sinnes i år som i fjor, og året før der, og året før der…..), så har eg i det minste vore uvanleg aktiv i det siste. Det siste året har eg vore litt småbekymra for mi høgre ogle (les: ankel), og sjølv om ho er dobbelt så stor som den på andre foten endå, har eg vel kome til det, at det no har gått såpassa lang tid at eg ikkje gjer det verre med å vere litt i aktivitet.
Så då eg vakna i dag fann eg ut at idag var dagen for ei ekstra sprell sånn fysisk sett. Difor snøra eg mine spanskimporterte joggesko, og la på sprang rundt Rotevatnet i 10-tida. Herleg lite folk ute på den tida av døgnet, og når det i tillegg er heilt vindstille vert det mest ikkje ein tortur mot seg sjølv å gjere slikt. Den magiske slutttida? Jfr. bileta under…
Lokalkjennskap
Det tok meg berre snaue tre år, men omsider kom eg meg over på andre sida av fjorden. I dag tok eg rett og slett og skulka skulen for å ta ein tur med ferga til Lauvstad med vidare sikte på Hoddevika og Vestkapp på Stadtlandet. Det var godt å få utvida min lokalkjennskap om Sunnmøre…
[youtube 5En2MQCQy9Y]
Bilete litt også i galleriet mitt.
Vips så var det mai
Ein får jo nesten ikkje summa seg lenger før ein månad er over. Kva hendte eigentleg i april? Påskeferie, nokre dagars gruing til forprøvar, og så var det dokfilm. Og det var vel eigentleg det sånn kort oppsummert.
Dreiv litt dugnadsarbeid for Janne i dag, og vart sittjande å glo på mikrofilm av Stavanger Aftenblad frå 1962. Undervegs fann eg jaggu også nokre artiklar heimanifrå! 🙂 Artig.
Stressa kvardag
Ny dimensjon
Og medan eg er i siget, kan eg jo nemne at eg har sett opp mi stasjonære datamskin med noko som er kjend som Beryl. Med dette lekre stykket programvare, kan eg få meg all slags imponerande effektar på skrivebordet…ja det er til og med nokre nyttige der. 🙂 Ta ein kikk på videoen nedanfor om du vil sjå kva du kan få med å bruke Linux på den datamaskina du allereie har, før du stikk avgarde og kjøpar ny med det 2#%»&#¤%» Window$ Vi$ta.
[youtube pohPok66wvg]